Vil ha akademisk boikott av Israel

– Ein akademisk boikott for å stansa apartheidstaten Israel vil tvinga seg fram, meiner Espen Bjertness, som er professor ved Seksjon for førebyggjande medisin og epidemiologi. Han meiner dei akademiske institusjonane må protestera mot bombinga og bakkeinvasjonen av Gaza-stripa.

AKADEMISK BOIKOTT: – Eg har enno ikkje sett store protestar frå israelske akademikarar mot okkupasjonen eller den krigen som går føre seg. Ein akademisk boikott for å stansa apartheidregimet vil tvinga seg fram, trur medisinprofessor Espen Bjertness.   

– Eg er heilt ueinig med kulturminister Trond Giske som meiner at me bør auka det kulturelle og akademiske samarbeidet med Israel i staden for å boikotta. Viss det er for at me skal kunna fortelja israelske kulturarbeidarar og akademikarar om korleis dei palestinske kollegaene deira i alle år har lidd under den israelske okkupasjonen, er eg heilt overtydd om at det klarer dei å finna ut på eiga hand, om dei er interesserte i det, seier professor Espen Bjertness. Han har vore koordinator for samarbeid med palestinske institusjonar sidan 1994.

– Eg har enno ikkje sett store protestar frå israelske akademikarar mot okkupasjonen eller krigføringa. Kor lenge skal me venta på at den gruppa med israelarar som me vel å tru er mest kritiske til Israels politikk, kjem med ei konkret fordøming av overgrepa og støtte til palestinske kollegaer, før me reagerer? spør han.

Han er sikker på at Noreg går litt stille i dørene akkurat no, fordi landet ikkje ynskjer å trakka nokon av partane på tærne.
– Norske politikarar håpar at Noreg skal få ei rolle som fredsmeklar i konflikten. Dei tenkjer mange tiår framover for å finna ut kva land det vil lønna seg å vera på god fot med, meiner Bjertness.

– Protesterer mot bombinga av universitet

Han synest at Universitetet i Oslo bør protestera mot bombinga av Det islamske universitet i Gaza, sidan begge universiteta er med i organisasjonen PEACE, eit samarbeidsorgan mellom palestinske og fleire europeiske universitet.
– UiO har ikkje reagert, men som tilsett ved ein utdanningsinstitusjon vil eg på eigne vegner, i eit allmennmoralsk perspektiv, seia til dei israelske styresmaktene at eg protesterer mot bombinga av ein akademisk institusjon, og sjølvsagt også mot dei generelle maktovergrepa i Gaza, seier han.

UiO har samarbeidt med palestinske institusjonar sidan 1994.
– Den første spiren til samarbeid byrja med at medisinstudentar kunne dra på utveksling til Gaza. Men tidlegare rektor ved Universitetet i Oslo, Lucy Smith, blei den offisielle døropnaren for det akademiske samarbeidet mellom palestinske og norske universitet, då ho og ein delegasjon frå fleire av fakulteta ved UiO var på ei rundreise i dei okkuperte palestinske områda i 1994. Det førte seinare til at me fekk avtalar innanfor forsking og høgare utdanning både med Bir Zeit-universitetet i Ramallah og Hebron-universitetet. UiO var det aller første utanlandske universitetet som skreiv under på ein avtale om forskingssamarbeid med Hebron-universitetet. Og me var også blant dei første som starta å samarbeida med Institute for Community and Public Health ved Bir Zeit, fortel Bjertness. 
Han har koordinert mykje av dette samarbeidet og er imponert over det dei palestinske universiteta har klart å få til.
 

– Utanlandske universitet har stått i kø for å få ein avtale med Bir Zeit. Og universitetsleiinga har vore så smarte at dei målmedvite har satsa på å senda dei beste stipendiatane sine innanfor kvart fagområde i samfunnsmedisin til solide universitet i verda. På denne måten har dei bygd opp eit eige masterstudium i folkehelse ved Bir Zeit. Dei har ein ferdig doktorkandidat i helseøkonomi frå universitetet i Marseille. Hos oss ved Seksjon for epidemiologi og førebyggjande medisin har me hjelpt til med å byggja opp eit senter for epidemiologisk forsking med Bir Zeit, med to ferdige doktorkandidatar og ein som snart er ferdig. Ved Hebron-universitetet har me satsa på oppbygging av eit senter i arbeidsmedisin med ein ferdig doktorstipendiat og to som er undervegs. – Me har også utdanna ein stipendiat frå Gaza Community Mental Health Programme. Heldigvis er han for tida postdoktorstipendiat i Canada. Dei israelske åtaka har også treft arbeidsplassen hans, fortel han.

– I forskingsfronten

Tre av dei tidlegare stipendiatane er blitt rettleiarar for nye doktorstudentar ved sin eigen institusjon.
– Det var også det som var tanken vår heilt frå byrjinga, fortel han. Bjertness synest også forskingssamarbeidet gir store fordelar for forskarane frå Universitetet i Oslo.
– Me har prosjekt i den internasjonale forskingsfronten, mellom anna innanfor arbeidshelse, og ei rekkje artiklar i høgt rangerte tidsskrift, understrekar han. Men han ser at mismotet no senkar seg over dei palestinske forskarane.
– Dei har i lang tid hatt for mange hindringar til å kunna utøva dei akademiske oppgåvene sine. Den viktigaste hindringa er mangelen på fridom, og periodevis stengde universitet, vegsperringar og forbod mot å reisa til andre palestinske område. Når det tar to timar i staden for tjue minuttar å dra frå Jerusalem til Bir Zeit, vil somme heller finna ein ikkje-akademisk jobb i Jerusalem. Forsøk å tenkja deg at du ynskjer å møta kollegaer ved Universitetet i Bergen., og det moglege er då å reisa til London. Men viss du er under 35 år, får du ikkje lov til å reisa frå Gardermoen, men må kjøra bil til Stockholm for så å ta fly til London, illustrerer han.

 

Emneord: Palestina Av Martin Toft
Publisert 19. jan. 2009 16:28 - Sist endra 19. jan. 2009 16:44

Godt initiativ. Dette må også fagforeiningane for dei tilsette ved UiO og studentforeinigane stø.

janesk@uio.no - 20. jan. 2009 21:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere