Opptaksutvalet vil ikkje at alder lenger skal trumfa karakterar ved opptak til høgare utdanning

Alderstillegg og kjønnspoeng kan bli fjerna for søkjarar til høgare utdanning og ein standardisert opptaksprøve kan erstatta privatisteksamenar, føreslår Opptaksutvalet. NSO-leiaren er skeptisk til ein opptaksprøve.

Ei kvinne og ein mann står på eit podium

NYTT OPPTAKSSYSTEM: Opptaksutvalet som Marianne Aasen har leia føreslår mange nye endringar i framtidas opptakssystem. I dag overrekte ho NOU-rapporten frå utvalet til forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var i formiddag utvalsleiar Marianne Aasen kunne overlevera rapporten frå opptaksutvalet til forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. I rapporten "Veier inn - ny modell for opptak til unversiteter og høyskoler" føreslår fleirtalet av utvalet mange radikale grep for å endra dagens opptakssystem for høgare utdanning.

Kvote for førstegongsvitnemål og ordinær kvote skal erstattast med éin karakterkvote der alle konkurrerer med karakterane frå den første gongen faga blei bestått. Denne kvota skal gjelda 80 prosent av studieplassane.

Utvalet peikar på at karakterar frå vidaregåande har sterk samanheng med gjennomføring i høgare utdanning, og er ein effektiv og enkel måte å rangera på. 20 prosent av studieplassane skal reserverast til dei søkjarane som treng ein ny sjanse, og som må ta den standardiserte opptaksprøven.

Dette er tiltaka opptaksutvalet føreslår:

- Ein felles karakterkvote

Kvote for førstegongsvitnemål og ordinær kvote skal erstattast med éin karakterkvote der alle konkurrerer med karakterane frå den første gongen faga blei bestått. Denne kvota skal gjelda 80 prosent av studieplassane. Karakterar frå vidaregåande har sterk samanheng med gjennomføring i høgare utdanning, og er ein effektiv og enkel måte å rangera på, står det i rapporten.

- Søkjarar som treng ein ny sjanse skal få ta ein opptaksprøve

20 prosent av plassane blir sette av til desse søkjarane

- Vil fjerna alle tilleggspoeng

Alders- og tillegspoeng fell bort

- Ikkje mogleg å forbetra karakterane, men mogleg å ta nye fag

Forbetra karakterar skal ikkje telja i opptaket, men søkjarar kan ta ein opptaksprøve. Det skal vera mogleg å ta nye fag etter vidaregåande, men ikkje å forbetra karakterar.

- Kjønnspoeng blir erstatta med kjønnskvotar

Utvalet føreslår å føra dagens ordning med spesielle kvotar for nordnorske søkjarar og søkjarar med samisk språkkompetanse. Kjønnspoeng blir erstatta med kjønnskvotar på nokre studium.

- Føreslår å fjerna serskilde karakterkrav

Moglegheita til å setja karakterkrav for å koma inn på til dømes lærarutdanningar og sjukepeiarutdanningar blir føreslått avvikla.

- Utvalet blei sett ned i april 2021 av statsråd Henrik Aasheim, og fekk i oppdrag å gå gjennom regelverket for opptak til høgare utdanning. Målet var å foreslå eit forståeleg og fleksibelt opptaktsregelverk.

- Utvalsleiar: Marianne Aasen. leiar for Simula School of Research and Innovation, tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (2005-2017)

(Kjelder: Kunnskapsdepartementet, NOU- Veier inn –ny modell for opptak til universiteter og høyskoler)

– Alder trumfar karakterar

Eit anna grep frå utvalet som truleg vil vekkja debatt er forslaget om å fjerna både alderstillegg og kjønnspoeng. Når det gjeld argumentet for å fjerna alderstillegget. viste utvalsleiar Marianne Aasen mellom anna at 7 av 10 medisinstudentar har alderspoeng. – På mange måtar trumfar dermed alder karakterar, peika ho på.

For mange unge brukar også altfor lang tid på å samla alderspoeng og å forbetra karakterar i fag som dei allereie kan, konstaterte ho.

– Det er ein klar fordel for studentar med foreldre som har nok ressursar til at dei kan støtta dei over lang tid, poengterte ho.  

Kjønnkvotar kan gjera noko med den skeive kjønnsbalansen

Når det gjeld forslaget om å innføra kjønnskvotar i staden for kjønnspoeng, viste ho til at dagens system ikkje har fungert godt nok. Ho trudde forslaget om å innføra kjønnskvotar lettare vil kunna gjera noko med den skeive kjønnsbalansen på fag som psykologi, veterinærstudiet og ingeniørstudiet.

–Målet vårt er at opptakssystemet skal vera mest mogleg rettferdig og lett å forstå, understreka ho.

Og for dei som ikkje kjem inn på det studiet dei gjerne vil inn på med dei karakterane dei har frå den vidaregåande skulen, vil det opna seg ein ny sjanse.

– Det blir ein årleg opptaksprøve der dei får karakterar i fag som dei ikkje har tatt i den vidaregåande skulen.  Ho peika på at om alle dagens studentar ville ha vore ein månad yngre i dag når dei begynte på høgare utdanning, ville det spara samfunnet for to milliardar kroner på kvart årskull.

Utvalet føreslår også å fjerna tilleggspoeng for dei som har gått på folkehøgskule, på fagskule og tatt anna høgare utdanning og for dei som har avtent verneplikta. Samtidig står dei fast på behovet for å halda fram med eigne kvotar for søkjarar med samisk tilknyting og ein Nord-Noreg-kvote.

Studentane er skeptiske til standardisert opptaksprøve

Forslaga til utvalet blir stort sett omfamna av Norsk studentorganisasjon, men med eitt unntak, fortel leiar Maika Marie Godal Dam.

–Me er framleis nøgde med at karakterar skal vera hovudvegen inn på høgare utdanning. Så er me noko meir skeptisk til den sidevegen utvalet føreslår med ein standardisert opptaksprøve. Det er fordi me meiner at den potensielt vil favorisera ei gruppe, dei som er gode til å pugga og dei som har tid og ressursar til å førebu seg til ein slik prøve, seier ho til Uniforum.  

NSO-leiaren meiner at dei sjølve har eit betre forslag.

–Me ynskjer ein alternativ sideveg som vektlegg motivasjon, erfaring og annan relevant kompetanse. Det trur me vil vera ein sideveg som tar vare på det at ein føreslår å fjerna tilleggspoenga og alderspoenga.

– Må ha eit system som minimerer behovet for ei privatistordning

–Er det ikkje bra at det kjem eit system som vil hindra at studentar brukar alle åra i tjueåra til å skaffa seg tilleggspoeng på det studiet dei eigentleg vil inn på?

– Me har vore ute tidlegare og vore veldig urolege for at mange studentar blir sitjande for å ta opp fag som privatist. Me meiner me må ha eit opptakssystem som minimerer behovet for ei privatistordning. Med dette forslaget som kjem her, er me godt på veg, men me er skeptiske til den sidevegen som blir føreslått fordi me ikkje er sikre på at den løyser noko av den utfordringa som me ser av privatistordninga. Dei sit og førebur seg lenge og det er avhengig av kva ressursar du har og kva familiebakgrunn du har.

Maika Marie Godal Dam er einig i at det er nødvendig med ein reform av opptakssystemet.

– Me er einige i at det er behov for å tenkja nytt om opptak til høgare utdanning. Det er viktig for oss at me får eit rettferdig opptakssystem som er lett for studentar å forstå. Der kjem me langt med i dette forslaget frå utvalet, og me er einige i mykje av det utvalet legg fram om kvalifisering, seier NSO-leiar Maika Marie Godal til Uniforum.

– Heilt nødvendig gjennomgang

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe tok imot rapporten frå utvalsleiar Marianne Aasen og spådde at den ville bli ein kioskveltar i motsetning til mange andre NOU-rapportar.

– Dette er eit dokument som mange kjem til å lesa fordi det har eit tema som vedgår oss alle, sa han frå podiet i Plenumssalen i Kunnskapsdepartementet.

Like etterpå kunne Uniforum gripa tak i statsråd Ola Borten Moe. Han meiner at det er viktige forslag opptaksutvalet kjem med.

– Det er ein heilt nødvendig gjennomgang av eit opptakssystem som begynner å bli veldig komplisert. Der kan me også diskutera kor formålstenleg enkeltelement er. No har me fått ein gjennomgang og eit heilskapleg framlegg til endringar. Eg føler behovet og ynskjer å leggja til rette for ein brei debatt om dette. Det er eit veldig godt arbeid utvalet har lagt ned, etter mitt skjønn, seier Ola Borten Moe.

– Rettferdig og forståeleg

– Kva synest du er dei viktigaste detaljane i forslaget?

– Det dei føreslår er etter mitt skjønn både rettferdig og forståeleg. Det er veldig viktig. For val av høgare utdanning er det viktigaste enkeltvalet me alle gjer. Vidare klarer dei å balansera krav til karakterar samtidig som ein får ein rimeleg ny sjanse gjennom ein nasjonal opptaksprøve. Me skal bruka tid på å sjå gjennom dette, men eg er sikker på at det politiske Noreg kjem til å diskutera dette mykje fordi det vedgår oss alle saman.

-Når trur du det nye opptakssystemet har blitt gjennomført?

– Det kan ta litt tid for alle må få rimeleg tid til å tilpassa seg eit nytt system, så der kjem det ikkje til å bli nokre overraskingar, seier Ola Borten Moe til Uniforum.

– Det blir slutt på å ta om igjen fag

Tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og noverande leia for Simula School of Research and Innovation, Marianne Aasen har leia opptaksutvalet. Ho skisserer fylgjene dersom forslaga til utvalet blir innførte.

STEMNING: – Eg trur det er ei stemning blant politikarane å gjera nokre store grep og ikkje berre flikka på det gamle. Og eg trur ikkje usemja mellom den førre statsråden og den noverande er veldig stor, seier Marianne Aasen, som har leia opptaksutvalet. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Det blir slutt på å ta opp igjen fag. Du kan ta nye fag, om du vil ta spansk, kan du få ein karakter i det, og om du tar matematikk får du ein karakter i det, men du kan ikkje ta opp igjen fag du har tatt på vidaregåande for å forbetra karakteren din. Forbetringa vil då skje gjennom ein opptaksprøve.

– Er du ikkje redd for at det vil skapa like stor urettferd som i dag ved at det er dei mest ressurssterke med dei mest ressurssterke foreldra som har høve til å ta ein slik nasjonal opptaksprøve?

– Eg trur det blir lettare for alle å ta den.  Det er berre den prøven og ikkje mange fag. Og du treng ikkje gjera det over mange år slik som i dag. Nokre tar opp nesten alle faga for å forbetra karakterane sine. Det vil ikkje vera nødvendig her. Her vil dei bli testa i norsk, engelsk og matematikk på likt. Og eg synest det er heilt relevant i høve til dei studia dei skal ta. Eg trur det er ein fordel for dei som ikkje har råd til å bruka så mykje pengar på privatskular, seier Marianne Aasen til Uniforum.

– Det trumfar i alle fall ikkje karakterar

– Norsk studentorganisasjon meiner motivasjon bør telja meir som ein sideveg. Kva synest du om det?

– Det opnar me også for på nokre studiar. Medisin ved UiO ynskte det til dømes. Ein kan ikkje gjera det overfor alle dei 300 000 søkjarane, men det er mogleg å gjera det for 200, om det går gjennom hos politikarane. Det går ikkje an å be 300 000 søkjarar om å senda eit motivasjonsbrev. Det vil også auka skilnadene, for det kan du kjøpa deg til eller få hjelp av foreldra dine. Det er ulempa med det, sjølv om eg har sympati for forslaget. Det trumfar i alle fall ikkje karakterar, seier Marianne Aasen til Uniforum.

Utvalet vil også fjerna dagens system med kjønnspoeng og erstatta dei med kjønnskvotar for å retta opp kjønnsbalansen på dei studia der det i dag er ein overvekt av kvinner eller av menn.

– Kjønnspoenga i dag fungerer sånn passe, men kvotar vil fungera mykje betre. Då kan også studiet bestemma seg for å få opp den kritiske massen, talet på det underrepresenterte kjønnet.

Marianne Aasen trur at det no blir masse diskusjon om innhaldet i rapporten frå utvalet.

– Me ser fram til at det no blir masse debatt om mange av desse tinga. Det helsar me velkomen, og det veit eg at statsråden også gjer. Og er sikker på at Stortinget også helsar den velkommen. Så er eg trygg på at det blir vedtatt noko til slutt. Men akkurat kva, det veit eg ikkje. Men eg trur det er ei stemning blant politikarane å gjera nokre store grep og ikkje berre flikka på det gamle. Og eg trur ikkje usemja mellom den førre statsråden og den noverande er veldig stor, seier Marianne Aasen til Uniforum.

Rapporten frå utvalet er no altså overlevert til regjeringa som skal drøfta den og senda den ut på høyring, før det kan koma ei stortingsmelding og bli endeleg vedtatt i Stortinget.

– Eg håpar me skal få det til i løpet av 2023, sa Ola Borten Moe på pressekonferansen i dag.

Heile rapporten kan lesast her. 

 

• Les meir om utdanning og studium i Uniforum: 

De minst populære UiO-studiene – Må bedre rekrutteringen

I Norge tjener du minst på å ta høyere utdanning

– Alderspoeng bidrar til en mer mangfoldig studentmasse

SSB-funn: Studenter må jobbe for å dekke nødvendige utgifter

Honoursprogrammet  realfag er blant de mest populære studiene på UiO

Medisin på UiO kan få 230 nye studieplassar i 2027

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Opptak, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 1. des. 2022 14:51 - Sist endra 1. des. 2022 15:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere