Ingen er enno blitt koronasmitta på universitetsområdet til UiO

Så langt er ingen studentar eller tilsette på UiO blitt smitta på universitetet. Det konstaterer rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen. – Det viser at dei tar ansvar, meiner dei.

MØTER HENRIK ASHEIM MÅNDAG: – Då får me vita meir om kva som skal skje med undervisninga, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen. Rektor Svein Stølen er også spent på om Oslo kommune vil halda fram med sine koronatiltak. (Arkivfoto) 

Foto: Ola Gamst Sæther

I dag er det 10 månader og tre dagar sidan statsminister Erna Solberg kunngjorde strenge tiltak i heile landet for å slå ned smitten frå koronaviruset. 

• Les i Uniforum: Korona: Alle universitet, høgskular, skular og barnehagar blir stengde i to veker

Dei tilsette på UiO måtte gjera om bustaden sin til heimekontor, medan studentane måtte sitja på hybelen og fylgja med på undervisninga digitalt.  

I slutten av mai, blei det lempa litt på restriksjonane og tilsette og studentar begynte etter kvart å venda tilbake til universitetsbygningane.

Ny koronabylgje i oktober

Men i slutten av oktober tok den andre koronabylgja til, og dei tilsette måtte venda tilbake til heimekontoret, medan det igjen blei hovudsakleg digital undervisning for studentane. 

Og rett etter nyttår kom forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim ei tilråding til studentane om å halda seg hos familien ei stund til, medan universiteta og høgskulane blei bedne om ikkje å ha fysisk undervisning før etter 18. januar. 

Asheim møter universitetsleiarar måndag

Og førstkomande måndag skal statsråd Henrik Asheim, ifylgje Khrono, i eit møte med leiarane for universiteta og høgskulane for å informera dei kva som skal skje vidare av moglege koronatiltak.

– Då får me vita meir om kva som skal skje med undervisninga, seier univerisitetsdirektør Arne Benjaminsen. UiO må dessutan fylgja dei lokale koronareglane til Oslo kommune.

– Kommunen vil også i neste veke koma med nytt om dei restriksjonane som skal gjelda for Oslo, poengterer rektor Svein Stølen. Begge dei to toppane på UiO, er svært glade for at UiO har unngått mange koronatilfelle blant studentane og dei tilsette.

– Har vist stort ansvar

– Så langt viser det seg at ingen, verken tilsett eller student, er blitt smitta av koronaviruset på universitetsområdet.  Det viser at både studentane og dei tilsette har vist stort ansvar, synest Svein Stølen. For dei er det eit teikn på at dei har gjort noko rett.

– Koronastrategien har fungert godt til no, slår Arne Benjaminsen fast. 

Svein Stølen meiner at det må heile Noreg ta æra for. 

– Eg må skryta av heile det norske samfunnet. No ser me også lyset i den andre enden av tunnelen. Det er også først og fremst eit teikn på at alle tar koronasituasjonen alvorleg, slår han fast. 

– Lesesalar og bibliotek er opne

For Arne Benjaminsen er det viktig å understreka at sjølv om ikkje alt er som før på universitetet, så er det mogleg å ta seg ein tur dit.

– Ja, lesesalar og bibliotek er opne. Dei må rett nok reservera plass på lesesalen. Inntrykket mitt er at alle tar situasjonen med stor forståing og ro, seier Arne Benjaminsen.

– Blir tatt godt imot

Denne veka er også fleire av utvekslingsstudentane frå Europa på plass i Oslo. Det er rektor Svein Stølen glad for, men han understrekar at han enn ikkje har førstehandskunnskap om situasjonen deira.

– Men det er eg har fått rapportar om, er at dei blir tatt godt imot og innlosjerte på hotell i karantenetida. No tar andre i universitetsorganisasjonen seg av dei, og eg er derfor sikker på at dei blir tatt godt vare på av gode folk, understrekar han.

Studentar er på laboratoria og ute i praksis

Svein Stølen trekkjer fram at det berre er ordinær undervisning som går føre seg digitalt.

– Dei som må gjera forsøk i laboratoria går sjølvsagt dit, medan dei som er i praksis på medisinstudiet, også er ute i felten, peikar han på.

– SiO gjorde ein formidabel jobb

Begge viser også til kor godt samarbeidet mellom UiO og Studentsamskipnaden i Oslo har vore i koronatida.

– SiO gjorde ein formidabel jobb med etablera teststasjon for korona på universitetsområdet. Og no er dei i ferd med å setja opp ein vaksinestasjon på Domus Medica, fortel universitetsdirektør Arne Benjaminsen.  

 – UiO og SiO har samarbeidd svært godt under koronapandemien, legg Svein Stølen til.

Ingen koronatilfelle melde sidan november

Dei siste kjende koronatilfella på UiO, blei melde inn i november. Då var det to medisinstudentar som var blitt smitta. Men ingen av dei var blitt smitta på Universitetet i Oslo, og dei hadde heller ikkje vore på institusjonen medan dei hadde symptom eller då dei blei testa.

Førstkomande måndag vert det altså kjent om UiO og dei andre universiteta og høgskulane må halda fram med digital undervisning nokre veker til, før dei kan opna opp for fysisk undervisning på lærestadene. Før 21. januar vil Oslo kommune kunngjera om dei strenge koronatiltaka i hovudstaden skal halda fram.    

Emneord: Koroanvirus, Koronaviruset, Arbeidsforhold, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 15. jan. 2021 19:11 - Sist endra 15. jan. 2021 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere