Ho ber om namn på kandidatar til UiOs menneskerettspris

– Utdelinga av UiOs menneskerettspris er ein sentral del av den samfunnspakta me har. Det seier prorektor Åse Gornitzka som leier priskomiteen. No oppfordrar ho alle til å koma med forslag til kandidatar.

Portrett av ei kvinne

FIN TRADISJON: – Me står i ein fin tradisjon når det gjeld å ha kunna delt ut prisen til folk frå både nærområda i Europa, Afrika, Asia og Nord- og Sør-Amerika. Samtidig har me også æra folk som har kjempa for menneskerettane for grupper i Noreg, seier prorektor Åse Gornitzka som leier priskomiteen for UiOs menneskerettspris. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I fjor var det Andrea Petö, professor ved Central European University i Budapest som fekk UiOs menneskerettspris. Grunngjevinga for prisen var innsatsen hennar som ein uredd forsvarar av akademisk fridom og institusjonell autonomi. Året før var det Jens Gitlesen som fekk prisen for å ha kjempa for rettane til personar med utviklingshemming i Noreg.

– Ein balanse mellom det globale og det lokale

Prorektor Åse Gornitzka synest det er flott at UiOs menneskerettspris gjennom dei 37 åra den har eksistert har kunna premiera folk og organisasjonar på heilt ulike felt.

– Prisen har vist breidda av menneskerettane. Ein balanse mellom det globale og det lokale prøver me også å få til, seier prorektor Åse Gornitzka til Uniforum.  

2022 var det første året hennar som leiar for priskomiteen. Og ho har med seg den same komiteen i år.

– Det er fantastisk for meg å kunna ta ein telefon til prisvinnaren og fortelja personen at den har fått tildelt prisen. Då forstår eg kor viktig prisen er for dei, fortel ho.

UiOs menneskerettspris:

- blei starta av Lisl og Leo Eitinger gjennom etableringa av fondet som ber deira namn i 1984

- prisen er eit symbol på anerkjenninga av personleg engasjement og aktiv involvering  innanfor for ein eller fleire av menneskerettane. 

UiOs menneskerettspris

(Kjelde: UiO)

Kan senda inn tidlegare namneforslag på nytt

Fristen for å koma inn med forslag til kandidat for UiOs menneskerettspris for 2023 er den 15. mars.

– Og det er både mogleg å senda inn namn på heilt nye kandidatar og på kandidatar som er blitt føreslegne tidlegare, men  som enno ikkje har fått prisen, understrekar ho.

 Etter hennar meining har prisen så langt dekt eit breitt spekter.

– Me står i ein fin tradisjon når det gjeld å ha kunna delt ut prisen til folk frå både nærområda i Europa, Afrika, Asia og Nord- og Sør-Amerika. Samtidig har me også æra folk som har kjempa for menneskerettane for grupper i Noreg, som til dømes Jens Gitlesen som fekk tildelt prisen i 2021, fortel ho.  

– Gjorde sterkt inntrykk på  meg

Mellom dei mest interessante prisvinnarane finst også ein annan norsk prisvinnar, psykologiprofessor Nora Sveaass frå Universitetet i Oslo.

 – Eg hugsar spesielt godt pristildelinga til henne og korleis forskingsbasert kunnskap blir brukt for å behandla torturoffer og til å kjempa mot tortur. Og då prisen gjekk til den kvinnelege imamen Seyran Aytes frå Berlin tok ho imot prisen i Gamle festsal med ein livvakt til stades. Det gjorde også eit sterkt inntrykk på meg, fortel ho.

Leo Eitinger (1912-1996)

Leo Eitinger blei fødd i Brno, Tsjekkia (Austerrike-Ungarn), og kom til Noreg som flyktning i 1939. Under 2. verdskrigen blei han deportert til Auschwitz og Buchenwald. Av dei 762 norske jødane som blei deporterte, var Eitinger ein av 23 som overlevde.

Han blei seinare professor i psykiatri ved Universitetet i Oslo og internasjonalt anerkjent for sine vitskaplege arbeid om psykiske seinskader hos holocaust-offer. Eitinger er også kjent som ein forkjempar for menneskerettane. Eitinger mottok fleire utmerkingar og prisar for arbeidet sitt og innsatsen sin spesielt for jødane, krigsfangane og krigsveteranane.  Saman med kona si danna han Lisl og Leo Eitingers fond i 1984.

Les meir om Leo Eitinger i Store norske leksikon og Norsk biografisk leksikon

No blir UiOs menneskerettspris delt ut i desember under Oslo Peace Week, den same veka som også Nobel fredspris blir delt ut.

 – Prisseremonien i Gamle festsal har blitt ein alvorleg festdag. Og eg er glad for at ekteparet Lisl og Leo Eitinger hadde tillit til at Universitetet i Oslo kunne forvalta ein slik pris, trekkjer ho fram.

– Ein sentral del av samfunnspakta me har

Om tre år kan UiOs menneskerettspris markera 40-årsjublileum.

– Det vil gi oss eit høve til å sjå på kva som har skjedd gjennom historia til denne prisen. Utdelinga av UiOs menneskerettspris er ein sentral del av den samfunnspakta me har, understrekar ho.

Den som får prisen får både eit diplom og 10 000 euro i prispengar.

No ser Åse Gornitzka fram til å få mange forslag på kandidatar inn på bordet til priskomiteen. – Me får alltid inn gode og grundige grunngjevingar på kandidatane frå UiO-samfunnet, konstaterer ho.

• Les om dei siste vinnarane av UiOs menneskerettspris:

Menneskerettsprisvinnar: Ver på vakt og ver modige!

Jens Petter Gitlesen fekk utdelt UiOs menneskerettspris for 2021

Marcelina Budza: – Eg ville at kvinner skulle vera med i alle delar av kaffiproduksjonen

Seyran Ates fekk overrekt UiOs menneskerettspris

Ishtar Gözaydin endeleg i  Oslo for å bli heidra som vinnar av UiOs menneskerettspris for 2017

Emneord: UiOs priser Av Martin Toft
Publisert 10. feb. 2023 04:30 - Sist endra 10. feb. 2023 10:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere