UiO forenklar studieevalueringa

UiO forenklar undervegsevalueringa av emne, kuttar ut begynnarstudentevalueringa av program og vil samla dei andre evalueringane i ei konsentrert pakke. - Dette vil gi mindre arbeid for frustrerte og potensielt evalueringstrøytte lærarar og studentar, meiner studiedekan på HF, Tor Egil Førland . Han har leia dette arbeidet.

FORENKLAR STUDIEEVALUERINGA: - Dette vil gi mindre arbeid for frustrerte og potensielt evalueringstrøytte lærarar og studentar, meiner studiedekan på HF, Tor Egil Førland.
Foto: Ola Sæther

For å kunna kvalitetssikra kvart einskild emne og studieprogram ved UiO enda betre enn tidlegare, vedtok Universitetsstyret våren 2004 nye og omfattande reglar for kontroll og evaluering. I hovudsak blei det lagt vekt på sikring og rapportering.

Kvar haust skulle det vera begynnarstudentevaluering på programma, kvar vår studieprogramevaluering og kvart fjerde år skulle det vera ein større gjennomgang av heile programmet.

Kvar gong eit emne var i gang, skulle det gjennomførast ei såkalla undervegsevaluering som skulle fylgjast opp med med at faglæraren sende ein rapport om kvart avslutta emne til instituttleiaren, som så sende rapporten vidare til fakultetsleiinga som sende den til sentrale studiekomiteen som til slutt sende den til rektoratet.

- Skapte uro

- Undervegsevalueringa av kvart emne og rapporteringa til leiinga av kvart gjennomført emne, skapte uro hos faglærarane, vedgår studiedekan Tor Egil Førland.

- Det har ført til at mange pliktoppfyllande emnelærarar har sete og skrive rapportar til instituttleiarar og studieprogramleiarar utan at dei har forstått formålet med evalueringa og rapporteringa, legg han til.

Etter kvart fekk universitetsleiinga mange tilbakemeldingar på kor frustrerte og oppgitte mange blei av denne forma for sikring av studiekvaliteten. Difor bad rektor Arild Underdal studiedirektør Monica Bakken og leiar for Styringsgruppa for kvalitetssystemet, studiedekan på HF, Tor Egil Førland om å leia arbeidet med å forenkla denne kvalitetssikringa av undervisninga ved UiO. Fredag 29. april blei forslaget til forenkling av kvalitetssystemet underskrive av rektor Arild Underdal.

Færre evalueringar

- Resultatet har blitt at det blir ei forenkling av undervegsevalueringa og det blir heller ikkje obligatorisk å laga ein rapport til leiinga etter kvart avslutta emne. Dessutan blir det presisert at måten som undervegsevalueringa skal gjennomførast på, skal bli tilpassa kvart enkelt emne, fortel Førland.

- Dessutan fell altså begynnarstudentevalueringa heilt vekk, understrekar han.

I staden for den gamle hierarkiske rapporteringsforma, skal lærarane no berre rapportera til leiaren for studieprogrammet og til instituttleiar. Fakulteta skal rapportera til rektoratet i hovudsak på grunnlag av data dei kan henta inn gjennom det felles studentsystemet (FS).

- På den måten kan me også sikra oss at på dei emnene det blir påvist ting som kan gjerast betre, vil tilbakemeldinga koma raskt tilbake til den emneansvarlege. I dag har dei ofte ikkje fått noko tilbakemelding i det heile tatt, fortel Førland.

- Filosofien vår er at studiekvaliteten berre kan bli betre gjennom spreiing av god praksis. Difor er me opptekne av at lærarar deler gode idear og fortel kva metodar dei brukar som kan fylgjast av andre, oppfordrar han og understrekar at det er leiinga for kvart einskild institutt og studieprogram som har ansvaret for å fylgja med både for å spreia døme til etterrfylging og gripa inn dersom dei ser ting som fungerer dårleg. Førland kjem på vegner av dei studieansvarlege ved UiO med ein aldri så liten sjølvkritikk.

- Forenklinga av kvalitetssystemet burde kanskje ha kome før systemet blei sett i gang, men dette viser i alle fall at universitetsleiinga har vilje til å lytta og til å gjennomføra endringar, konstaterer han.

Emneord: Kvalitetsreformen, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 9. mai 2005 14:48 - Sist endra 10. des. 2008 16:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere