Gir klarsignal for nytt forprosjekt for veksthus på Tøyen

– Eg er utruleg glad på vegner av Naturhistorisk museum. Dette blir eit kjempeløft for heile museet, seier museets prosjektleiar Finn Ervik, etter at det er klart at veksthuset på Tøyen skal prosjekterast på nytt av Statsbygg.

STARTSKOT FOR FORPROSJEKT: – Me på Naturhistorisk museum har verkeleg lov til å vera optimistar no, seier prosjektleiar Finn Ervik til Uniforum.  No er det klart at Statsbygg kan setja i gang med å laga eit nytt forprosjekt for veksthus på Tøyen.(Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Veksthuset på Tøyen skal no prosjekterast på nytt etter at den første modellen måtte endrast. Det er klart etter at Kunnskapsdepartementet denne veka har sendt oppdragsbrev til Statsbygg. Der går det fram at den viktigaste føresetnaden for at forprosjektet no kan starta opp , er at prisen på utstillingsveksthuset er innanfor kostnadsramma på 495 millionar kroner.

I mai 2013 stansa Universitetet i Oslo eit ferdig forprosjekt for nytt veksthus ved Naturhistorisk museum på Tøyen. Grunngjevinga for at forprosjektet blei stansa i 2013 var at tida hadde sprunge frå dei opphavlege planane for nytt veksthus. Veksthuset var mellom anna ikkje basert på dei beste løysingar for energi og miljø, var forklaringa UiO-rektor Ole Petter Ottersen og dåverande museumsdirektør Arne Bjørlykke gav til Kunnskapsdepartementet.

Gamle planar

Arkitektfirmaet Stein Halvorsen hadde så tidleg som i 1998 vunne arkitektkonkurransen med prosjektet  "Oase 60° Nord". Prosjektet blei tatt opp igjen då Kunnskapsdepartementet i 2008 løyvde pengar til prosjektering. Prosjektet blei endeleg godkjent i 2012 utan at UiO kom med nye innspel  til endringar. Men etter at Tøyenløftet blei lansert av Oslo-politikarane i mai 2013, kom også nyhendet om at dei opphavlege planane for nytt utstillingsveksthus blei skrinlagde. Universitetsstyret slutta seg kort tid etter også til forslaget om å skrinleggja desse planane.

Lokalt toppmøte var avgjerande

Det førte til at det blei planlagt eit nytt, meir moderne og oppdatert  veksthus, i nært samarbeid mellom UiO, Naturhistorisk museum og Kunnskapsdepartementet. I fylgje oppdragsbrevet frå Kunnskapsdepartementet gjekk alle dei nye alternative løysingane langt ut over den godkjende kostnadsramma på 495 millionar kroner.  Difor har det blitt jobba sidan i vår med å få på plass eit meir realistisk veksthusprosjekt

Dei aller siste brikkene fall på plass i eit møte mellom kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, UiO-rektor Ole Petter Ottersen, styreleiar Kristin Halvorsen og museumsdirektør Tone Lindheim den 9. juni i år, går det fram av oppdragsbrevet som Uniforum har ein kopi av. 

Skal vera eit fullstendig prosjekt

Den viktigaste føresetnaden for at eit nytt forprosjekt no kan starta opp, er at prisen altså må vera innanfor den samla kostnadsramma på 495 millionar kroner.  Det ferdige prosjektet som skal utviklast skal vera eit fullstendig prosjekt utan fleire nye byggjetrinn for å få til løysingar som både er funksjonelle og fagleg forsvarlege. I fylgje oppdragsbrevet kan dette tyda at prosjektet kan bli skalert ned, og at ein må vurdera kor mange klimasoner veksthuset skal ha. Når det gjeld bruk av materialar, så kan det vurderast på fritt grunnlag i det nye prosjektet, står det i brevet til Statsbygg. 

Klimasenter blir eige prosjekt

I 2007 gav investoren Jens Ulltveit Moe ei pengegåve på 50 millionar kroner til bygging av veksthus på Tøyen. Den gåva er no øyremerkt til bygging av eit klimasenter på Tøyen. Det skal prosjekterast parallelt som eit eige prosjekt, etter nærare avtale med Universitetet i Oslo.

Kunnskapsdepartementet ynskjer å fylgja opp veksthusprosjektet gjennom å oppretta eit eige prosjektråd.

– Utruleg glad

Forskar Finn Ervik har vore Naturhistorisk museums prosjektleiar for nytt veksthus på Tøyen. Han er svært nøgd med at Kunnskapsdepartementet har gitt Statsbygg klarsignal for å setja i gang med ei nytt forprosjekt.

– Eg er utruleg glad på vegner av Naturhistorisk museum. Dette blir eit kjempeløft for heile museet,

Han viser til at det i mange tiår har vore mange oppturar og nedturar når det gjeld realiseringa av eit nytt veksthus på Tøyen. 

– Innhaldet i oppdragsbrevet gjer at dette prosjektet verkar svært lovande. Me på Naturhistorisk museum har verkeleg lov til å vera optimistar no, seier han til Uniforum. 

Når det gjeld klimasenteret som Jens Ulltveit Moe har gitt pengar til, stadfestar han at det blir eit eige prosjekt.

– Begge bygningane skal leggjast i tilknyting til kvarandre.

– Så i dag blir det feiring på Naturhistorisk museum på Tøyen?

– Ja, det blir det. 

 

Emneord: Naturhistorisk museum, Veksthus på Tøyen, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 10. sep. 2015 12:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere