Rettferd er ikkje alltid rettferdig

Er det rettferdig at Noreg kan kjøpa opp klimakvotar i utlandet for å sleppa å setja i verk tiltak som kan avgrensa våre eigne utslepp? Dette er eit av spørsmåla som blir tatt opp i boka ”Rettferdighet”, som UiO-professorane Beatrice Halsaa og Anne Hellum har vore redaktørar for.  

NY RETTFERD: – Samfunnsutviklinga i Noreg og i resten av verda har gitt oss behov for å finna nye rettferdsomgrep, meiner Beatrice Halsaa (t.v.)og Anne Hellum som er redaktørar for boka ”Rettferdighet”.

Foto: Martin Toft

I den globale verda vår dukkar det opp nye spørsmål om rettferd. Det handlar om rettferdig fordeling av ressursar, rettferdig fordeling av rikdomen i eit land, rettferdig fordeling av ansvar for barna når foreldre går frå kvarandre og om å ta omsyn til barna i saker der foreldre blir frådømde retten til å opphalda seg i Noreg.

Desse og mange andre viktige spørsmål blir tatt opp i boka ”Rettferdighet”, som nyleg kom ut på Universitetsforlaget. Redaktørane Beatrice Halsaa og Anne Hellum arbeider ved høvesvis Senter for tverrfagleg kjønnsforsking og Institutt for offentleg rett ved UiO.

– Retten til å delta i samfunnet

– Samfunnsutviklinga i Noreg og i resten av verda har gitt oss behov for å finna nye rettferdsomgrep. Det handlar mykje om at like tilfelle skal handsamast likt, seier Halsaa og Hellum.

– I dag handlar rettferd mykje om at me anerkjenner kvarandre for dei me er, sjølv om me er forskjellige. Retten til å delta i samfunnet gjeld for alle norske statsborgarar uavhengig av bakgrunn. Spørsmålet er om denne retten er reell, peikar Halsaa på.

Akkurat det problemet har dei fått Noregs første stortingsrepresentant med pakistansk bakgrunn, Afshan Rafiq, til å skriva ein artikkel om. Også kjende akademikarar som sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen, økonomen Kalle Moene og juristen Ragnhild Hennum har kome med bidrag.

– Me tykte det var viktig også å få inn tekstar som diskuterer rettferd på eit individuelt nivå og tar opp ansvaret til den einskilde. Det gjer til dømes sokneprest Elisabeth Thorsen. Ho er sjelesørgjar både for dei rikaste og dei fattigaste i Oslo og knyter rettferd til utsegna om at himmelriket høyrer dei fattige til. Alle ber på ein fattigdom som også kan delast, skriv ho.

Tidlegare stortingsrepresentant Afshan Rafiq fortel om vanskane som møtte henne som norskpakistansk politikar. Dessutan trekkjer Peter Normann Waage inn korleis rettferdig vreide kjem til uttrykk i romanane til den russiske forfattaren Fjodor Dostojevskij, og hos Platon, fortel Halsaa og Hennum.

”Je tar aille sju. Itte no’ knussel!”

I innleiinga si tar dei utgangspunkt i den norske forteljinga ”Itte no’ knussel” av Barbara Ring (1909). Historia handlar om den rike enkja Marte Svennerud som bestemmer seg for å ta seg av ein foreldrelaus syskenflokk med orda ”Je tar aille sju. Itte no’ knussel!”

– På den tida var det vanleg at dei mest velståande familiane i ei bygd tok seg av barn som blei utan foreldre. I utgangspunktet var det meininga å fordela desse sju ungane på forskjellige familiar i bygda. Men alle sju ville gjerne til Marte Svennerud, og ho respekterte deira rett til å seia det dei meinte. Så oppfylte ho ynsket deira med å seia ja til å ta seg av alle. I denne historia blir rettferd både å høyra og behandla alle likt. Alle fekk koma til Marte Svennerud, fortel Hennum og Halsaa.

I boka skriv dei at rettferd rommar ein dobbelt respekt: respekten for legaliteten i samfunnet og likskapen mellom individa. Rettferdig er den som opptrer i samsvar med lova og med respekt for likskapen. Likskap for lova og fridom frå diskriminering og undertrykking er i dag berebjelkane i dei fleste internasjonale, nasjonale og regionale rettsprinsippa. Det er nok å visa til mellom andre FNs menneskerettserklæring frå 1948 og Den europeiske menneskerettskonvensjonen, understrekar dei i innleiingskapittelet i boka.

Rettferdig oppkjøp av klimakvotar?

Hellum og Halsaa ser likevel mange dilemma.
– I dag bur ei rekkje personar utan statsborgarskap i Noreg. Dei har også behov for sosiale gode. Kva vil rettferd seia for dei? Og kva rettferd finst det for barn når foreldra blir utviste frå Noreg av allmennpreventive omsyn. Og er det rettferdig atNoreg kan kjøpa opp klimakvotar i utlandet for å lata vera å setja i verk tiltak som kan redusera forureininga i vårt eige land? Dette er nokre av dei tema som boka tar opp og som me ynskjer oss debatt om, understrekar Halsaa og Hellum.

Boka går inn i forskingsprosjektet CULCOMs serie om samfunnsmessige grunnomgrep og kva dei har å seia i eit raskt skiftande landskap prega av fleirkulturalitet, transnasjonalisme og globalisering.


 

Emneord: Internasjonalisering, Jus, Forskningsformidling, Likestilling Av Martin Toft
Publisert 17. feb. 2010 13:52 - Sist endra 17. feb. 2010 14:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere