UNIFORUM MEINER: Honours-programmet kan gi alle studentar betre studievilkår

Uniforum helsar Honours-programmet i realfag og i humaniora velkomen.  Me synest at dei fortener den suksessen dei har hatt, og me er visse på at både studentane og førelesarane deira vil få stor glede i å dukka endå djupare ned i kunnskapskjelda i akademia, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft.

 HONOURS-AMBASSADØR: Marca Wolfensberger starta det første talentprogrammet i Nederland. No spreier ho ideen også til andre land, mellom andre Danmark og Noreg. UiOs Honours-program er blitt ein stor suksess og på leiarplass i dag støttar Uniforum etableringa av det programmet. 

Foto: Martin Toft

Denne veka starta Honours-programmet i realfag og i humaniora opp på Universitetet i Oslo. Dei 20 studentane vann kampen om å koma inn på Noregs mest populære studium i 2019.  Det var den 23. juli ,då søknadstala kom frå Samordna opptak at det viste seg at søkjarane både frå vidaregåande og dei med litt fleire ekstrapoeng hadde fått med seg at dette var eit studium som dei gjerne ville gå på. Resultatet blei at dei som kom inn var på same karakternivå som dei som kom inn på profesjonsstudia i medisin, psykologi og rettsvitskap.

Uniforum helsar Honours-programmet i realfag og i humaniora velkomen.  Me synest at dei fortener den suksessen det har hatt, og me er visse på at både studentane og førelesarane deira vil få stor glede i å dukka endå djupare ned i kunnskapskjelda i akademia. At landets flinkaste elevar, som ikkje vil gå på profesjonsstudia i medisin, psykologi eller i rettsvitskap, men heller vil ta eit honours-program i realfag eller i humaniora på Universitetet i Oslo, syner at UiO har treft blink med dette tilbodet.

Ein av fordelane desse studentane får, er at dei får kvar sin mentor. Dette er eit krav den tidlegare leiaren for Studentparlamentet, Susann Andora Biseth-Michelsen, også kom med ei tid før universitetsstyret samrøystes og utan debatt vedtok å innføra honours-programmet 19. juni i fjor.  Derfor støtta ho, ifylgje NRK forslaget om å oppretta eit slikt studium, med håp om alle studentar etter kvart får sin eigen mentor. Dei får også betre og tettare oppfylging enn dei andre studentane på realfag og i humaniora.

Me trur at det kan lønna seg både for UiO, for studentane og for Noreg på lang sikt

Både håpet vårt og studentane sitt håp er at Honours-programmet på den måten kan visa fram kor stort behovet er for tettare oppfylging av kvar student enn det som er tilfellet i dag.  Då er det behov for å tilsetja fleire universitetslærarar for å få gitt kvar student det best moglege tilbodet. Me trur at det kan lønna seg både for UiO, for studentane og for Noreg på lang sikt. 

Uniforum ser at det også kan vera negative sider med eit elitestudium. Om dei blir ein eigen klikk som ikkje vil ha noko fellesskap med dei andre studentane, vil det vera negativt. Om dei studentane som kjem inn, berre kjem frå privilegerte norske familiar frå gode adresser, er også det negativt. Studentane må spegla mangfaldet i det norske samfunnet.

Dei kritiske røystene mot innføringa av Honours-programmet kom  først fram frå gløymsla då det viste seg at Honours-programmet til UiO hadde blitt ein stor suksess. Fleire av kritikarane meinte at slike elitestudium er imot den egalitære ideen til breiddeuniversiteta i Noreg. Dei meiner at det blir eit A-lag og eit B-lag av studentar på Universitetet i Oslo. Dei viser også til at sidan det er eit fast opplegg på desse to studia, så får dei ikkje den same fridomen til å velja fag sjølve, slik som dei fekk i stor grad med den gamle studiestrukturen, og i litt mindre grad etter innføringa av Kvalitetsreforma i 2003.  

Men både profesjonsstudiet i medisin, psykologi og i rettsvitskap er studium for dei elevane som har dei beste karakterane frå vidaregåande og for nokre med plusspoeng med grunnlag i alder eller studium på folkehøgskule.  Det er litt spesielt at det er først når det blir oppretta eit slikt elitestudium på humaniora og på realfag, det kjem kritikk mot at UiO har det som dei kallar for elitestudium.

Derfor trur me at Honours-programmet kan bli ei brekkstang for at studieopplegget for alle studentane blir betre

Faktum er at også studentar i realfag og humaniora er svært forskjellige. Nokre føretrekkjer å ta studia over normert tid og i eit litt saktare tempo, medan andre ynskjer å studera intensivt og få lesa meir og annan faglitteratur enn dei andre studentane. Samtidig ynskjer dei litt meir struktur i studia sine. Slik sett vil Honours-programmet fungera fint for dei. Derfor trur me at Honours-programmet kan bli ei brekkstang for at studieopplegget for alle studentane blir betre og tettare enn det som er tilfellet i dag. Difor sluttar me oss til det som leiar for studentutvalet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, Didrick Kruse sa til Uniforum då modellen blei presentert på UiO i april. – Unorsk, men verdt å prøva ut.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Undervisning, Studentsaker Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 14. aug. 2019 13:11 - Sist endra 14. aug. 2019 13:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere