– Ta plass på Siebkes benk!

I går vart Siebkes skiferbenk offisielt innvigd og teken i bruk ved Fjellhagen i Botanisk hage på Tøyen. Benken er  kalla opp etter Johan Siebke som var «botanisk gartner» (overgartnar) i Botanisk hage frå 1813.

OPNA SIEBKES BENK: Geolog Anne Birkeland heldt eit føredrag om skiferens opphav og bruk gjennom tidene – og bruken av Oppdalsskifer spesielt i Siebkes benk. Den blei opna på sundag.

Foto: Alv Reidar Dale

Markeringa starta med at Sangselskabet Guldbergs Akademiske kor song til ære for «Norges fjell». Så heldt førstelektor, geolog Anne Birkeland eit uformelt føredrag om historien om bruk av skifer, av bergarten kvartsitt, heilt frå steinalderen, både som bygningsmateriale og til reiskapar.

– Ei hylling til alle som skapte hagen

– For min eigen del har eg lyst til å lata denne benken vera ei hylling til ikkje berre Siebke, men til alle som har skapt denne hagen gjennom 200 år og som framleis gjer det.
Så sa ho Siebkes benk for innvigd og opna. Benken er laga av ståande skiferheller frå Oppdal, og er ein del av markeringa av 200-årsjubileet for Botanisk hage

– Denne benken representerer altså historie, både naturhistorie og kunsthistorie. Og med dette er benken presentert og innvigd, de kan ta plass!

Utnemnd av kong Frederik 6.
 
Johan Siebke var «botanisk gartner» (overgartnar) i Botanisk hage frå 1813. Siebke vart utnemnd av kong Frederik 6. av Danmark-Norge, reiste frå København til Christiania og fekk ein krevjande jobb med å opparbeida ein botanisk hage på ein grunn med mykje alunskifer og leire.
 

Benken er teikna av arkitektane Hedda Fjermestad Aase og Cecilie Lande Andersen, og tek utgangspunkt i eit elevarbeid med naturstein som bygningsmateriale på Høgskolen for arkitektur og design. Benken er forma kring foten av ein svært stor tyrkisk hassel, planta i 1855.



 
SANG I DET GRØNE: Sangselskabet Guldbergs Akademiske kor song til ære for «Norges fjell», for eit stort publikum i grasbakken nedanfor  Siebkes benk (Foto: Alv Reidar Dale)
 

Emneord: Naturhistorisk museum, Botanisk hage Av Alv Reidar Dale
Publisert 5. mai 2014 13:43 - Sist endra 5. mai 2014 14:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere