Samarbeider om romrelatert undervisning

Universitetet i Oslo underskreiv 19. september ein samarbeidsavtale om romrelatert undervisning med Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM) og Andøya Rakettskytefelt (ARS). Avtalen gjeld både forsking og undervisning.

AVTALE: Universitetsdirektør Tor Saglie, Kolbjørn Adolfsen frå Andøya Rakettskytefelt og Arne Hjalmar Hansen frå NAROM har underskrive samarbeidsavtale.
Foto: Martin Toft

- Med denne avtalen blir heile rakettskytefeltet gjort tilgjengeleg for studentar og forskarar ved UiO som eit ledd i rekrutteringa til realfaga, fortel dagleg leiar Arne Hjalmar Hansen. - Dei blir inviterte hit til å delta i forskjellige prosjekt som skal vera med på å auka interessa for realfag og romrelaterte fag, blant anna eit studentsatellittprosjekt, fortel han.

Målet med avtalen er å setja i gang og gjennomføra tiltak for å styrkja rekrutteringa til matematisk-naturvitskaplege og teknologiske fag ved UiO, med spesiell vekt på aktivitetar knytte til rombasert utdanning og forsking, blant anna overvaking av ressursar og klima.

-Dessutan skal det leggjast spesiell vekt på å fremja felles undervisningstilbod innenfor desse fagområda. Det skal også oppmuntrast til eit aktivt samarbeid mellom Skulelaboratoriet og NAROM om tiltak med fokus på teknologi og realfag relatert til aktiviteter i rommet,opplyser Arne Hjalmar Hansen til Uniforum. Han understrekar gjerne kor nyttig eit slikt samarbeid kan bli for universitetet.

-Det kan ta i bruk den unike infrastrukturen ved Andøya Rakettskytefelt (ARS) og forskingsstasjonen ALOMAR slik at relevante studietilbud kan gjennomførast i eit nært samspel med romfartsrelaterte nærings- og forskingsaktivitetar, og ved at teori og praksis blir integrerte på ein unik måte. Det blir også lagt til rette for prosjekt- og hovudoppgåver knytt til ARS/ALOMAR, og andre romrelaterte bedrifter som inngår i samarbeidsavtalen mellom NAROM og NIFRO (Norsk Industriforum for romvirksomhet).

-Denne avtalen gir høve for UiO til å setja i gang og gjennomføra forskningsaktivitetar ved ARS/ALOMAR etter nærare avtale, også i samarbeid med andre institusjonar/forskningsmiljø nasjonalt og internasjonalt, fortel Arne Hjalmar Hansen.

Det skal etablerast eit eige Samarbeidsutval for romrelatert aktivitet (SU) med fire representantar frå UIO og tre representantar frå ARS/NAROM. Representantane frå UIO blir oppnemnde av rektor etter forslag frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Funksjonstida for representantane er tre år.

Emneord: Undervisning, Forskningssamarbeid Av Martin Toft
Publisert 1. okt. 2002 09:12 - Sist endra 10. des. 2008 15:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere