UiO-forskarar med seminar om mangfald: – Mange perspektiv har mangla

Kva skal til for at akademia skal bli meir likestilt, inkluderande og mangfaldig? For å få nokre  svar på det, arrangerer stipendiatane Ingvild Badhwar Valen-Sendstad og Elisabet García González eit seminar på UiO torsdag 10. mars.

STÅR BAK SEMINAR OM MANGFALD: – Me blir svært glade om det blir ein diskusjon rundt konkrete problemstillingar som har med dette å gjera, og korleis me kan sjå framover, seier Elisabet Garcia González (t.h.) som saman med Ingvild Badhwar Valen-Sendstad inviterer til seminar om mangfald. 

Foto: Martin Toft

Mangfald i akademia har vore eit tema i lang tid både på Universitetet i Oslo og på andre høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg. I løpet av våren vil også Universitetsstyret få overlevert ei kartlegging av korleis det står til med mangfald og inkludering på Universitetet i Oslo.

 • Les meir: Nå skal mangfoldet på UiO kartlegges

I god tid før den er klar, tar no stipendiatane Elisabeth García González og Ingvild Badhwar Valen-Sendstad frå MultiLing- senter for fleirspråklegheit på UiO initiativet til eit seminar om mangfald, inkludering og likestilling i akademia. Og det er fleire grunnar til at dei gjorde dette.

– Det viktigaste for oss er å inkludera mest mogleg personar som kan fortelja om sine eigne erfaringar og perspektiv. Derfor er det viktig at me kan møtast og diskutera dette, fortel Ingvild Badhwar Valen-Sendstad.  

– Mange perspektiv har mangla

Og Elisabet García González tar også med ein del andre grunnar.

– Både Ingvild og eg er svært opptatt av dette og me deler også kontor. Me har sett på det som har vore av diskusjon rundt mangfald i akademia på agendaen tidlegare. Konklusjonen vår er at mange perspektiv har mangla, til dømes korleis ting har avgrensa tilgangen til akademia, og det vil me prøva å retta opp ved å få også slike perspektiv med på dette seminaret, seier ho.

– Dette er komplekse tema

Dei ser også klart at det faktum at dei forskar på mangfald og fleirspråklegheit, har gjort at temaet engasjerer dei.

– Me jobbar til dagleg med forskjellige språk, migrasjon, kjønnsperspektiv og mangfald. Derfor er det fint å få koma saman og dela dei ulike perspektiva og finna ut kva me kan gjera for å fremja interseksjonelle perspektiv. Dette er komplekse tema, fortel Valen-Sendstad.

Interseksjonalitet definerer dei som eit svært omfattande omgrep.

– Det blei først brukt av Kimberlé Williams Crenshaw om afro-amerikanske kvinner og korleis dei opplevde ulike typar undertrykking fordi dei tilhøyrde forskjellige identitetar. Det blir vist til korleis maktstrukturar kan både gi og hindra moglegheiter for dei i den akademiske verda. Så me prøver å få det omgrepet til å omfatta alle ulike identitetar i akademia, forklarar García González.

Seks akademikarar vil halda innlegg

På konferansen vil dei ta opp mange område som fell innanfor mangfald og det som dei altså kallar for interseksjonalitet. Derfor har dei fått seks akademikarar frå universitet både i Europa og USA til å snakka om fleire tema knytte til kjønn, sosioøkonomisk klasse, funksjonsvariasjon, språk, etnisitet og internasjonalisering i akademia.

– Ei av arbeidsgruppene vil bli leia av Pia Lane frå MultiLing-Senter for fleirspråklegheit og der skal dei snakka om samisk identitet og kvensk identitet. Også korleis det er å vera den første generasjonen i ein familie som går på universitetet vil bli eit tema. Dessutan vil me ta opp ting som andre generasjonen av migrantar opplever, seier Garcia González.

I tillegg vil dei inkludera emne som korleis forskarar har erfart å vera mødrer, ulike kjønnsperspektiv, det tverrfaglege og internasjonalisering.

– Diskusjonen rundt avkolonisering i akademia og korleis gå framover i forsking er også noko me vil ta med på seminaret, legg ho til.

Forskarkollegaen Valen-Sendstad seier at det er overlappande statusar og identitetar som kan påverka folk sin tilgang til akademia..

– Berre det faktum at tilgang til akademia for forskjellige etniske grupper er ulik for folk med forskjellig etniske bakgrunnar og ulik kjønnsidentitet. Det trur eg er hovudpoenget vårt, understrekar ho.

– Kan visa korleis folk har klart å navigera

Elisabet García González synest det er bra at mangfald blir diskutert og tatt opp i akademia. Men ho meiner det likevel ikkje er nok. Det er viktig med andre tiltak også.

FOR ALLE:  – Og seminaret vil vera aktuelt for folk i akademia med ulik bakgrunn og ulike erfaringar, peikar Elisabet García González  og Ingvild Badhwar Valen-Sendstad på. (Foto: Martin Toft)

 

– Eit slikt seminar kan visa korleis folk har klart å navigera i dette farvatnet. Dei kan fortelja om sine eigne erfaringar og høyra korleis andre har klart dette. Me blir svært glade om det blir ein diskusjon rundt konkrete problemstillingar som har med dette å gjera, og korleis me kan sjå framover, håpar ho.

Ingvild Badhwar Valen-Sendstad trekkjer fram at dei er svært nøgde med at seminaret er blitt finansiert av Det humanistiske fakultetet.

– Me takkar MultiLing for å ha hjelpt til med organiseringa og logistikken rundt seminaret. Så er det fint at dekan Frode Helland vil opna seminaret med å fortelja om Det humanistiske fakultetet sin handlingsplan for likestilling og mangfald 2020-2023. Me set også stor pris på at prorektor Åse Gornitzka vil avslutta seminaret med å fortelja om strategien som blir utvikla for universitetet, seier ho.

Skal overlevera forslag til HF

No håpar dei at mange vil koma på seminaret, og derfor har dei invitert studentar og forskarar frå alle fagdisiplinar til å delta.  

– Og seminaret vil vera aktuelt for folk i akademia med ulik bakgrunn og ulike erfaringar, peikar dei på.

Diskusjonsgruppene skal koma med forslag som seinare skal overleverast til Det humanistiske fakultetet.

Seminaret startar torsdag 10. mars kl. 10.00 i auditorium 2 i Kjemibygningen.

• Les meir om mangfald på UiO i Uniforum: 

Rektor beklager innhold i e-post om mangfoldskartlegging

Nå skal mangfoldet på UiO kartlegges

UiO med ny tiltaksplan for mangfold - uten konkrete tiltak

 

 

 

 

Emneord: mangfold, Likestilling, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 9. mars 2022 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere