250 UiO-tilsette kan gå til streik frå torsdag morgon

Det kan bli streik ved Universitetet i Oslo frå midnatt i morgon. Om ikkje meklinga mellom dei statstilsette og staten fører fram, vil 250 av medlemane til NTL og Forskarforbundet på UiO leggja ned arbeidet.  

FØREBUR STREIK: NTL-leiar Ellen Dalen kalla inn alle medlemane på UiO til eit informasjonsmøte i dag om ein mogleg streik i staten og ved UiO frå torsdag morgon. Eit par hundre møtte opp.

Foto: Ola Sæther

I dag hadde både Forskarforbundets og Norsk Tenestemannslags hovudtillitsvalde møte med UiO-leiinga for å gå gjennom kjørereglane mellom partane om det blir streik frå midnatt i morgon. På Universitetet i Oslo vil 170 av medlemane i NTL og 80 av medlemane i Forskarforbundet bli tatt ut, om det blir streik. Dersom streiken drar ut, vil fleire medlemar bli tatt ut i streik i fleire fasar.

I ettermiddag hadde NTL og Forskarforbundet streikeførebuingsmøte for medlemane sine. Uniforum var til stades på møtet til NTL i Eilert Sundts hus på Blindern. Der dukka nesten 200 av  dei 1200 medlemane i fagforeininga opp for å høyra leiaren for NTL-UiO Ellen Dalen og nestleiar Natalia Zubillaga informera om kvifor LO og dei andre fagforeiningane i staten har brote forhandlingane og no sit i meklingsmøte leidd av riksmeklar Nils Dalseide.

  • Les også i Uniforum: Kan bli streik i staten etter brot i lønnsforhandlingane

– Merkeleg signal å gi

Ellen Dalen peika på at staten er interessert i å kutta ut både lønnstabellar, stillingskodar og sentrale forhandlingar. – Dessutan vil dei også kutta ut dei åtte ekstra feriedagane som arbeidstakarar over 62 år får. Det er eit merkeleg signal å senda ut samtidig som dei fagorganiserte i staten skal ta stilling til den nye pensjonsavtalen. I dag er det ein skilnad på 600 000 kroner på den best betalte og den dårlegast betalte professoren. Under dei lokale lønnsforhandlingane har enkeltpersonar fått opptil 200 000 kroner i lønnsauke, medan mange andre UiO-tilsette ikkje har fått nokon ting. Det viser at UiO vil ha eit belønningsystem for dei som oppfyller UiOs målkrav. Dei som ikkje gjer det, vil dei ikkje gi lønnsauke til, sa Ellen Dalen på informasjonsmøtet.

– Få vil koma godt ut av det

Og ho kom også med ein klar konklusjon på kva veg det vil bera: – Det er ikkje nokon stor arbeidsmarknad for vitskaplege tilsette utanfor universiteta. Få vil derfor koma godt ut av ein slik lønnspolitikk der det er trynetillegg til enkeltpersonar, meinte ho.  Etter hennar oppfatning vil staten også ha vekk lokale lønnsforhandlingar om vesentlege endringar i arbeidsoppgåvene. – Staten vil berre halda fast på slike forhandlingar i samband med rekruttering og at tilsette har gjort ein ekstraordinær innsats, konstaterte Ellen Dalen. Etter dei signala NTL har fått frå arbeidsgjevaren, er staten berre opptatt av ein ting. – Staten vil fjerna alt som handlar om kollektive avtalar. Årslønn vil vere ei individuelt avtalt lønn, spådde Ellen Dalen.

Tar ut medlemar over heile UiO

Uniforum har også vore i kontakt med hovudstillitsvald Belinda Eikås Skjøstad i Forskarforbundet. Om det blir streik, vil Unio ta ut 80 av medlemane sine på UiO. – Det er medlemar ved om lag alle fakultet, ved Kulturhistorisk museum, Naturhistorisk museum og Universitetsbibliotekekt som blir tatt ut, opplyser ho. Dersom streiken trekkjer i langdrag, blir det ei opptrapping i fleire fasar.

– Då vil me ta ut endå fleire av medlemane våre på UiO i streik, fortel ho.

 – Stor streikevilje

Og ho er glad for haldningane medlemane i Forskarforbundet har til ein mogleg konflikt:

– Streikeviljen er stor, men vil nok styrkjast endå meir når streikegrunnlaget er klart på torsdag, dersom streik blir eit faktum. Det som allereie er kjent er at lønnsgapet mellom privat og offentleg sektor er blitt større dei siste åra. Staten vil også fjerna A-tabellen. Me vil gjerne behalda den. Staten vil gjerne framskynda framdrifta av moderniseringa av lønnsfastsetjinga i staten. Det meiner me ikkje er bra, understrekar Belinda Eikås Skjøstad.

Felles haldning til modernisering av lønnssystemet

Både NTL-leiar Ellen Dalen og hovudtillitsvald Belinda Eikås Skjøstad viser til at Akademikarane i stor grad har same haldning som staten når det gjeld moderniseringa av lønnssystemet i staten. I ei tidlegare pressemelding frå kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland, før også forhandlingane med Akademikarane braut saman, får dei stadfesta dette. – Me er nøgde med at me framleis forhandlar med Akademikarane om modernisering av lønnssystemet og auka lokalt handlingsrom, understreka Monica Mæland den gongen. Parat som er medlem av YS Stat vil ikkje ta ut medlemane sine ved UiO, om det blir streik. Det stadfestar hovudtillitsvald Asle Fredriksen. – Me står saman med dei som streikar, om det blir streik, lovar han. Heller ikkje Akademikarane har varsla streik for sine medlemar ved UiO.

SV-dekan avviser å ha framskunda oppgåver

I går ettermiddag kom det melding om at SV-dekan Nils von der Fehr hadde bede tilsette om å framskunda innleveringa av eksamensoppgåver, slik at dette arbeidet skulle blir råka av ein eventuell streik. Von der Fehr stadfestar overfor Uniforum at han har gjort det. – Det er nokre medarbeidarar som har vore litt for seine med å levera inn oppgåvene og få lagde dei klare til digitale eksamenar. Ei oppfordring om at desse oppgåvene må bli leverte så fort som mogleg, er ikkje å framskunda dei for at dei ikkje skal bli råka av streiken.

–Er det ingen som har protestert mot det?

–Nei, det har i alle fall ikkje vore noko opprør. Og eg har ikkje fått nokre reaksjonar på det, seier Nils von der Fehr til Uniforum.

NTL-leiar reagerer

Men NTL-leiar Ellen Dalen er ikkje einig med SV-dekanen.

– Ingen skal vera på jobb og driva med oppgåver som reduserer effekten av ein eventuell streik. Dette bør universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe gripa inn mot. Men det aller beste er om ho tar kontakt med Kommunal- og moderniseringsdepartementet og ber dei om å slutta å gå til åtak på tariffavtalane våre, seier Ellen Dalen til Uniforum .

– Me jobba hardt

Då forhandlingane mellom partane skar seg 29. april, meinte regjeringa den hadde gjort det den kunne for at dei skulle koma fram til ein avtale.

– Me jobba hardt for å inngå avtalar med alle dei fire hovudsamanslutningane i staten, men det lét seg ikkje gjera, sa kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i ei pressemelding like etter at brotet var eit faktum. I fylgje kommunal- og moderniseringsdepartementet måtte partane gi opp å koma fram til ein avtale fordi dei var usamde om fordelinga av den disponible ramma i lønnsoppgjeret.  

– Regjeringa ynskjer å gi større handlingsrom og fleksibilitet til dei statlege verksemdene Det er ikkje formålstenleg at me sit i Oslo og detaljstyrer lønnsutviklinga for tilsette i barnevernet i Finnmark eller professorar i Bergen.

Etter planen skal meklinga avsluttast i morgon, onsdag 23. mai kl. 24.00. Ein eventuell streik vil starta dagen etter. Det vil bli den første gongen UiO-tilsette streikar sidan 2012. Då blei 350 tilsette ved Universitetet i Oslo tatt ut i streik etter at lønnsforhandlingane med staten skar seg.

• Les i Uniforum: 350 UiO-tilsette i streik

Om det blir streik frå midnatt 23. mai, vil den råka hardast på Det utdanningsvitskaplege fakultetet og Det samfunnsvitskaplege fakultetet. I tillegg vil også universitetsadministrasjonen få merka at fleire av dei UiO-tilsette ikkje vil koma på jobb. Det går fram av informasjon som UiO-leiinga har lagt ut på nettsidene til Universitetet i Oslo. Der står det også at eksamensavviklinga skal så langt det er mogleg få føre seg som normalt. Difor blir alle studentar oppfordra til å møta opp på eksamen som planlagt.

Meklinga i staten starta i går klokka 10.00. Partene har frist til å bli einige  klokka 24.00 onsdag 23.mai.

Om partane ikkje blir einige, vil Unio ta ut 1100 statstilsette i streik frå torsdag morgon. LO Stat vil ta ut 4000, medan YS Stat har varsla at dei vil ta ut 300 av medlemane sine i streik, ingen av dei jobbar på universiteta.  Akademikarane har varsla at 814 av medlemane deira vil leggja ned arbeidet om det blir streik. I første fase har dei ikkje tatt ut medlemar på universiteta, men organisasjonen har varsla at tilsette på Forsvarets forskingsinstitutt, blir tatt ut, dersom meklinga ikkje føre fram.

Les  meir informasjon om konsekvensar av streiken ved UiO

(Oppdatert 23. mai klokka 17:16)

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidmiljø, Lønn/lønnsforhandlinger Av Martin Toft
Publisert 22. mai 2018 20:17 - Sist endra 23. mai 2018 17:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere