Skal sjå på samlivet mellom menneske og plantar sidan vikingtida

Forskingsprosjektet «Menneske og plantar»  ved Naturhistorisk museum på UiO er tildelt 8,5 millionar kroner av Forskingsrådet. Det skal studera rolla til plantane i skandinavisk kultur frå vikingtida og fram til dag.  

FEKK MILLIONAR: Dei tre forskarane frå høgre: Anneleen Kool,Irene Teixidor-Toneu og Karoline Kjesrud er tildelt 8,5 millionar for å forska på forholdet mellom menneske og plantar gjennom historia. Lengst til venstre, statsråd Iselin Nybø i samtale med UiO-rektor Svein Stølen.

Foto: Ola Sæther

– Dette er veldig spennande, og ei veldig fin oppfylging av Humaniora-meldinga. Og så er det så fint at alle er avhengige av kvarandre,  tykte statsråd for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø, då ho i går tok turen til Naturhistorisk museum. Der møtte ho dei tre forskarane Karoline Kjesrud, Irene Teixidor-Toneu og Anneleen Kool som saman skal leia forskinga.

Medan dei to sistnemnde kjem frå Naturhistorisk museum kjem Karoline Kjesrud frå Det humanistiske fakultetet. 

– Me møtte kvarandre på eit seminar om vikingtida og me fann ut at me kunne gjera noko saman, fortel Anneleen Kool, Karoline Kjesrud og Irene Teixidor-Toneu til Uniforum.   Det er Naturhistorisk museum som skal leia forskinga.

Forskar også på økologisk bruk

I fylgje ei melding frå Forskingsrådet skal prosjektet visa korleis menneska har bidrege til å skapa biologisk mangfald gjennom nytteplantar, eit mangfald som nå er truga. Dersom plantar til bruk i mat og medisin forsvinn, vil det ha mykje å seia for menneska. Forskarane skal også studera den nye interessa for økologisk bruk av plantar i mat og medisin.

Vil ha formidlingsmøte

– Me vil bruka vanlege folk til å samla inn data, gjennom å ha formidlingsmøte med dei, sa Anneleen Kool til statsråd Iselin Nybø, museumsdirektør Tone Lindheim og UiO-rektor Svein Stølen.  – Det blir mykje nytt me kan læra av dei når dei skal forska heilt frå vikingtida og fram til i dag, konstaterte statsråd Iselin Nybø.   Og UiO-rektor Svein Stølen fylgde opp: – Det er veldig hyggeleg med eit så godt tverrfagleg prosjekt. Her kjem alle til sin rett til beste for begge faga. Og så er det så bra at dei satsar på god formidling. Det brenn også eg for, sa Svein Stølen.

 

64 søkte, 8 fekk pengar

Prosjektet «Menneske og plantar» var i konkurranse med 63 andre prosjekt om å få tildelinga frå Forskingsrådet. Til slutt enda det med at 8 av søkjarane fekk tilslag om løyvingar frå Forskingsrådet.   Seks av dei åtte prosjekta blir leidde av kvinner, akkurat som «Menneske og plantar».  Til saman løyvde Forskingsrådet 70,6 millionar kroner til dei åtte forskingsprosjekta om samfunnsutviklinga sine kulturelle føresetnader (SAMKUL).

 

 

 

 

Emneord: Botanisk hage, Naturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 9. juni 2018 07:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere