SFF-senter har fått nye lokale

Nesten to år etter starten har SFF-senteret PluriCourts flytta inn i femte etasje i Domus Nova i Oslo sentrum.

GLADE: Dei tilsette i PluriCourts er glade for at dei kunne flytta inn i nye lokale i god tid før jul. Frå venstre Andreas Føllesdal, Kurt Stolpestad, Annette Hovdal, Laura Letourneau-Tremblay og Eirik Torsvoll.

Foto: Martin Toft

Senterdirektør Andreas Føllesdal smiler frå øyre til øyre då me treffer han.

Eit langt steinkast frå Tinghuset og eit litt kortare steinkast frå Oslo tingrett, har han, assisterande direktør Geir Ulfstein og resten av dei tilsette på SFF-senteret PluriCourts – Senter for forsking om legitimiteten til internasjonale domstolar funne seg vel til rette i Domus Nova på St. Olavs plass.

– Eit framsteg

 – Dette er eit ordentleg framsteg for alle dei 25 tilsette på senteret. Me har fått lyse og trivelege rom og mange fellesareal som fungerer som fine møteplassar for oss, fortel Andreas Føllesdal til Uniforum.

Han synest det er fint at dei held til i same bygning som Institutt for kriminologi og rettssosiologi og delar av Institutt for offentleg rett.

– Lengtar ikkje tilbake

– Me set også stor pris på at me har direktekontakt med ein eigen person som kan hjelpa oss med dataproblem straks me melder frå om ein feil. For oss er det viktig at slike ting kan bli løyste med ein gong, understrekar han.

– Me lengtar ikkje tilbake til dei gamle lokala i Pilestredet, legg han til.

 

 

Emneord: SFF - Senter for fremragende forskning, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 7. jan. 2015 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere