Språkdirektøren vil drøfta Oslo Science City med byrådsleiaren

Språkdirektør Åse Wetås har no sendt eit brev der ho ber om eit møte med byrådsleiar Raymond Johansen (A) om namnet Oslo Science City. Ein kommunikasjonsplan  for Oslo Science City vil leggja føringar for bruk av namn, opplyser byråd Victoria Marie Evensen (A). 

Foto av ei kvinne bak eit skrivebord

BER OM MØTE: Språkdirektør Åse Wetås ber byrådsleiar Raymond Johansen i Oslo om eit møte der dei kan drøfta namnet Oslo Science City. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var den 5. januar i år Uniforum først kunne melda at Oslo kommune hadde sagt nei til å reisa namnesak for Oslo Science City. Språkdirektør Åse Wetås reagerte med å varsla at ho ville sparka ballen vidare til byrådsleiar Raymond Johansen. Det har ho no gjort gjennom eit brev Språkrådet sende til byrådsleiaren i Oslo fredag 13. januar.

Dette er Språkrådet:

Språkrådet samarbeider med offentlege og private aktørar om språkpolitiske tiltak, blant anna om klarspråk i det offentlege og i næringslivet; fagspråk, terminologi og formidling på norsk; fordeling av nynorsk og bokmål i staten og norskspråkleg teknologi. Språkrådet arbeider for at språkopplæringa  skal byggja på språkpolitikken. Språkrådet  fører tilsyn med mållova og gir råd om stadnamn.

Hovudmåla:

Styrkja norsk språk sin status og bruk på utsette samfunnsområde

  • Fremja norsk som eit godt og velfungerande kultur- og bruksspråk
  • Ta vare på det språklege mangfaldet og interessene til språkbrukarane

Språkrådet vert leia av språkdirektør Åse Wetås. 

Styreleiar er Erik Ulfsby, som også er teatersjef ved Det Norske Teatret

(Kjelde: Språkrådet)

I brevet seier Språkrådet seg glade for at byrådsavdelinga for kultur, idrett og folkehelse i eit brev til Språkrådet den 5. desember avklarte at det aktuelle området som Oslo Science City omfattar «ikke skal gis egen navnsetting» samtidig som kommunen heller «ikke vil foreslå endring i navnet på medlemsforeningen «Oslo Science City»». Byrådsavdelinga understrekar at Oslo Science City ikkje er ein bydel, men berre namnet på ei medlemsforeining med aktørar som skal samarbeida og utvikla området til eit innovasjonsdistrikt.

I brevet viser språkdirektøren til at denne avklaringa om stadnamnvalet, fører Språkrådet tilbake til det som var utgangspunktet for at dei tok kontakt med foreininga «Oslo Science City» og styreleiar Svein Stølen. Det var fordi eit prosjekt som hovudsakleg er eigd av offentlege aktørar, etter språklova må ha eit norsk namn. Det var eit krav som ho først kom med i ein artikkel i Uniforum august 2021.

Derfor ber Språkrådet no om eit møte med byrådsleiar Raymond Johansen for å fylgja opp denne saka, går det fram av brevet.

– Forsterkar inntrykket av Oslo Science City som eit stadnamn

Oslo kommune har også to andre innovasjonsdistrikt, Innovasjonsdistrikt Hovinbyen og Innovasjonsdistrikt Sentrum. Begge er altså kalla opp etter området dei ligg i og berre den sistnemnde blir kalla for medlemsforeining.

– Det forsterkar inntrykket av Oslo Science City som eit stadnamn. Og det er veldig rart å kalla eit innovasjonsdistrikt for ei medlemsforeining. Eg trur ikkje det gir noka språkleg meining for så mange, sa Åse Wetås til Uniforum 6. januar.

I brevet språkdirektøren no har sendt til byrådsleiar Raymond Johansen viser ho til at grunnen til at Språkrådet vende seg til Oslo kommune i denne saka, var at styreleiaren for medlemsforeininga peika på kommunen som ansvarleg for namnevalet. «Nå synes det imidlertid å være klart at et slikt vedtak ikke finnes», presiserer Åse Wetås i brevet til byrådsleiar Raymond Johansen.

Ikkje rom for å ha prosjektnamnet berre på engelsk

Sidan Oslo Science City presenterer seg som eit område og eit innovasjonsdistrikt på sine eigne nettsider, vert namnet brukt som eit stadnamn, trekkjer Språkrådet fram. Fordi det er Oslo kommune som har ansvaret for å forvalta stadnamn i Oslo, må kommunen fylgja opp denne bruken, meiner Språkrådet. Det peikar også på at det i paragraf 4 i språklova vert slått fast at norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Det inneber, vert det understreka, at det offentlege har ansvaret for å kommunisera på norsk og bruka norske namn, sjølv om det er mogleg å ha eit engelsk namn i tillegg. Nettopp fordi fleirtalet av dei som er med i medlemsforeininga er offentlege aktørar, er det ikkje rom for å ha prosjektnamnet berre på engelsk, går det fram av brevet frå Språkrådet til byrådsleiar Raymond Johansen.  Der vert det også understreka at dette er ei sak Språkrådet prioriterer høgt.

Kommunikasjonsplan vil gi nærmare føringar for namnebruk

Uniforum har også vore i kontakt med byrådsleiaren Raymond Johansens kontor når det gjeld kritikken frå språkdirektør Åse Wetås av namnevalet Oslo Science CIty. I Oslo kommune ligg alle innovasjonsdistrikta under Avdeling for næring og eigarskap. Og det er nettopp byråd  for næring og eigarskap Victoria Marie Evensen som uttalar seg om namnet Oslo Science City i eit svar til Uniforum. 

"Jeg er kjent med at Oslo Science City skal utarbeide en kommunikasjonsplan som også vil gi nærmere føringer for bruk av navn. Oslo kommune vil ha dialog med Språkrådet når arbeidet med kommunikasjonsplanen er ferdig," skriv byråden i ein e-post til Uniforum. 

 

• Les meir om Språkrådet og Oslo Science City i Uniforum: 

Oslo kommune seier nei til å reisa namnesak for Oslo Science City

Språkdirektør Åse Wetås rosar NTNU for namnet Norsk havteknologisenter

Ocean Space Centre har fått nytt navn

Nye Oslo Science  City Arena lansert på UiO

Mannstungt i Oslo Science City

Oslo Science City stasjon provoserer språkdirektør Åse Wetås

Svein Stølen: – Dette er bra for Oslo og viktig for Noreg

Språkrådet ber Oslo Science City skaffa seg eit nytt namn

 

 

 

 

 

 

Emneord: Språkpolitikk, Universitetspolitikk, Oslo Science City Av Martin Toft
Publisert 3. feb. 2023 14:02 - Sist endra 30. mars 2023 16:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere