- Ansvarsfråskriving av Oslo kommune å krevja at UiO betaler for sykkelsti

– Oslo kommune fråskriv seg ansvar når dei krev at UiO og Statsbygg skal finansiera sykkelveg på Bygdøy for å gi løyve til bygging av Vikingtidsmuseet, meiner bystyrerepresentant Espen Ophaug frå Venstre. Også Høgre og Framstegspartiet er kritiske.

SYKKELSTI PÅ BYGDØY: Her skal sykkelstien som Oslo kommune vil at UiO og Statsbygg skal betala, gå.

Foto: Ola Sæther

Det var den 18. desember i fjor Uniforum kunne melda at Oslo kommune kravde at Universitetet i Oslo og Statsbygg måtte forplikta seg til å finansiera ein ny sykkelveg frå

Bygdøylokket til Norsk Folkemuseum før dei ville få løyve til å setja i gang bygging av Vikingtidsmuseet på Bygdøy.

  • Les meir i Uniforum: Krav om sykkelveg kan utsetja bygging av Vikingtidsmuseum

Dagen etter melde Uniforum at Oslo kommune i tillegg kravde at UiO og Statsbygg måtte betala for ei miljøgate på Tøyen før dei kunne gi klarsignal for å byggja nytt veksthus på Naturhistorisk museum.

  • Les meir i Uniforum: Oslo kommune krev at UiO og Statsbygg betaler for miljøgate på Tøyen

Fekk byutviklingsråden på bana

Venstres bystyremedlem Espen Ophaug forsøkte å ta opp saka med byrådsleiar Raymond Johansen i spørjetimen i Oslo bystyre den 20. desember.

– Eg spurde om det ikkje var urimeleg av kommunen å stilla slike rekkjefylgjekrav til to prosjekt som byen får «i gåve» frå UiO og Statsbygg. Etter mi meining opptrer kommunen uryddig og strekkjer rekkjefylgjekrava veldig langt, seier han til Uniforum.

Ophaug fekk ikkje svar frå byrådsleiaren, men frå byutviklingsråd Hanna E. Marcussen. – Rekkjefylgjekrava i samband med utbygginga av Vikingtidsmuseet på Bygdøy er framleis til behandling i Plan- og bygningsetaten. Difor kan ikkje byrådet koma inn på den konkrete saka akkurat no, svara ho. Heller ikkje når det gjaldt krava om at UiO og Statsbygg har fått krav om å finansiera ei miljøgate før det blir gitt klarsignal til å setja i gang med bygging av veksthus på Tøyen, ville ho gå nærare inn på. – Veksthuset er også eit prosjekt me gler oss til å sjå realisert. Men den saka er også framleis til behandling i Plan- og bygningsetaten, peika ho på.

– Svarte rundt og lite forpliktande

Espen Ophaug var ikkje nøgd med svara.

– Byråden svarte veldig rundt og lite forpliktande, synest han.

Espen Ophaug understrekar at han er einig i at store utbyggjarar må vera med på å finansiera infrastruktur når dei skal byggja ut store område til bustader eller næringsbygg. Og det gjeld også for UiO og Statsbygg. – Men ikkje i dette tilfellet. Behovet for sykkelsti har ikkje grunnlag i utbygging av Vikingtidsmuseet. Den er allereie finansiert gjennom pengar Oslo kommune har fått i Oslopakke 3. Å velta den rekninga over på UiO og Statsbygg er derfor urimeleg. At byrådet har sett seg tent med å bruka litt ekstra tid på planlegginga av sykkelstien forbi alléen langs Bygdøy kongsgård, må vera opp til byrådet. Å sjå sitt snitt til å styra rekninga over på ein annan aktør, slik bør ikkje Oslo kommune opptre, meiner Espen Ophaug.

– Ikkje bra for Tøyen

Han synest at Oslo kommune også går fram på feil måte når dei krev at UiO og Statsbygg skal betala for ei miljøgate på Tøyen før det blir gitt løyve til å byggja nytt veksthus. – Den bygningen har me venta på i over 20 år, og så kan det bli endå meir forseinka på grunn av eit slikt krav frå Oslo kommune. Det er ikkje bra verken for Tøyen eller Oslo, slår han fast.

  • Les også i Uniforum: Frå vikingskipshus til vikingtidsmuseum

FRAMTIDIG VIKINGTIDSMUSEUM: Slik tenkjer det danske arkitektfirmaet  Arkitektfirmaet AART og Statsbygg at det nye Vikingtidsmuseet skal sjå ut. No skaper usemje om kven som skal finansiera ein gang- og sykkelveg uvisse om når bygginga av museet kan ta til. (Illustrasjon: Arkitektfirmaet AART)

– Uakseptable kostnader

Både Framstegspartiets bystyremedlem Camilla Wilhelmsen og Høgres bystyremedlem Pia Farstad von Hall gir Espen Ophaug støtte i kritikken av Oslo kommune i denne saka.

Camilla Wilhelmsen frå Framstegspartiet meiner kostnadene kommunen vil påføra UiO og Statsbygg er uakseptable.

 – No har me venta på utvidinga av Vikingtidsmuseet i ganske mange år og det er etter vår meining absolutt ikkje greitt at me skal risikera endå meir tid for at dette byrådet skal vurdera moglegheiter for å påleggja uakseptable kostnader for museet for utbygging av sykkelstiar, som er ansvaret til kommunen

– Utanfor planforslaget

Camilla Wilhelmsen er ikkje nådig i kritikken av byrådet for å ha stilt eit slikt krav.

– Opparbeidinga av ein sykkelveg frå Bygdøylokket har ingen samanheng med utvidinga av museet og kan ikkje påleggjast museet, seier ho til Uniforum. Byråd for byutvikling, Hanna  E. Marcussen (MDG) svara på spørsmål om saka frå Venstres Espen Ophaug i bystyrets spørjetime. Men ho ville ikkje uttala seg til Uniforum då avisa først tok opp denne saka.

– Eg er overraska over at Hanna E. Marcussen ikkje vil uttala seg i denne saka. Vikingskipshuset er eit av Oslos sine viktigaste museum, og det har i mange år venta på ei naudsynt utviding. Og me må no rekna med at byrådet tar det ansvaret dei må ta og ikkje lata museet koma i ein situasjon der det tar endå lengre tid før me får ei endeleg avklaring. Frp vil fylgja opp denne saka i Oslo bystyre, lovar Camilla Wilhelmsen.

Fryktar bygginga av museet kan bli forseinka

Pia Farstad von Hall er fraksjonsleiar for Høgre i byutviklingskomiteen i bystyret. Ho fryktar at bygginga av Vikingtidsmuseet kan koma i gang altfor seint på grunn av kravet frå byrådet.

– Høgre er uroa over at bygginga av Vikingtidsmuseet kan bli forseinka som ein følgje av Arbeidarpartiet og MDG (Miljøpartiet Dei Grøne/RED.MERK.) sitt krav om at universitetet må betala for gang- og sykkelstien på Bygdøy, seier ho til Uniforum.

SiO må betala for utbetring av park

Etter hennar oppfatning har Arbeidarpartiet og MDG etablert ein ny praksis i Oslo med å inkludera omfattande krav om finansiering av tiltak i samband med byggjeprosjekt. Ho viser til at det også har skjedd med andre offentlege byggjeprosjekt i Oslo.

– Rett før jul behandla bystyret saka om nye studentbustader i Blindernveien, der påla byrådet studentane å betala for utbetring av parkområdet Lekern utan at SiO (Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus) veit kva tiltaket vil kosta. Meirkostnaden blir lagt direkte på husleiga til studentane og bidrar dermed til å gjera studentbustadene dyrare. Høgre set seg imot denne forma for utbyggingsavtalar, understrekar Pia Farstad von Hall.

– Er finansiert via ordinære budsjett

Også ho peikar på at sykkelstien på Bygdøy er inne på andre budsjett.

 – Gang- og sykkelstien på Bygdøy er allereie finansiert via ordinære budsjett. Då er det endå meir urimeleg å krevja betaling frå universitetssektoren for ein ny gang- og sykkelsti på Bygdøy. Eg oppfattar at universitetssektoren ikkje har romslege budsjett i byggeprosjekta sine, og at ein ekstra kostnad vil kunna redusera kvalitetane i prosjektet, i tillegg til å forseinka Vikingtidsmuseet,. Det ville vera svært synd, seier ho til Uniforum.

Ber om at kravet blir trekt

Bystyrepolitikaren frå Høgre er heilt klar på kva partiet hennar no vil krevja frå byrådet.

– Arbeidarpartiet og MDG bør trekkja tilbake kravet om finansiering av gang- og sykkelstien. Dessutan lovar ho at Høgre vil ta saka opp når den kjem til politisk behandling. – Når saka kjem til bystyret, vil Høgre fylgja opp saka med konkrete forslag om å trekkja kravet om finansiering av gang- og sykkelstien, varslar Pia Farstad von Hall.

Førebels er det ikkje klart når denne saka kjem opp til politisk behandling i Oslo bystyre.

Bakgrunn for saka:

- Vikingtidsmuseet skal byggjast gjennom ei utviding av dagens Vikingskipshus.

- det blir på 13 000 kvadratmeter og etter planen kan det stå klart i 2022/23.

- 18. desember melde Uniforum at Oslo kommune kravde at UiO og Statsbygg skulle finansiera sykkelveg mellom Bygdøylokket og Norsk Folkemuseum for å få løyve til bygging av museet.

- samtidig har Oslo kommune kravd at UiO og Statsbygg finansierer ei miljøgate på Tøyen før det kan byggjast nytt veksthus.

(Kjelder: Uniforum, Statsbygg og UiO)

Emneord: Vikingskipshuset, Veksthus på Tøyen, byggeprosjekter Av Martin Toft
Publisert 8. jan. 2018 00:32 - Sist endra 8. jan. 2018 00:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere