Kriminolog Maria Hansen: – Offera melder ofte ikkje frå om dei kjenner overgriparen

– Når offer og overgripar kjenner kvarandre, er det ikkje sikkert ein vil melda frå til politiet, sjølv om noko straffbart har hendt. På eit universitet kan det også vera personlege interesser som spelar inn, seier UiO-stipendiat i kriminologi, Maria Hansen.

MELDER IKKJE IFRÅ:  – Det er ikkje sikkert at offera ynskjer å setja seg i ein situasjon der dei risikerer å finna ut kven av kollegaene som trur på henne eller på kollegaen som vart skulda for overgrepet, noko dei risikerer i ei eventuell rettssak, fortel  UiO-stipendiat Maria Hansen.

Foto: Ola Sæther

– Ein person som har ei mellombels stilling på eit universitet, vil helst ikkje skapa bråk. Kanskje kan det også vera vanskeleg å sjå ein kollega som ein sånn person som valdtar. Og derfor melder dei kanskje ikkje frå til politiet.

Det seier doktorgradsstudent Maria Hansen ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking på UiO. Ho skriv ei doktoravhandling i kriminologi om fyllesex på godt og vondt og forholdet mellom grensesetting og samtykke til sex i fylla.

Maria Hansen har nyleg avslutta eit forskingsprosjekt om partnarvald og tidlegare har ho skrive om kvinner som ikkje har meldt valdtekter til politiet.

Ei kartlegging som analysebyrået Ipsos nyleg har gjort på oppdrag frå fleire norske universitet viser at 18 personar rapporterer at dei har vore utsette for valdtekter og 299 av dei meinte dei har vore utsette for seksuell trakassering. Seks av tilfella av valdtekt kjem frå Universitetet i Oslo. Verken dei seks eller nokon av dei andre tilfella er melde til politiet.

Maria Hansen seier at det ikkje er overraskande at det som skjer i samfunnet utanfor akademia også no er avdekka ved universitetet.

– Det er ikkje sikkert at offera ynskjer å setja seg i ein situasjon der dei risikerer å finna ut kven av kollegaene som trur på henne eller på kollegaen som vart skulda for overgrepet, noko dei risikerer i ei eventuell rettssak, fortel ho.

Det er først ei god stund seinare at offera ser på det som har skjedd som noko som ikkje burde ha hendt.

– I nokon tilfelle kan det ta ei stund før offeret ser på det som hendte som ei valdtekt, det kan vere det  vert opplevd om fullstendig feil, men det er ikkje sikkert vedkommande vil setje ordet valdtekt på det. Og då er det ikkje så rart om dei ikkje melder frå til politiet, synest Maria Hansen.

Ho ser også at det kan vera fleire grunnar til at ingen saker er blitt melde til politiet.

– Berre 58 prosent av dei som svarer på rapporten kjenner til Si fra-systemet til Universitetet i Oslo. Kanskje dei ikkje veit korleis dei skal gå fram for å melda ei valdtekt til politiet, lurer ho på.

– Vil kosta for mykje dersom dei melder frå

Maria Hansen viser til at det i talmaterialet frå kartlegginga kjem fram at offera kjenner overgriparen frå før.

– Basert på mi eiga forsking kan ein tenkja seg at det er vanskeleg å sjå på ein kollega som ein valdtektsmann, seier ho, før ho held fram.

– Ei anna forklaring kan vera at dei ser på vedkommande som ein fæl person, men at dei likevel konkluderer med at det vil kosta for mykje dersom dei melder frå. Relasjon og omstenda rundt overgrepet ser ut til å ha mykje å seia for om eit overgrep vert meldt til politiet eller ikkje, fortel Maria Hansen. 

Ho peikar på at det kan vera at overgrepet skjedde i ein situasjon som ikkje gjer at offeret kjem særleg heldig ut av det, trass i at det ikkje orsakar overgrepet.

– Eit døme kan vera fyll. Frå mi eiga forsking kjenner eg til eit døme der ei kvinne blei med ein mann ned i ein kjellar for å ta dop, men så blei ho valdteken i staden. Ho konkluderte med at i ei eventuell rettssak kunne dette bli brukt mot truverdet hennar, og blant anna derfor let ho vera å melda ifrå, fortel Maria Hansen.

– Ei valdtekt er ei for mykje

UiO har sett i gang kurs for leiarar på alle nivå ved Universitetet i Oslo for å setja seksuell trakassering og overgrep på dagsordenen og førebyggja at slikt skjer.

rapporten om mobbing og seksuell trakassering ved UiO kunne visa til at tilsette hadde opplevd seks valdtekter i eit tidsrom på tolv månader, blei rektor Svein Stølen sjokkert. 

– Ei valdtekt er ei for mykje. Dette er alvorlege tal. Me må no gå gjennom og reflektera over kulturen vår og dei skeive maktforholda ved Universitetet i Oslo, sa Svein Stølen til Uniforum. Samtidig peika han på at dei hadde jobba med å setja i verk naudsynte tiltak for å førebyggja slike tilfelle, heilt sidan han sette seg i rektorstolen i august 2017.

– Me sette i verk tiltak frå første dag eg var på jobb i rektoratet. Me har mellom anna sett i gang kurs for leiarar på alle nivå. No må me bruka denne kartlegginga for å intensivera dette arbeidet, slik at me kan få ein kultur som i mykje større grad hindrar at dette skjer, understreka han.

Ulike råd til kvinner og menn

Maria Hansen veit ikkje om det hjelper å setja i gang slike eller andre tiltak.

Forskaren ser også skilnader i dei råda som blir gitt til kvinner og dei som blir gitt til menn.

– Menn får aldri råd om å lata vera å drikka seg fulle for å hindra at dei skal bli valdtektsmenn. Men kvinner får heile tida beskjed om ikkje å drikka seg fulle for at dei ikkje skal bli utsette for valdtektsmenn, trekkjer ho fram.

Maria Hansen viser også til at like situasjonar kan opplevast som forskjellige.

– Omstenda og relasjonane rundt kan også vera utslagsgjevande peikar ho på.

– Er denne situasjonen verre eller betre i akademia enn i resten av samfunnet?

–.Når det skjer utanfor akademia ville det vore ulogisk om det ikkje skjedde innafor akademia også ,poengterer ho.

 

Emneord: Seksuell trakassering, Etikk, Arbeidsforhold. Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 4. sep. 2019 04:30 - Sist endra 5. sep. 2019 12:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere