Regnbogeskulen på Blindern

Den eine er 80 år og den andre 33 år. Den eine kjem frå USA og den andre frå Kamerun. Men begge har vore studentar på Den internasjonale sommarskulen ved UiO. Den første for 59 år sidan og den andre i år.

SOMMARSKULEKARAKTER: - Skulen gir oss eit eineståande høve til å bli kjend med studentar frå andre land og andre kulturar, synest 1947-student Pat Shaw og 2006-student Ephraim Abwe Diabe.
Foto: Ola Sæther

Då Pat Shaw kom til The Summer School for American Students i 1947 hadde ho ei ti dagar lang båtreise bak seg med troppetransportskipet SS Marine Jumper frå New York. 59 år seinare hadde Ephraim Abwe Diabe ei atten timar lang flyreise bak seg frå Kameruns hovudstad Yaoundé før han starta på eit seks veker langt kurs i fredsforsking på Den internasjonale sommarskulen. Skulen som starta som eit tilbod til 221 amerikanske og kanadiske studentar, har i dag over 500 studentar frå 80 forskjellige land.

- Dette er eit fantastisk høve til å bli kjend med studentar frå land som kanskje blir rekna som fiende av ditt eige land og som har ein annan religion og ein heilt annan kultur enn din eigen. Når du blir kjend med dei, finn du ut at dei fleste likevel tenkjer ganske likt deg sjølv om mange ting og kan le av dei same historiene, fortel Ephraim Abwe Diabe. Og Pat Shaw er heilt samd med han.

- Ja, det var difor eg vende tilbake til Sommarskulen i 1953 fordi eg ynskte å bli kjend med studentar utanfor USA og Canada. Dessutan hadde eg det så fantastisk i Oslo sommaren 1947 då eg var her for første gong, at eg måtte tilbake for å finna ut om det hadde å gjera med sommarskulen eller med Noreg. Eg vil ikkje bry folk med å fortelja kva svaret på det blei, seier ho alvorleg. Derimot vil ho gjerne trekkje fram den første opplevinga ho hadde av Oslo i 1947.

- Hyggelege og gjestfrie

- Me var svært populære, og folk på gata i Oslo stoppa oss og tok oss med på båtturar i Oslofjorden. Folk var svært hyggelege og gjestfrie, og i tillegg var sommaren endå varmare og tørrare enn denne sommaren. Så når me kom hit, tenkte me at me kunne vera ute og sola oss og berre stikka innom klassane når me hadde lyst til det.

- Men då me kom fram, oppdaga me at skulen allereie hadde sett opp eit ganske hardt studieprogram for oss. Og det aller kjekkaste var at forelesarane, blant andre Bjarne Berulfsen, var så dyktige og flinke til å formidla litteratur, musikk og kunsthistorie at me slo heilt ifrå oss tanken om at opphaldet i Oslo berre skulle vera ein ferie, minnest ho.

Ein regnboge av studentar

Då Ephraim Abwe Diabe kom i juni 2006, var opplegget ganske annleis.

- Alle studentane blei delte inn i ulike grupper som drog til kvar si hytte i Nordmarka for å bli betre kjende med kvarandre. Der ute såg eg ein regnboge og det gjekk opp for meg at alle studentane på sommarskulen var som denne regnbogen. For akkurat som med regnbogen er det fargesamansetjinga som gjer studentflokken vakker. Ein kvit person kan aldri bli svart og ein svart person kan aldri bli kvit . Me må utfylla kvarandre, respektera kvarandre og arbeida saman på tvers av kulturskilnader og ulik utsjånad. På den måten kan me hylla Guds skaparverk ved å visa fram denne regnbogen som me alle er ein bit av, seier Ephraim Abwe Diabe.

Også han er nøgd med forelesarane han har hatt i kurset i fredsforsking på sommarskulen.

- Ja, dei har klart å visa oss kompleksiteten i å skapa fred, konkluderer han.

No skal han tilbake til Kamerun og deretter vidare til Ghana der han har fått eit Fullbrightstipend for å studere repatriering, demobilisering og avvæpning på Kofi Annan-senteret i Ghana. Truleg går vegen til eit amerikansk universitet etter kvart. - Eg veit enno ikkje kva universitet det blir, men i alle fall håpar eg å koma tilbake til Den internasjonale sommarskulen ein gong, lovar han.

Blei i Noreg

Pat Shaw vende altså tilbake til Den internasjonale sommarskulen i 1953. Ho trefte ein mann, fekk barn og barnebarn og har jobba både som omsetjar, NRK-medarbeidar og i ein bokhandel. Og for omsetjinga si av Asbjørnsen og Moes norske folkeeventyr til engelsk har ho fått tildelt St. Olavsmedaljen for å ha gjort norsk kultur kjend i utlandet. Og i løpet av åra i Noreg har ho møtt alle dei siste norske kongane.

- Fine personar alle tre. Men eg må diverre seia at tilbakevendinga til Noreg i 1953 blei eit antiklimaks for meg. For då gav universitetstilsette meg personleg skulda for den amerikanske utanrikspolitikken. Det gjorde meg svært frustrert. Folk på gata gjorde likevel aldri det.

- Og dessutan la eg merke til diskrimineringa av folk frå Nord-Noreg i Oslo. I dag er det pakistanarar og andre minoritetar det går ut over. For nordmenn blir dei aldri nordmenn, berre pakistanarar. Det skuffar meg, for i USA var eg vand til at alle budde saman uansett kvar dei kom ifrå. Og alle var like gode amerikanarar, slår ho fast. Både Pat Shaw og Ephraim Abwe Diabe er samde om at sommarskulen kan vera med på å bryta ned fordommar mellom studentar frå ulike verdsdelar og kulturar.

- Kurs i kulturforståing

- Difor bør skulen også leggja inn eit kurs i kulturforståing. For eit positivt fingerteikn i eitt and, kan vera negativt i eit anna land. Ei innføring i slike teikn, kunne gjera mykje for å hindra misforståingar mellom studentane, meiner Abwe Diabe.

- Heilt sikkert, nikkar Shaw. Og Abwe Diabe vil gjerne gi sommarskulen eit godt råd til.
- Skulen bør senda all pensumlitteratur på kurset til oss på e-post ein månad før kurset startar. Då vil me lettare kunna førebu oss, understrekar han. Men begge er einige om at sommarskulen må halda fram også for seinare generasjonar.

- Det er ein draum for alle menneske, og eg håpar at om eg får høve til å koma tilbake om 60 år, så vil det vera studentar frå 192 land her.

- Då vil nok eg vera død, men eg deler det same håpet, ler Pat Shaw.

Emneord: Internasjonalisering, Undervisning, Den internasjonale sommerskole Av Martin Toft
Publisert 25. aug. 2006 14:11 - Sist endra 10. des. 2008 15:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere