UiO vil ikkje ta ansvar for Norsk Ordbok etter 1. mars 2015

Det er ikkje naturleg for Universitetet i Oslo å ta ansvar for vidare drift og forvaltning av Norsk Ordbok når prosjektperioden er over 1. mars neste år. Det går fram av eit svar UiO har sendt til Kulturdepartementet.

Det er i svaret på det første av sju spørsmål Kulturdepartementet stilte til UiO, at det går fram at UiO ikkje ser det som si oppgåve å halda fram med å ha ansvaret for drift og forvaltning av Norsk Ordbok etter at prosjektperioden er over. I brevet som er underteikna av rektor Ole Petter Ottersen, blir det understreka at dette ikkje er ei oppgåve som høyrer til universitetet sine primæroppgåver.

Difor rår UiO staten til å finna andre, eksterne institusjonar som kan sikra vidare ivaretaking av Norsk Ordbok.  Det blir peika på Språkrådets forslag til alternativ for organisering av nasjonal språkforvaltning, inkludert nasjonale ordbøker.

Eit universitetet må prioritera

I brevet frå UiO, får Kulturdepartementet klar beskjed om at universitetet har både rett og plikt til sjølv å prioritera og gjera faglege val. Det blir vist til at den faglege autonomien ikkje berre er eit kjenneteikn ved universitetet, men ein klar føresetnad for at universitetet skal fylla den rolla det har i samfunnet. Det blir slått fast at «universitetet har forpliktelse til å imøtekomme samfunnets behov forskning, utdanning og formidling, og dette må skje innen rammene av universitetets prioriteringer både av faglig og økonomisk art,» heiter det.

Ber om møte med Kulturdepartementet

I brevet ber UiO om at det får koma tilbake til svara på dei andre seks spørsmåla på eit seinare tidspunkt. UiO-rektor Ole Petter Ottersen har tidlegare sagt  til Uniforum at han  meiner at det vil vera meir formålstenleg å ta opp denne saka i ein direkte dialog på eit eige møte.

Tidsfristen for å svara på dei sju spørsmåla var sett til den 15. juni.  Førebels har UiO altså berre svart på det første spørsmålet.

 

Emneord: Språk, Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 17. juni 2014 09:29 - Sist endra 18. juni 2014 10:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere