LEIAR: UiO-leinga må vera ærleg om Veksthuset

UiO-leiinga må derfor vera ærleg og seia klart ifrå dersom dei ikkje vil ha eit veksthus. Det bør dei gjera av respekt for dei som jobbar for at det skal bli realisert, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Illustrasjon av eit nytt veksthus på Tøyen

FORBIGÅTT: Veksthuset på Tøyen blir stadig forbigått på UiOs eiga prioriteringsliste over nybygg. Det er det openberre svaret på at det heller ikkje når opp i prioriteringane på statsbudsjettet, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft. (Illustrasjonsfoto: Stein Halvorsens Arkitekter AS)

Foto: Illustrasjonsfoto fra Stein Halvorsen arkitekter

Heilt sidan 1930-talet har Universitetet i Oslo gått svanger med planar om å byggja eit nytt og storslagent Veksthus i det som i dag er Naturhistorisk museum på Tøyen. Lite skjedde fram til slutten av 1990-talet, då det blei klart at det framtidige Veksthuset skal byggjast på sirkustomta like utanfor portane til Botanisk hage.

Administrasjonen og dei tilsette sette i gang ein storstilt innsamlingsaksjon frå private gjevarar for lettare å få realisert draumen om eit veksthus. Jens Ulltveit-Moe var den største bidragsytaren med ein sum som etter kvart kom opp i 50 millionar kroner. Også kunstgjødselsselskapet Yara kom med eit bidrag på rundt 10 millionar kroner. Både Spaebankstiftelsen og Eckbos legater har gitt milliongåver.

Arkitektfirmaet Stein Halvorsen AS fekk oppdraget med å teikna Veksthuset. Det første utkastet var klart i 1998. Seinare skjedde det lite før 2013. Etter at Tøyenløftet blei lansert av Oslo-politikarane i mai 2013, kom også nyhendet om at dei opphavlege planane for nytt utstillingsveksthus blei skrinlagde. Universitetsstyret slutta seg kort tid etter også til dette forslaget. Det førte til at det blei planlagt eit nytt, meir moderne og oppdatert veksthus, i nært samarbeid mellom UiO, Naturhistorisk museum og Kunnskapsdepartementet. Ifylgje oppdragsbrevet frå Kunnskapsdepartementet gjekk alle dei nye alternative løysingane langt ut over den godkjende kostnadsramma på 495 millionar kroner.

I eit møte i juni 2015 mellom dåverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, dåverande UiO-rektor Ole Petter Ottersen, styreleiar Kristin Halvorsen og dåverande museumsdirektør Tone Lindheim fell alle brikkene på plass for å få til eit meir realistisk prosjekt. I september same året fekk også Statsbygg i oppdrag å vurdera og ordna dei praktiske tinga rundt byggjeprosjektet. Det arbeidet er no ferdig. Arkitektfirmaet Stein Halvorsen har også oppdatert teikningane sine.

Det openberre svaret er at prosjektet ikkje er sett høgt nok opp på prioriterte bygg av Universitetet i Oslo

Det vil seia at bygging av Veksthuset no er gryteklart, men at verken den nye regjeringa eller den avgåtte Solberg-regjeringa har valt å ta det med som eit prioritert byggjeprosjekt i forslaget til statsbudsjett for 2022. Det er derimot på plass i SVs alternative prosjekt, slik Uniforum melde i går.

Kva kan så grunnen vera til at verken den raudgrøne regjeringa eller Solberg-regjeringa hadde lagt det inn i sine budsjettforslag for 2022?

Det openberre svaret er at prosjektet ikkje er sett høgt nok opp på prioriterte bygg av Universitetet i Oslo. For på den prioriteringslista har Veksthuset aldri nådd heilt til topps. Først blei det sett i gang bygging av ny informatikkbygning. Seinare kom Livsvitskapsbygget og nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy. Nyleg kom også nytt bygg for dei odontologiske klinikkane på Gaustad inn på topp-plassen. Samtidig vert det også snakka om oppgradering av Nedre Blindern med eit mogleg senter for berekraft. Veksthuset ser derfor alltid ut til å tapa den interne prioriteringa på UiO. Derfor ville verken Solberg-regjeringa eller dagens Støre-regjering opna for ei startløyving til prosjektet. Og heller ikkje i utkastet til klimastrategi for UiO er bygging av nytt veksthus nemnt som eit tiltak.  

Derfor blir det spennande å sjå om SV får gjennomslag for sitt prioriterte forslag om ei startløyving på fem millionar kroner til prosjektet. I regjeringa skaper ikkje forslaget jubel. Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel (Sp) i Kunnskapsdepartementet er i Uniforum klar på at det ikkje er eit bygg regjeringa prioriterer, og viser til at UiO sjølv har sett Livsvitskapsvbygget og Vikingtidsmuseet på topp, medan regjeringa berre har gitt startløyving til Blått bygg ved Nord Universitet.

UiO-leiinga må derfor vera ærleg og seia klart ifrå dersom dei ikkje vil ha eit veksthus. Det bør dei gjera av respekt for dei som jobbar for at det skal bli realisert.

Om Veksthuset nokon gong skal kunna reisa seg på Tøyen, må også det truleg skje med private pengar

Dersom Veksthuset nokon gong skal bli bygd, må det truleg skje ved hjelp av private gjevarar som gjerne vil ha ein slik turistattraksjon på Tøyen. Oslo kommune inngjekk sjølv ein avtale med private for å få realisert Deichmanske bibliotek i Bjørvika. Der blir delar av bygningen leigde ut til private som driv restaurant og ein kafé. Slik kan inntektene finansiera delar av driftskostnadene. Sidan Naturhistorisk museum allereie var godt i gang med å få bidrag frå private, kan ein slik modell truleg også bli mogleg for eit nytt veksthus. Klimahuset blei finansiert med 70 millionar øyremerkte kroner frå investor Jens Ulltveit-Moes selskap Umoe AS.  Til saman kosta det 90 millionar. Det har blitt ein suksess.

Om Veksthuset nokon gong skal kunna reisa seg på Tøyen, må også det truleg skje med private pengar. Då vil det også visa seg om det er liv laga. Den bodskapen meiner me UiO-leiinga må formidla klart og tydeleg til både dei tilsette og museumsleiinga på Naturhistorisk museum og til resten av samfunnet.

 • Les meir om Veksthuset i Uniforum: 

SV tar tilbake Veksthuset i sitt alternative budsjett: – Lar ikke saken bli glemt

Regjeringen droppet Veksthuset: – Nå må vi tenke oss om

Marianne Borgen håper de rødgrønne berger Veksthuset

Museumsdirektør: – Det blir ikke veksthus hvis ikke UiO stiller seg tungt bak det

13,8 millioner til Veksthuset

Gir klarsignal for nytt forprosjekt for veksthus på Tøyen

Oslo kommune krev at UiO og Statsbygg betaler for miljøgate på Tøyen

Gler seg over grønt lys for nytt forprosjekt for veksthus på Tøyen

Vil skape en følelse av ekte regnskog i nytt veksthus på Tøyen

 

 

Emneord: Veksthus på Tøyen Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 16. nov. 2021 14:57 - Sist endra 1. apr. 2022 10:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere