Vinnarane av utdanningsprisen: – Me deler lidenskapen og interessa for fornybar energi

Matylda N. Guzik, Sabrina Sartori og Marianne Zeyringer har saman etablert ei masterutdanning i fornybare energisystem på Institutt for teknologisystem på Kjeller. No har alle tre blitt premierte med UiOs utdanningspris.

Eit bilete av to kvinner som går gjennom ei svingdør.

VIL VEKSA: – Med denne prisen både håpar og ventar me at me berre kan halda fram med å veksa, seier Matilda N. Guzik (t.h.). Og Sabrina Sartori er einig. Saman med Marianne Zeyringer er dei tildelt UiOs utdanningspris for 2022 for masterprogrammet "Renewable Energy Systems".

Foto: Ola Gamst Sæther

Dei tre utdanningsprisvinnarane Matylda N. Guzik, Sabrina Sartori og Marianne Zeyringer er stadig på farten mellom Oslo og Kjeller og mellom Kjeller og andre stader i landet, som til dømes Trondheim.

Å samla dei tre til ein felles prat, viste seg å bli svært vanskeleg, så difor måtte Uniforum nøya seg med å ta eit felles intervju med førsteamanuensis Sabrina Sartori og førstelektor Matylda N. Guzik utanfor Forskningsparken i Gaustadalleen, medan me måtte ta eit zoomintervju med den tredje prisvinnaren, førsteamanuensis Marianne Zeyringer nokre dagar seinare.  

Dette står i grunngjevinga for å gi dei Utdanningsprisen:

«Vinnerne har sammen utviklet et fagmiljø der bærekraft står sentralt i alle faglige aktiviteter. De har lykkes i å skape et nytt tverrfaglig studietilbud med høy grad av arbeidslivsrelevans, og masterstudiet har utdannet mange kandidater som kvalifiserer til opptak til forskerutdanningen. De tre er gode forbilder for kvinnelige studenter i et tradisjonelt sett mannsdominert teknologimiljø ved ITS. De har utmerket seg som engasjerte formidlere og aktive aktører på den internasjonale forskningsarenaen.»

– Alltid fantastisk å få ein pris

– Gratulerer med prisen!
– Tusen takk, seier dei i kor.

Både Sabrina Sartori og Matylda N. Guzik synest det er storveges å ha fått tildelt utdanningsprisen frå UiO.  

– Det kjennest alltid fantastisk å få ein pris, ikkje minst viser det at arbeidet vårt med å etablera dette masterprogrammet blir sett pris på av UiO, seier Matylda N. Guzik, og Sabrina Sartori nikkar samtykkjande. Og Marianne Zeyringer uttrykkjer også stor glede over prisen via zoom.

– Det er viktig å vita at Universitetet i Oslo viser kor viktig det er med eit masterprogram i fornybare energisystem., synest ho.

 – Svært framtidsretta

Og Marianne Zeyringer konstaterer at dette masterprogrammet treffer midt i blinken når det gjeld å oppfylla måla i Klima- og miljøstrategien til UiO.

Førsteamanuensis Marianne Zeyringer er den tredje prisvinnaren. (Foto: UiO)

 – Det er eit godt døme på at UiO ser behovet for at det blir utdanna studentar på dette området som er svært framtidsretta. Me har god forsking på området, men me kan ikkje driva all forsking sjølve, så derfor må me utdanna så mange som mogleg som både går ut i samfunnet og til andre delar av verda og som kan ha noko å seia på dette området, er Marianne Zeyringer overtydd om.

Lang historie bak etableringa

For å finna ut korleis det blei akkurat dei tre som skulle gå saman for å etablera det framtidsretta masterprogrammet i «Renewable Energy Systems», må me gå tilbake til 2013.

– Det er ei lang historie, seier Sabrina Sartori.

– I 2013 blei det tatt ei avgjerd om å starta eit kurs i «Renewable Energy: Science and Technology», og det starta med eit kurs som no er grunnfundamentet for resten av kursa. Me la til nye kurs med forskjellige emne til dette kurset. Og i 2017 kom representantar frå forskjellige institutt på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet saman for å finna ut om det var mogleg å etablera eit eige masterprogram i «Renewable Energy Systems», utan at den overlappa andre kurs på andre institutt. Konklusjonen blei at me kunne starta masterprogrammet på Institutt for teknologisystem ved UiO på Kjeller, fortel Sartori.

NÆR KONTAKT:  Institutt for teknologisystem held til på Kjeller i Lillestrøm. – Styrkja vår er den nære kontakten med naboane våre, både forskingsinstitutta, private selskap og vår eiga forsking, sjølvsagt, slår Sabrina Sartori (t.v.) fast. Og fagfella Matylda N. Guzik peikar på eit anna viktig punkt.  – Instituttet vårt har ein stor fordel av at det er i nær kontakt med grunnforskinga. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Så etter kvart kom både Matylda N. Guzik og Marianne Zeyringer med på laget.

– Alle me tre deler lidenskapen og interessa for fornybar energi, understrekar Sartori.

– Nødvendig å tilpassa programmet til dei skiftande behova

Og Matylda N. Guzik peikar på at dei likevel har heilt ulik kompetanse.

– Sidan me har ulike kompetansar, kan me kombinera den felles kunnskapen vår. Programmet blei også bygd opp heilt frå grunnen av, understrekar Guzik, før ho blir avbroten av Sartori.

– Og det er framleis i utvikling, Derfor er denne prisen veldig bra for det som me har oppnådd så langt, men eg føler ikkje at me enno er heilt nøgde, skyt ho inn, før ho blir avbroten av kollegaen.

– Og det er nødvendig å tilpassa programmet til dei ulike og skiftande behova som skjer rundt oss, konstaterer Guzik.

Og Sartori viser til at krigen i Ukraina også har påverka utviklinga av masterprogrammet.

 – Ja, det er klart, og også med den nye kursen frå FN når det gjeld kva tiltak som skal setjast inn mot klimaendringane. Derfor må me også friska opp innhaldet i dette masterprogrammet år for år, og også når det gjeld strukturen, trekkjer ho fram.

– Stor interesse

For henne er det då viktig å ta omsyn til både kva studentane ynskjer og kva samfunnet har behov for. Og nettopp fornybar energi har blitt eit svært populært tema blant studentar på UiO og i Noreg.

KAN KOMBINERA KUNNSKAP:  – Sidan me har ulike kompetansar, kan me kombinera den felles kunnskapen vår, seier Matylda N. Guzik. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Fornybar energi er noko det står om i alle aviser akkurat no. Så det er stor interesse for det temaet. Derfor meiner eg at me må auka talet på studentar som me tar inn på dette masterprogrammet, seier Guzik. Ho er klar over at dette også inkluderer å auka talet på tilsette som er knytte til masterprogrammet.

– Me tre utgjer kjernegruppa og er ansvarlege både for å sørgja for ressursar til forsking og undervisning der. Med denne prisen både håpar og ventar me at me berre kan halda fram med å veksa, seier Guzik optimistisk.

– Ei utfordring

Institutt for teknologisystem ligg i ein forskingsbygning på Kjeller i Lillestrøm kommune rett utanfor Oslo. Dei vedgår at det kan skapa vanskar for rekrutteringa av studentar.

– Det er absolutt ei utfordring. Så det me kan gjera, er å gjera programmet ekstremt attraktivt gjennom å leggja inn aktivitetar og emne som ikkje blir tilbydd av nokre av dei andre institutta på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Dessutan kan me inngå samarbeid der me har nokre studentar på Blindern og andre på Kjeller. I tillegg har me også eit eige transporttilbod mellom Blindern og Kjeller. Og me har også svært interessante naboar på Kjeller som til dømes Institutt for energitekniikk og Forsvarets forskingsinstitutt, fortel Guzik.

Så viser ho til at forskarar tilsette ved naboinstitusjonane også medverkar til å utviklia masterprogrammet vidare.

– Dei er svært nøgde med dette

Også Sabrina Sartori har opplevd at studentane stussar litt når dei opplever at dei held til langt ute på bygda.

– Dei lurer på kvifor me er her, og det må me alltid forklara dei under dei første førelesingane våre. Styrkja vår er den nære kontakten med naboane våre, både forskingsinstitutta, private selskap og vår eiga forsking, sjølvsagt, slår ho fast.

Sabrina Sartori er også overtydd om at studentane tar dette masterprogrammet fordi innhaldet er svært relevant, samtidig som dei får høve til å grava seg ned i spennande og interessante tema i masteroppgåva som er svært relevante for samfunnet.

– Tilbakemeldingane me får frå studentane er at dei er svært nøgde med dette, seier Sartori.

Matylda N. Guzik nikkar, men vil gjerne leggja til eit anna viktig punkt.

– Instituttet vårt har ein stor fordel av at det er i nær kontakt med grunnforskinga. Derfor prøver me å samla inn mest mogleg informasjon frå grunnforskinga, og bringa det vidare og nærmare næringslivet. For oss ville det ha vore ein draum å samla alle moglege idear i ein hatt med alle moglege aspekt av fornybare energisystem, også teknologi, men i tillegg også fag som sosiologi og antropologi., juss, psykologi og kombinera dei og skapa eit endå meir interessant studium for studentane, føreslår Guzik.

– Alle får seg jobb

Både Matylda N. Guzik og Sabrina Sartori er glade for at masterstudentane deira er svært ettertrakta i arbeidslivet.

NØGDE: – Tilbakemeldingane me får frå studentane er at dei er svært nøgde med dette, seier Sabrina Sartori. (Foto: Ola Gamst Sæther).

 

 – Alle får seg jobb medan dei held på med studia sine eller rett etter at dei er avslutta. Kompetansen dei har, er det stor etterspurnad etter hos dei selskapa som me har som naboar på Kjeller, fortel Sartori.

– Alle studentane som gjekk ut av masterprogrammet i fjor, er allereie i jobb, legg Guzik til.

– Kan bringa inn andre undervisningsmetodar

Alle dei tre har bakgrunn frå land utanfor Noreg. Marianne Zeyringer ser ikkje bort frå at det kan ha hatt litt å seia for rekrutteringa av studentar frå utlandet.

FORNYBAR ENERGI:  Marianne Zeyringer observerer her eit anlegg for solenergi i Chile. (Foto: Isabelle Viole/UiO)

 

 – Kanskje litt når det gjeld å fortelja om masterprogrammet innanfor våre eigne kanalar i utlandet. Det som er viktigare er at me alle har erfaring frå institusjonar i utlandet, der me har arbeidd og studert. På den måten kan me bringa inn andre undervisningsmetodar. Sjølv arbeidde eg lenge for University College London, så eg kom hit med masse inspirasjon og idear derifrå. Og eg studerte i Austerrike, medan eg tok doktorgraden min i Nederland. Sånn sett kan UiO ha nytte av at me har erfart ting som både fungerer veldig bra og veldig dårleg, før me kom hit, trur Marianne Zeyringer.

I grunngjevinga for å gi Utdanningsprisen til dei tre kvinnelege forskarane, står det at dei kan vera gode førebilete for at fleire kvinner studerer realfag. Så langt har dei ikkje sett noko til den effekten.

– Dei aller fleste av studentane på masterprogrammet vårt er menn, konstaterer Matylda N. Guzik, Sabrina Sartori og Marianne Zeyringer.

– Me veit jo ikkje kva som hadde skjedd om me tre var menn og ikkje kvinner, smiler Marianne Zeyringer.

– Men det kan jo henda at fleire kvinner vil søkja seg inn på masterprogrammet når dei ser at me som leier det, er kvinner, legg ho til.

Fredag ettermiddag får dei tre utdelt UiOs utdanningspris for 2022 på årsfesten i Universitetets aula.

 

• Les meir om UiOs prisar 2022 i Uniforum:  

Vinneren av UiOs forskningspris: – Vi vet mer om cøliaki

Vinnerne av innovasjonsprisen mener UiO er langt på etterskudd – Det trengs en tydelig satsning

 Forskinga hans kan gi personar med autisme betre livskvalitet

Sofie Høgestøl: – Det er alles ansvar å skape den takhøyden vi ønsker i akademia

 

Emneord: Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, UiOs priser, Utdanning Av Martin Toft
Publisert 2. sep. 2022 10:43 - Sist endra 5. sep. 2022 08:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere