I formiddag kunne Uniforum bringa nyhendet om at Kunnskapsdepartementet har gitt Statsbygg i oppdrag om å setja i gang eit nytt forprosjekt for nytt veksthus på Tøyen. Kostnadsramma ligg på 495 millionar kroner, og det må eit nytt veksthus halda seg innanfor, er kravet Kunnskapsdepartementet stiller for å gi klarsignal til dette prosjektet.
Formidling av naturvitskap
UiO-rektor Ole Petter Ottersen er viss på at utstillingsveksthuset kjem til å bli ein stor attraksjon når det står ferdig.
– Det kjem til å setja både Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo og Oslo by på kartet. Me er også opptekne av at UiO vil bidra med sin kompetanse til at veksthuset blir best mogleg eigna til formidling av naturvitskap.
– Tøyen vil bli ein fantastisk stad
– Investor Jens Ulltveit Moe gir 50 millionar kroner til eit klimasenter som blir eit eige prosjekt. Korleis vil sambandet mellom dei to bygningane bli?
– Dei to bygningane vil stå i nærleiken av kvarandre og kunne sjåast i samanheng. Med ein fullt utbygd vitenpark vil Tøyen vil bli ein fantastisk stad, er Ole Petter Ottersen overtydd om.
– Vil visa kva ein regnskog er
Han ser også bygginga av eit nytt veksthus på Tøyen som ein del av ei av dei andre måla til Universitetet i Oslo.
– Eg er også glad for at forprosjektet til veksthuset er komen i gang fordi det er knytt til arbeidet med å gjera UiO til eit grønt universitet. Barn og vaksne kan få kunnskap om både artsmangfald og om klimaendringar i eit nytt veksthus. Noreg bidrar til å bevara regnskogen i utsette område. Difor er det viktig å visa kva ein regnskog er, og kor viktig rolle den spelar i økosystemet vårt, understrekar UiO-rektor Ole Petter Ottersen.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere