– Katastrofalt for mange millionar jenter i Afghanistan

Denne veka gjorde Taliban det klart at kvinner ikkje lenger får gå på universitet i Afghanistan. – Det var forventa, men eg håpa det ikkje skulle skje, seier UiO-tilsett og afghanar Zahir Athari.

TILBAKE TIL 1990-TALET: – Situasjonen i Afghanistan er no tilbake til den tida då Taliban sist sat med makta i landet på 1990-talet, konstaterer UiO-tilsett og afghanar Zahir Athari etter at Taliban har innført forbod mot at kvinner får gå på universiteta. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Etter at Taliban overtok makta i Afghanistan i august 2021, har dei stadig vekk gjort livet vanskelegare og vanskelegare for kvinnene. Først forbaud dei jenter å gå på ungdomsskular og vidaregåandeskular. Dei skulle berre få ta barneskulen til og med sjette klasse. Og denne veka la Talban ned forbod mot at kvinner skulle få gå på universiteta i Afghanistan for å kunna få ei topp akademisk utdanning. Det har sjokkert heile verda, også Zahir Athari, som har jobba som vitskapleg assistent på Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) ved Universitetet i Oslo. For 20 år sidan kom han til Noreg frå Afghanistan.

– Viser kor mykje utdanning betyr for jenter i Afghanistan

– Dette er katastrofalt for mange millionar jenter i Afghanistan. 30 september blei 52 ungdommar drepne og 114 skadde i eit sjølvmordsangrep på Kaaj utdanningssenter då dei deltok i eit førebuande kurs til opptaksprøve til universitetet. Opptaksprøven skulle haldast 13 oktober, to veker etter angrepet. Likevel deltok mange av dei som blei skadde for livet i opptaksprøven og skåra høgtDet viser kor mykje utdanning betyr for jenter i Afghanistan, seier Zahir Athari til Uniforum.

Ein månad etter maktovertakinga til Taliban, spådde han i Uniforum at det ville føra til ei svært negativ utvikling for all høgare utdanning i Afghanistan.

– Maktovertakinga til Taliban er den verste fienden som akademia og akademisk fridom nokon gong har hatt i moderne tid. Universiteta og akademia vil bli eit tapt område som Taliban sjølv ikkje vil bruka pengar på. Det vil bli neglisjert, for Taliban har heile tida kjempa for ei islamisering av Afghanistan etter deira eiga tolking av islam, som er så smal at det berre er dei sjølve som tolkar religionen slik, varsla Zahir Athari den 30. september 2021.

• Les i Uniforum: Han ber om ein redningsaksjon for akademia i Afghanistan

No er det gått troll i ord, for i går blei afghanske kvinner stengde ute frå alle universiteta i landet. I møte han har hatt med UiO-rektor Svein Stølen har han lansert eit forslag om å etablera eit virtuelt universitet for å skaffa folk i Afghanistan høgare utdanning.

– Det er endå meir aktuelt no, slår han fast.

– Kvifor er dei så snille med Taliban?

 Zahir Athari håpar at UiO-rektoren kan hjelpa til med å realisera det forslaget.

– Situasjonen i Afghanistan er no tilbake til den tida då Taliban sist sat med makta i landet på 1990-talet, konstaterer han. Zahir Athari er skuffa over haldninga blant politikarar i Noreg. – Kvifor er dei så snille med Taliban? spør han. –  Eg vil oppfordra  utanriksminister Anniken Huitfeldt til å fordømma dette og støtta afghanske kvinner i staden for å være urolege for forholdet med Taliban, seier han til Uniforum.

– Desse kvinnene som no ikkje lenger får sleppa inn på universiteta, har satsa heile livet sitt på å utdanna seg, legg han til.

Tidlegare i dag kom det ei fordømming av Talibans avgjerd om å forby kvinner å ta høgare utdanning frå Noregs utanriksminister Anniken Huitfeldt saman med utanriksministrane frå Australia, Canada, Frankrike, Italia, Japan, Nederland, Spania, Storbritannia, Sveits, Tyskland og USA og  EUs høgrepresentant.  Dei meiner at forbodet viser at Taliban ikkje har respekt for menneskerettane og dei grunnleggjande rettane for folket i Afghanistan. Dei åtvarar også mot at avgjerda om å forby kvinner høgare utdanning kan få fylgjer i landa sitt samband med Afghanistan.

Trur akademia kan gjera noko

Zahir Athari er heilt sikker på at også norske universitet, forskarar og studentar kan gjera noko for kvinner som ikkje lenger får ta høgare utdanning.

– Eg ber norske studentar, akademikarar og universitet til å visa solidaritet og støtte med afghanske kvinnelege kollegear og studentar. Situasjonen blir ikke verre en dette. Viss Taliban tar frå dei retten til utdanning, må me visa  at verda er med dei, at Noreg er med dei. Det er faktisk mange moglegheitar som norske akademikarar og universitet har til å tilby dei det som Taliban tar frå dei, nemleg høgare utdanning, blant anna onlin- undervisning er eit praktisk alternativ. Dette har me full kapasitet for, er Zahir Athari overtydd om. 

Utestenginga av kvinner frå universiteta i Afghanistan har også ført til reaksjonar frå innbyggjarane i landet. I dag marsjerte mannlege studentar ut av universitetet i Nangarhar i protest mot forbodet mot å lata kvinner studera på universiteta. Også i Kandahar forlet studentar klasseromma i protest. Også i Kabul var det protestar, melder NRK og BBC.

UiO-rektor lovar å fylgja opp saka

UiO-rektor Svein Stølen er også opptatt av det som skjer med høgare utdanning i Afghanistan, også før nyhendet kom at kvinner hadde fått forbod mot å gå på universiteta.

– Me  sette dette på dagsorden i universitetsleiinga i førre veke, og vil vurdera kva me kan gjera og korleis. Ressursar må vurderast implisitt og i samarbeid med andre institusjonar. Me fylgjer opp saka over nyttår, lovar Svein Stølen.

(Oppdatert 22. desember 2022 klokka 13:00)

• Les meir om Afghanistan i Uniforum:

391 åtak på universitet i verda på eitt år

KRONIKK: Akademia i Afghanistan i eksistensiell krise

Forskere i Afghanistan rømmer landet

Han ber om ein redningsaksjon for akademia i Afghanistan

Minst 19 personer drept etter angrep på Universitetet i Kabul

– Pengane må gå til Afghanistan!

Lærte nytt språk gatelangs i Kabul

– USA må sleppa til Afghanistans president

– Overlevingsinstinktet avgjer lojaliteten i Afghanistan

 

 

 

 

 

 

Emneord: Afghanistan, Menneskerettar, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 21. des. 2022 23:04 - Sist endra 22. des. 2022 13:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere