Universell utforming av digitale læremiddel vil kosta UiO 100 millionar kroner

Om UiO hadde oppfylt regelverket om universell utforming av læremiddel, ville rekninga ha kome på 100 millionar kroner. Det seier Tomm Eriksen og Ida Meland  i  USIT som arbeider med universell utforming av digitale tenester på UiO.

Ein mann og ei kvinne står ved eit bord med ein stor skjerm mellom seg.

AUTOTEKSTING PÅ NORSK: – Derfor skal  me prøva å få gjennomført eit tiltak med autoteksting av lyd- og videoopptak på norsk, seier prosjekteigar Tomm Eriksen og prosjektleiar Ida Meland. Dei leier arbeidet med universell utforming av digitale løysingar på UiO. På biletet har dei fått undertekstar på USIT-direktør Lars Oftedal. 

Foto: Martin Toft

Det er eit generelt krav at alle skal ha tilgang til offentlege bygningar anten du er sjåande eller blind, døv eller høyrande, gåande eller må bruka rullestol. Ikkje alle veit at offentlege institusjonar som Universitetet i Oslo, som også er ein lærestad, har plikt til å tilby universell utforming av alt undervisningsmateriell. Det er framleis langt igjen før Universitetet i Oslo oppfyller det kravet. Det stadfestar Ida Meland og Tomm Eriksen som er prosjektleiar og prosjekteigar for arbeidet med universell utforming av digitale tenester på UiO.

Universell utforming

Lovkrava i kortform:

 • Vert styrt  av eit sett med retningslinjer (WCAG).

• Innhald må vera mogleg å oppfatta:

 • Video, lyd og bilete må ha tekstalternativ

• Nettsider og dokument må vera korrekt utforma

• Innhald må også vera mogleg å bruka, forståeleg og robust.

Lovkrav og status

• Fra 1.1.2019 er skule- og utdanningssektor omfatta av krava om universell utforming i IKT-føreskrifta.

• Føreskrifta stiller krav til utforming av nettsider, læringsplattformer, læremiddel, appar og automatar.

• Digitaliseringsdirektoratet fører tilsyn med etterlevinga av føreskrifta.

• Statusmålinga i 2018 gav NTNU sine nettsider 56 % samsvar med krava i føreskrifta. Dette er 176. plass av 278 undersøkte verksemder.

(Kjelder: Universell, UU-tilsynet og Digitaliseringsdirektoratet)

Oppdraget  om å kartleggja situasjonen fekk dei av UiO og Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT) og UiO i januar 2021.  I dette prosjektet samarbeider dei tett med LINK, Avdeling for kommunikasjon og Studieadministrativ avdeling.

– Store manglar på innhald og system

 – Det var tydeleg at noko måtte gjerast når det gjaldt universell utforming av læremiddel på UiO. Derfor etablerte me den første delen av prosjektet for universell utforming som skulle gå fram til september 2021, fortel Ida Meland som fekk i oppgåve å vera prosjektleiar.   USIT-veteran Tomm Eriksen som er leiar for Gruppe for brukaropplevingar, blei prosjekteigar.

  – Me såg på nokre utvalde læringstenester. Då oppdaga me at det var store manglar når det handla om kravet om universell utforming.  Det var ikkje minst på innhald og system, seier Tomm Eriksen. 

Etter at koronapandemien kom til Noreg og UiO blei stengt for fysiske førelesingar frå og med 12. mars 2020,  skjedde det ein eksplosjon i talet på videoopptak av digitale førelesingar. 

– Svært få hadde tenkt på at det er nødvendig å teksta desse digitale førelesingane for at dei skal vera tilgjengelege for døve eller hørselshemma studentar. Men alle videoar som er retta mot studentar, må ha undertekstar, understrekar Ida Meland.  Dette blir det synda mot heile tida på Universitetet i Oslo.

– 10 000 videoopptak i semesteret

Begge har rekna på kor mange videoopptak av førelesingar som blei produserte før og under pandemien. 

– Tala viser at det blei laga 100 videoopptak i semesteret før pandemien, medan det i dei to åra med pandemi blei produsert 10 000 videoopptak i semesteret. Og det er berre eit mindretal av dei som er teksta, slår dei fast.

Det er grunnen til at dei no har fått i oppdrag å få gjort noko med dette. 

– Derfor skal  me prøva å få gjennomført eit tiltak med autoteksting av lyd- og videoopptak på norsk.  I dag finst det ikkje på norsk, men det eksisterer eit godt program på engelsk. Målet vårt er å få lagt undertekstar på norsk på alle dei video- og lydopptaka som er produserte så langt, seier dei til Uniforum.

–Treng 100 millionar dei komande åra

Men dette arbeidet blir ikkje billeg. 

– For å kunna gi desse førelesingsvideoane som allereie er produserte treng me 30 millionar kroner.  Men for at det skal vera mogleg å gjennomføra heile prosjektet på UiO, slik at alle digitale læringstenester vert universelt utforma, treng me 100 millionar kroner dei komande åra. Så langt i år har prosjektet fått 2,7 millionar kroner, seier Tomm Eriksen og Ida Meland.  Begge er likevel nøgde. – Ja, me er glade for denne satsinga frå UiO.

Mange tenkjer at universell utforming ikkje er noko som vil omfatta så veldig mange.   Det er ei stor misforståing. 

– Om me tar me alle som er i denne målgruppa, studentar med funksjonsnedsetting, nedsett syn eller hørsel, nedsette kognitive funksjonar eller som har dysleksi og plussar dei på med alle andre i Noreg med dei same fysiske funksjonsnedsetjingane, vil det summera seg til ein million nordmenn, har dei rekna ut.  

– Universell utforming vil derfor som regel  vera nødvendig for nokre, men eit gode for alle, slår dei fast.

– UiO må byggja opp eigen kompetanse

No oppfordrar dei Universitetet i Oslo til å ta ansvar for at det blir gjennomført universell utforming av alle digitale læringstenester.  

– UiO må derfor må byggja opp eigen kompetanse på  dette området. Kvart fakultet bør ha tilsette som har kunnskap om universell utforming. Dette er ikkje noko som kan setjast bort til konsulentar heller, formanar dei.  

Begge viser til at eksterne leverandørar ikkje har krav til at tenestene deira skal vera universelt utforma. 

– Men me kan gjerne bistå slik at UO kan få det inn som eit kriterium for dei eksterne som vil levera digitale tenester til oss, seier dei. 

Planen deira er at lovverket for universell utforming skal bli kjent på  UiO.

– Me planlegg derfor å ta ein besøksrunde til  alle dei åtte fakulteta på UiO. 

Dei planlegg også å bistå rundt evaluering av universell utforming ved innkjøp av system i samarbeid med innkjøpsavdelingen.

– Gjeld ikkje same krav for administrasjonen

Både Ida Meland og Tomm Eriksen ser også eit paradoks i lovverket om universell utforming.

– Det er eit krav om at all studentretta verksemd skal oppfylla krava i lova. Samtidig gjeld ikkje dei same krava for administrasjonen til UiO.  Det kan også vera behov for universell utforming av digitale tenester for dei teknisk-administrative tilsette på UiO også. Fleire av oss kan få både dårlegare hørsel og dårlegare syn med åra, peikar dei på.

I dag finst det eit eige tilsyn for universell utforming under Direktoratet for digitalisering. 

– Dei hjelpte til med å retta opp eksamenssystemet som UiO brukar, slik at det oppfylte krav i lova om universell utforming.

 IKKJE SAME KRAV: – Det er eit krav om at all studentretta verksemd skal oppfylla krava i lova. Samtidig gjeld ikkje dei same krava for administrasjonen til UiO, fortel prosjektleigar Tomm Eriksen og prosjektleiar Ida Meland i Universell utforming-prosjektet til UiO. (Foto: Martin Toft)

– Eit godt stykke å gå

Til saman har prosjektet fått 600 000 kroner i eksterne midlar frå Barne- og ungdoms - og familiedirektoratet (BUFDIR) og statsorganet Universell. Del to av prosjektet går fram til og med juni i år. Meininga er at dei skal laga e-læringskurs og andre kurs om universell utforming . Eit døme på det er korleis ein førelesar kan laga ein powerpoint-presentasjon slik at den er universelt utforma. I tillegg skal dei driva med anna informasjonsarbeid om universell utforming.

– Det er eit godt stykke å gå, før me er i mål, konstaterer prosjektleiar Ida Meland og prosjekleigar Tomm Eriksen ved USIT.

• Les meir om universell utforming i Uniforum: 

Mottar UiOs menneskerettighetspris: – Prisen betyr at innsatsen er blitt verdsatt

UiO strømmer debatter - etterpå får ingen se opptaket

Stølen og Rossiné slår ring om dei nye nettsidene

UiOs nydesigna nettsider skaper sterke kjensler blant tilsette

Uenighet om UiOs nettsider: Advarer kollleger mot å bruke dem

Universitetet i Oslo felt  for diskrimering av rullestolbrukere

Vi må ha dialog om uio.no

UiOs nettsider er en viktig forskningsinfrastruktur

Etterlyser mer forskning på universell utforming

Emneord: mangfold, undervisning, Læring Av Martin Toft
Publisert 9. mai 2022 04:30 - Sist endra 9. mai 2022 17:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere