SISTE: Unio tar ut medlemar på UiO i mogleg streik

Unio tar ut medlemar på UiO i første uttak om det blir streik i staten frå torsdag 27. mai. Verken NTL, Akademikarane eller Parat tar ut sine medlemar på UiO i første omgang. 

Ei kvinne står utanfor ein regjeringsbygning

ANSTENDIG: – Me veit at ein streik alltid råkar folket, og håpar at arbeidsgjevar forstår kor naudsynt det er å leggja eit anstendig tilbod på bordet, seier Guro Elisabeth Lind som er forhandlingsleiar for Unio stat. (Arkivfoto)

Foto: Lars Kolltveit/Forskerforbundet

Det er Universitetet i Oslo,  Universitetet i Bergen, OsloMet, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Stavanger og NTNU, som blir hardast råka, dersom det blir streik i staten frå natt til 27. mai. Unio varslar nemleg i dag at fleire av deira medlemar på desse institusjonane vil bli tatt først ut. Uttaket vil gå ut over administrasjon, forsking, undervisning og bibliotektenester, går det fram av ei melding frå Unio.  Unio har også uttak i Kunnskapsdepartementet, Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (DIKU)) og Utdanningsdirektoratet. Det vil føra til forseinkingar i prosjekt og sakshandsaming, står det i pressemeldinga. Forskarforbundets medlemar ved Meteorologisk institutt er også sette i streikeberedskap, melder Unio. I det første uttaket vil altså også medlemane til Unio på Universitetet i Oslo bli tatt ut i ein eventuell streik. Tidlegare i denne saka stod det at dei ikkje ville ta ut medlemar på UiO. Grunnen var at pressmeldinga til Unio ikkje hadde ført opp Universitetet i Oslo blant dei institusjonane der medlemar skulle takast ut i ein eventuell streik. No er det retta opp på nettsidene til Unio. 

Tar ikkje ut medlemar på UiO

Uniforum har også vore i kontakt med Parat, som er med i ein av dei fire hovudsamanslutningane i staten som organiserer tilsette på UiO. Kommunikasjonsleiar Trygve Bergsland i Parat fortel at medlemane deira på UiO ikkje blir tatt ut i det første uttaket om det blir streik Om dei blir tatt med ved eit uttak 2, blir kunngjort 27. mai, opplyser han til Uniforum.

Me har også kontakta NTL og Akademikarane. LO stat som inkluderer NTL  opplyser på nettsidene sine at dei tar ut 1752 medlemar i streik, om meklinga ikkje fører fram. 80 av dei arbeider i Kunnskapsdepartementet, og 20 i Språkrådet.  Dei andre som blir tatt ut arbeider i andre departement og forvaltningsorgan.Ingen medlemar på UiO eller dei andre utdanningsinstitusjonane blir tatt ut.  Akademikarane har bestemt seg for å ta ut medlemar i statsadministrasjonen, Mattilsynet og Forsvarets forskingsinstitutt, går det fram av ei melding på nettsidene til organisasjonen. 

– Ikkje akseptabelt

Guro Elisabeth Lind er forhandlingsleiar for Unio stat. Ho håpar dei kan unngå streik.

– Me går inn i meklinga med ynske om å komme til semje med arbeidsgjevar. Det blei brot i forhandlingane fordi staten gav oss eit tilbod som i realiteten ville betydd at viktige statstilsette måtte gå ned i lønn. Det var sjølvsagt ikkje akseptabelt for oss. Me veit at ein streik alltid råkar folket, og håpar at arbeidsgjevar forstår kor naudsynt det er å leggja eit anstendig tilbod på bordet, seier Lind i ei pressemelding

Om det blir streik, vil også tilsette i politiet bli tatt ut. Ifylgje Unio kan publikum oppleva redusert svartid på ordinær kontakt med politiet, og i Sør-Vest politidistrikt vil kapasiteten ved grensekontrollen bli råka. Dette kan gi forseinkingar for blant andre utanlandske arbeidarar på veg inn i landet, melder Unio. Til saman vil 990 av medlemane til Unio bli tatt ut i ein mogleg streik frå natt til torsdag 27. mai.

Akademikarane unngår å råka dei som arbeider med pandemien

Heller ikkje Akademikarane vil altså ta ut sine medlemar på UiO i ein streik, om meklinga ikkje fører fram.  Dei tar ut medlemar i statsadministrasjonen, i Mattilsynet og ved Forsvarets forskingsinstitutt, står det i ei melding som er lagt ut på Akademikarane sine nettsider.

Det er medlemar på desse stadene som går først ut i streik: 

  • Barne- og familiedepartementet
  • Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon
  • Forsvarets forskingsinstitutt
  • Mattilsynet

Leiar for Akademikarane stat Kari Tønnessen Nordli legg vekt på at dei har tatt spesielle omsyn når dei har bestemt kven som skal takast ut i ein mogleg streik.

- Målet med ein streik er å råka arbeidsgjevar. Me er framleis i ein pandemi og me er spesielt opptatt av at streikeuttaket ikkje skal råka smittevernet, handteringa av pandemien og grupper som er sterkt berørte av pandemien, seier Nordli i meldinga på nettsida til Akademikarane.

Akademikarane sitt krav inn i årets lønnsforhandlingar er klar reallønnsvekst for medlemane.

- Det er i dag eit ganske stort gap mellom lønn i privat sektor og staten, og med fjorårets oppgjer auka gapet. Staten må vera villig til å bruka lønn til å halda på kompetansemiljøa sine, seier Nordli.

(Oppdatert kl 16:25 med opplysningar om at også medlemar i Unio på UiO blir tatt ut om det blir streik i staten og kl 16:44 med melding om kvar LO Stat vil ta ut medlemar i ein mogleg streik ) 

 

Av Martin Toft
Publisert 21. mai 2021 15:39 - Sist endra 21. mai 2021 17:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere