– Matematikk er gøy!

– Matematikk er både gøy og utfordrande. Det synest Cathrine Lowzow, som er ein av skuleelevane som tar universitetskurs i matematikk på UiO.

LOGISK: Cathrine Lowzow er ei av åtte jenter på matematikkurset for skuleelevar på UiO. - Matematikk er logisk, slår ho fast.

Foto: Ola Sæther

Spesielt talentfulle elevar i 10. klasse på ungdomstrinnet har gjennom Kunnskapsløftet fått tilbod om å ta matematikkpensumet til 1. klasse i den vidaregåande skulen. 

No har Universitetet i Oslo lagt til rette for at desse elevane kan ta universitetskurs i matematikk frå dei begynner i 3. klasse i den vidaregåande skulen. Dei 37 elevane hadde den første timen med matematikk på universitetsnivå på Blindern sist onsdag.  Det er begynnarkurset MAT 1100 elevane får tilbod om.

– Dette kurset er matematikkgrunnlaget for dei som seinare vil studera matematikk, fysikk, kjemi, astronomi eller informatikk, opplyser tilretteleggjar og universitetslektor Nils Voje Johansen ved Matematisk institutt til Uniforum.   

– Logisk

Skuleelev Cathrine Lowzow frå Oslo katedralskole elskar matematikk:

– Eg synest matematikk er gøy og utfordrande, og ikkje minst logisk. Samtidig finst det alltid ein fasit klar, konstaterer ho. Også Xiang-Kun Kong frå sameskule er glad i matematikk.

– Det er like greitt å ta eit universitetskurs i matematikk no i staden for å venta med det til seinare. Matematikk er berre gøy, synest han. 

Må ha karakteren 5

Kravet for å koma inn på kurset er at eleven har karakteren 5 eller betre i matematikk. Elevane skal ha endeleg eksamen i april neste år.

Kurset går kvar onsdag mellom klokka 17 og 20 og kurset blir halde av Inger Christin Borge. Matematisk institutt opplyser at Universitetet i Oslo under utviklinga av undervisningsopplegget har hatt eit godt samarbeid med Utdanningsetaten i Oslo og Avdeling for vidaregåande opplæring i Akershus fylkeskommune.

Desse vidaregåande skulane gir elevane tilbod om universitetskurs i matematikk:

Akershus

Asker vgs

Jessheim vgs

Mailand vgs

Nadderud vgs

Nes vgs

Nesbru vgs

Stabekk vgs

Valler vgs

Oslo

Fagerborg vgs

Foss vgs

Oslo handelsgym

Oslo katedralskole

Kristelig gymnasium

Nydalen vgs

Ullern vgs

Ulsrud vgs

 

Emneord: Naturfag, Realfag, Undervisning, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 27. aug. 2012 15:50 - Sist endra 28. aug. 2012 14:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere