- Afrika sør for Sahara kan bli radert vekk

- Alle dei 47 landa i Afrika sør for Sahara kan bli raderte vekk frå studietilbodet til HF. Det fryktar professor Ingse Skattum kan bli konsekvensen av prioriteringa ved fakultetet. No prøver ho å redda masterstudiet i "Det frankofone Afrika sør for Sahara", aller helst vil ho utvida det til heile Afrika sør for Sahara.

UT MED AFRIKA: - Sjølv om det ikkje står svart på kvitt, fryktar eg at den nye fagprioriteringa vil føra til at Afrika forsvinn heilt ut av kartet, seier professor Ingse Skattum ved IKOS.
Foto: Ola Sæther

Studentane har allereie fått beskjed om at det ikkje skal takast opp studentar i masterstudiet "Det frankofone Afrika sør for Sahara" etter hausten 2008.

Det skjer trass i at Universitetet i Oslo er det einaste nordiske universitetet som tilbyd undervisning i dette faget. Og professor Ingse Skattum er den einaste vitskaplege tilsette som underviser i faget ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS). Snart går ho av med pensjon.

- Instituttleiinga argumenterer med at HF ikkje ynskjer å ha småfag eller einmannsfag. Samtidig aukar tilstrøyminga av studentar både til dette emnet og til dei andre Afrika-studia. Då må heller fakultetet styrkja instituttet med fleire personar som har forskingskompetanse i Afrika sør for Sahara. Det er heilt umogleg for ein person å dekkja alle dei 47 landa det gjeld, understrekar Ingse Skattum.

Ho viser til at i dag har 17 land fransk, 4 land portugisisk, medan 26 land har engelsk som offisielt språk i Afrika sør for Sahara. Dessutan har tre land arabisk, eitt spansk og eitt amharisk, og nokre av landa har meir enn eitt offisielt språk. Sjølv har ho konsentrert seg om å gi undervisning i språk, litteratur og kultur i dei landa som har fransk som offisielt språk.

- Einaste i Norden med dette tilbodet

- Det er dei landa eg har spesialisert meg på. Samtidig har Anne Sletsjø på portugisisk tilbydd undervisning i litteratur i dei portugisiskspråklege landa i Afrika. Det har ført til at UiO er det einaste universitetet i Norden som har undervisningskompetanse på både det franskspråklege og det portugisiskspråklege Afrika.

- Samtidig forstår eg kritikken frå studentar som spesialiserer seg på andre afrikanske land, om at dei manglar undervisning i litteratur og kultur i dei engelskspråklege landa i Afrika. Konsekvensen av den kritikken bør likevel ikkje bli at instituttet legg ned undervisninga i "Det frankofone Afrika sør for Sahara". Det burde heller bli tilsett ein person til, som kunne ha undervist studentar om litteratur og kultur i det engelskspråklege Afrika.

- Instituttleiinga har foreslått at den tverrfaglege stillinga eg har, blir gjort om til ei stilling i afrikansk religionshistorie. Då kan det bli slutt på områdestudiet som omfattar både språk, områdekunnskap og eit kultur- eller samfunnsfag, er ho sikker på.

- Religion i Afrika er eit fagområde som må byggjast opp frå grunnen av ved HF. Det burde heller koma i tillegg
og ikkje i staden for den kompetansen me har i dag.

Skattum viser også til at bistandsminister Erik Solheim har sagt at Noreg investerer like mange milliardar i oljeindustrien i Angola som heile bistandsbudsjettet for resten av Afrika.

- Det er eit godt døme på kor viktig det er med kunnskap om denne delen av Afrika, slår ho fast.

- Afrika kan forsvinna

Fram til i dag har HF hatt eit studieprogram i Asiatiske og afrikanske studium. I samband med prioriteringsprosessen på Institutt for kulturstudium og orientalske språk(IKOS) har det kome fram at det kan bli delt i to studieretningar: Asia og Midtausten.

- Sjølv om det ikkje står svart på kvitt, fryktar eg at det vil føra til at Afrika forsvinn heilt ut av kartet. Dei nye programma skal også leggjast til institutta, slik at barrierane mellom institutta og fakulteta blir endå meir vasstette. Dermed blir det endå vanskelegare å driva med tverrfaglege studium, som jo var ei av dei viktigaste målsetjingane til UiO ved reforma i 2003, seier Skattum.

Ho viser til at hennar fag har samarbeidd med Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS) og Institutt for lingvistikk og nordiske studium (ILN). I tillegg har ho eit samarbeid med Sosialantropologisk institutt på SV-fakultetet.

- Me spleisar på ein månads studietur til det frankofone Afrika. Dei får også bruka utvekslingsavtalen vår med universiteta i Dakar og Saint Louis i Senegal, slik at deira studentar får eit lengre opphald i eit afrikansk land. Samtidig får våre studentar eit obligatorisk kurs i afrikansk antropologi ved Sosialantropologisk institutt, fortel Skattum.

- Alle studentane som har tatt dette studiet, har fått gode jobbar både i NORAD, Utanriksdepartementet, i frivillige organisasjonar eller i skulen. Samtidig ynskjer UD å styrkja samarbeidet med afrikanske land og særleg Vest-Afrika, seier Skattum. Ho reagerer også på prosessen rundt fagprioriteringa på IKOS.

- Dei faglege prioriteringane blir avgjorde før den eksterne evalueringa av Asia, Midtausten og Afrika, blir lagt fram. For meg er det merkeleg sidan det er lagt ned både tid og store menneskelege og økonomiske ressursar i eksterne evalueringskomitear.

- Korleis ville du ha redda studiet i Afrika sør for Sahara?

- Det er over 120 Afrika-forskarar ved UiO, og med relativt små kostnader kunne me ha bygd ut studietilbodet. Det er svært stor etterspurnad blant studentane etter afrikanske studium.

- Vil mangla kompetanse i faget

Instituttleiar Arne Bugge Amundsen ved IKOS forsvarar avgjerda om ikkje å ta opp studentar til masterstudiet i "Det frankofone Afrika sør for Sahara" etter hausten 2008.

- Det er ei enkel forklaring på at instituttet var nøydd til å gjera det. Den einaste tilsette ved instituttet vårt som har kompetanse i dette temaet, vil snart gå av med pensjon. Det gir ikkje noka meining å ta opp studentar på det studiet, når me ikkje veit kva som skjer. Dessutan er det å vidareføra nøyaktig same kompetanse på fagområde med berre éin tilsett vanskeleg, seier Bugge Amundsen til Uniforum.

- Vil det seia at de ikkje har noko plan om å føra vidare undervisning i Afrika sør for Sahara?

- Me har ikkje klar nokon konklusjon enno. Men me kan ikkje lova undervisning i eit studium, som me om få år ikkje veit om me vil ha personale i. Dessutan har me fått i oppdrag frå fakultetet om å gjennomgå stillingsplanen vår i lys av dei faglege prioriteringane.

- Men kan det ikkje bli aktuelt å samarbeida med andre institutt eller fakultet for å føra vidare undervisning i Afrika sør for Sahara, både i dei landa som har fransk som offisielt språk, men også dei som har engelsk, portugisisk, arabisk, spansk og ahmarisk?

- Instituttet vårt eig ikkje studieprogrammet. Me leverer berre fagpersonar til dei ulike studieretningane, svarar Bugge Amundsen.

Fakultetsstyret ved HF handsamar denne saka 19. september, saman med resten av framlegga til fagprioritering ved fakultetet.

Emneord: Internasjonalisering, Undervisning, Afrika Av Martin Toft
Publisert 20. aug. 2008 15:22 - Sist endra 10. des. 2008 14:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere