Ynskjer levande husdyr i Botanisk hage

– Barn i indre by må få sjå levande sauer, høner og kaninar i Botanisk hage på Tøyen. Det er draumen min, seier museumsdirektør Tone Lindheim.

SKIFTAR FAVORITTSTADER: – Akkurat no er det kirsebæralleen som er min favorittstad i Botanisk hage, seier Tone Lindheim. Denne veka begynte ho i stillinga som direktør ved Naturhistorisk museum.

Foto: Martin Toft

Denne veka overtok Tone Lindheim stafettpinnen som direktør for Naturhistorisk museum frå Arne Bjørlykke. Men ho har allereie vore på plass i to veker for at direktørskiftet skal gå så smidig som mogleg. Lindheim har brukt dagane på å bli kjend med dei tilsette.

– Det har vore fullt opp av møte, synfaringar og hurtigdating med dei tilsette. Slik får eg gode innspel og gode idear som eg kan ta med meg vidare i direktørjobben.

Ber om 350 millionar

Det viktigaste prosjektet hennar no er å få realisert det nye veksthuset og å skaffa pengar til rehabilitering og nye utstillingar i dei to museumsbygningane Robert Colletts hus og W.C. Brøggers hus. På Universitetsstyrets bord den 23. juni vil det liggja eit framlegg om å løyva 110 millionar kroner til rehabiliteringsprosjektet i 2016, og deretter 120 millionar kroner årleg i 2017 og 2018. Til saman altså 350 millionar kroner.

– Me må passa på at Naturhistorisk museum ikkje held fram med å vera den fattige fetteren i aust. Eg bur nær Blindern, og har fylgt nøye med på den store opprustinga som har skjedd på universitetsområdet dei siste 20 åra. Det finst ingen brakker eller falleferdige garasjar lenger. Men det gjer det her, slår ho fast.

Ulltveit-Moe sponsar klimapaviljong

På grunn av uvissa om kva som ville skje med planane om eit nytt veksthus, truga nokre av dei største bidragsytarane med å trekkja seg som gjevarar. – No er investor Jens Ulltveit-Moe tilbake igjen med 50 millionar kroner til prosjektet. Desse pengane skal brukast til ein eigen klimapaviljong i det nye veksthuset, opplyser ho til Uniforum.

Planane for framtidas Tøyen er nettopp sende ut på høyring, og Naturhistorisk museum og Universitetet i Oslo samarbeider om å skriva ein felles høyringstekst til Oslo kommune.

– For oss på Tøyen er det svært viktig at Tøyenparken og Naturhistorisk museum med Botanisk hage blir eit samanhengjande park- og hageområde. Difor håpar eg at Finnmarksgata kan leggjast i ein kulvert eller byggjast over parken, slik at denne barrieren forsvinn. Eg vil også åtvara mot at det blir bygt nye, store bygningar mellom Botanisk hage og Tøyenparken, og på den måten skil dei i to ulike, separate grøntområde.

– Og så rår me til at det kommunale Viten-senteret og det nye veksthuset som me skal byggja, blir lokalisert tett ved kvarandre. På den måten kan me lettare få utnytta felles tenester og område, legg ho til.

Vil skapa meir liv

Ein av draumane hennar er å skapa endå meir liv i Botanisk hage.

– Naturhistorisk museum er mest kjent for å visa fram døde dyr, anten rekonstruerte frå fossil til dinosaur eller i utstoppa tilstand. Eg synest at me også bør visa fram levande dyr her. Då tenkjer eg på høner, kaninar og sauer. Me har sjølve gode røynsler med å ha både kaninar, høner og koppelam i eigen hage midt i byen. Det var kontaktskapande, og me fekk berre godord frå naboane, forsikrar ho om.

Tone Lindheim fryktar ikkje at dei skal eta opp blomane i hagen.

– Nei, om me skal få dette til, må dyra sjølvsagt vera trygge innanfor ei god innhegning. Då vil det ikkje gå utover den vedunderlege hagen, understrekar ho.

Ynskjer bilane bort

Tone Lindheim syklar kvar dag frå heimen på Blindern til arbeidsplassen på Naturhistorisk museum på Tøyen og har både vintersykkel og sommarsykkel.

Ho ventar ikkje at alle dei andre tilsette skal sykla til jobben. Derimot vil ho arbeida for at det skal vera bilfritt i Botanisk hage.

– Eg vil difor be om at alle dei tilsette som brukar bil, brukar parkeringsplassane våre i Sofienberggata og i Monrads gate. Med så mange barn og andre gåande som er i Botanisk hage og i musea dagleg, er det rett og slett både trafikkfarleg og skjemmande å lata bilane få parkera innanfor portane, meiner ho.

Vil ha felles møtelokale

Tone Lindheim er opptatt av at dei tilsette ved museet også skal få ein felles møteplass.

– Dei tre musea Zoologisk museum, Geologisk museum og Botanisk hage og museum blei tvangsgifta for over ti år sidan. I dag er det over 20 kaffirom i dei ulike husa.. Me saknar felles møteplassar for meiningsutveksling og gode samtalar. Kvar gong me skal ha eit felles møte for alle dei tilsette, må me leiga lokale på Tøyen skole eller Hersleb skole. Eg håpar at me med tida kan få til eit felles lokale der me alle kan samlast til lunsj og møte, og samtidig få eit stort auditorium  me kan invitera folk inn i for å formidla den gode kunnskapen som museet forvaltar.

– Eg er viss på at ein slik felles møteplass vil skapa eit endå betre arbeidsmiljø på Tøyen. På den måten vil det også bli langt lettare å få gjort røyndom av tverrfagleg samarbeid og formidling til publikum. Det går føre seg mykje forsking på eit framifrå, internasjonalt nivå på Naturhistorisk museum.

Utandørs aktivitetsrom

I mange år har museet ynskt å byggja eit utandørs undervisningsrom. Sparebankstiftelsen har allereie løyvt pengar til dette. – No ser det ut til at dette kan losna. Då kan skuleelevar få undervisning ute, sjølv om det regnar, og så får dei ein stad der dei kan eta nista si, seier Lindheim.

I framtida vil ho visa fram arbeidet som forskarane gjer.

– Det hadde vore fint om me kunne ha bygt ein glasvegg der barn og vaksne kunne sjå forskarar som utfører DNA-prøvar og preparering av dyr.

– No har du vore her i rundt to veker som direktør. Har du nokon favorittstad i Botanisk hage?

– Favorittstaden min skiftar frå månad til månad. Ei stund var det det fabelaktige vårbedet aust for den gamle driftsbygningen, deretter var det magnoliatrea, så blei det sjølvsagt fjellhagen, og akkurat no er det kirsebæralleen. Dette er som eit mektig og langsamt skodespel. Eg oppfordrar folk i heile Osloområdet til å koma hit for å sjå kva fantastisk perle dei har midt i byen.

Så må Tone Lindheim dra til ein ny avtale med ein annan tilsett. Ein annan viktig avtale står snart for døra.

– Eg ser fram til når eigedomsdirektør John Skogen ved Universitetet i Oslo og eg kan ta ei felles synfaring i heile området og sjå på utfordringane. Me har så mange fabelaktige moglegheiter, og det er så mange dyktige folk som arbeider her. Det hadde vore flott om Naturhistorisk museum kunne bli Universitetet i Oslos stolte utstillingsvindauge mot omverda.

 

Emneord: Museene, Naturhistorisk museum, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. mai 2015 05:00 - Sist endra 22. juni 2015 14:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere