Studentombodet: – Oppgåva vår er å lytta til klagene frå studentane

Marianne  Høva Rustberggard blei tilsett som Noregs første studentombod på UiO hausten 2012. Over ti år etter har alle studentar  i Noreg eit studentombod å gå til.

NOREGS FØRSTE: Marianne Høva Rustberggard var Noregs første studentombod då ho blei tilsett hausten 2012. – Sjølv etter 10 år får eg ofte inn problemstillingar eg ikkje har sett før, seier ho.

Foto: Ola Gamst Sæther

I dag sit studentombod Marianne Høva Rustberggard i 6. etasje i Lucy Smiths hus saman med andre uavhengige vaktarar som vitskapsombodet og internrevisjonen. Sidan Marianne Høva Rustberggard starta opp som ei einsleg svale i Kristian Ottosens hus i 2013, har ho fått to nye medarbeidarar,  Pål Gustavsen som er studentombod for andre høgare utdanningsinstitusjonar i Oslo, og  rådgjevar Ingvild Refsum.

Må vera klager om noko som UiO kan påverka

 I ti år har studentombodet tatt imot klager frå studentar om alt frå seksuell trakassering, til manglande oppfylling av retten til universell utforming og tilrettelegging på førelesingar og eksamenar og til manglande godkjenning av oppgåver på grunn av at rettleiar og sensor har tilhøyrt ulike fagtradisjonar.   

– Me er glade for at retten til eit trygt og godt arbeidsmiljø no er spesifisert i Universitets- og høgskulelova. Forbodet mot gjengjelding har lenge vore med i UiOs retningslinjer, men er no også tatt med i lova, seier Høva Rustberggard til Uniforum.

Det hender studentar trur at Studentombodet også kan ta opp klager mot Studentsamskipnaden i Oslo (SiO).

 – Dei klagene som me kan handtera, må vera om noko som UiO kan påverka. Me får til dømes inn fuskesaker på eit tidleg stadium og  Sei frå-saker, og i all hovudsak direkte frå studenten det gjeld, presiserer ho.

Sjølv kan ho ikkje trekkja fram konkrete saker, men ho ser ein tendens til kva klager det er mest av.

– Mangel på tilrettelegging for studentar som har rett til det, er vanleg sjølv om informasjonen og rutinane har blitt betre på universitetet.  Og på profesjonsstudia kjem det inn mange klager frå studentar som har fått beskjed om at dei kanskje  ikkje er skikka til det studiet dei har valt seg, peikar ho på. 

Studentombodet:

Marianne Høva Rustberggard, tilsett sidan hausten 2012, leiande studentombod med ansvar for studentar frå UiO og Noregs idrettshøgskule

Pål Gustavsen, studentombod for studentar frå

Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo

  • Barratt Due musikkinstitutt
  • Forsvarets høgskule
  • Kunsthøgskulen i Oslo
  • Lovisenberg diakonale høgskole
  • MF vitskapleg høgskule
  • Noregs musikkhøgskule
  • Oslo Nye Høyskole
  • Politihøgskulen

Ingvild Refsum, rådgjevar med ansvar for kommunikasjon og informasjon

Nettside: https://www.uio.no/om/organisasjon/studentombud/

– Den gongen løyste dei problemet med å stryka dei til eksamen

Høva Rustberggard trekkjer også fram ei stor endring i praksisen på profesjonsstudia overfor studentar dei vurderte som uskikka no og for 10 år sidan.

–Den gongen løyste dei problemet med å stryka dei til eksamen. Det var ikkje tillate, for universiteta skal tidleg gi dei tilbod om ekstra rettleiing. Dette kan vera studentar som har dårlege haldningar eller som har eit rusproblem, fortel ho. 

Dei profesjonsfaga der dette kan vera eit problem er for dei som utdannar seg til lege, tannlege og tannpleiar, farmasøyt, prest, lektor eller til psykolog.

– No har me langt fleire klagesaker frå studentar som er blitt vurderte som uskikka, enn klager på seksuell trakassering, oppsummerer ho. 

– Me er glade for at UiO no jobbar meir systematisk og i samsvar med reglane i desse sakene,  legg ho til.  

Når det gjeld saker som handlar om seksuell trakassering, så er ikkje det så vanleg.

– Klager på seksuell trakassering har det vore få tilfelle av endå Metoo var medverkande til at Stortinget stemte samrøystes for at alle studentar skal ha tilgang på eit  studentombod, fortel ho.  

Framleis er det tydeleg kven som er mest utsette for seksuell trakassering.

 – Det er utan tvil kvinner, noko Studenthelseundersøkingane (SHot) til studentsamskipnadane i Noreg viser. Men den siste undersøkinga viste også ein viss auke av menn som meinte seg utsette for seksuell trakassering, opplyser ho.

– Fekk utvida teieplikt

Studentombodet peikar på at SHoT-undersøkingane syner at det er mørketal i kva som blir meldt til universitetet.

– Me har også direkte kjennskap til saker som ikkje blir melde, sjølv om universitetet lenge har hatt eit godt system for å seia ifrå, eit vern mot gjengjelding og eit studentombod, trekkjer ho fram.

– Når studentombod kom inn i lova, fekk me og utvida teieplikt, noko som betyr at me kan ha fortrulege samtaler med studentar utan at me er pliktige til  å melda det vidare til universitetet slik andre tilsette er. Eg vonar meir kjennskap til slike ting kan gjera det enklare for studentar å seia frå, seier ho.

• Les meir:  Studentvarsling skal bli enklare

– Me skal sjå til at rettane deira blir tatt vare på

Nokre studentar ser på henne som advokaten sin. Sjølv om ho er jurist, så er det ei misforståing.

–  Oppgåva vår er å  lytta til klagene frå studentane og  informera dei om kva moglegheiter dei har overfor universitetet. Me skal sjå til at rettane deira blir tatt vare på av universitetet, men ikkje representera dei.  Studentar har stort sett ikkje råd til å saksøkja universitetet, så universitetet må vera særleg aktsam i å verna om studentrettar. I dei alvorlege sakene som handlar om forholdet mellom studentar og tilsette på UiO, veit ikkje me korleis det går, om det blir sanksjonar eller oppseiingar. For då blir det ei personalsak, understrekar ho. 

Det meiner ho det er viktig at studentane får kjennskap til, slik at dei kan vurdera å varsla med den premissen.

Det ho kan slå fast, er at det er behov for eit studentombod .

– Absolutt.  Og dei fleste som tar kontakt med oss, gjer det for å få fremja ei sak på eiga hand. I rundt ti til femten prosent av sakene finn me grunn til sjølve å gå inn i saka for å løysa ho, seier ho.

– Sjølv etter ti år får eg ofte inn problemstillingar eg ikkje har sett før. Det gjer arbeidet interessant, synest ho.

• Les meir: Alle studentar skal ha tilgang til studentombod

Kunne fått studentombod i 1957

Om ting hadde gått annleis, kunne UiO fått på plass eit studentombod for 66 år sidan.

– I 1957 kom det opp eit forslag i Studentparlamentet om å oppretta eit studentombod etter at ein representant hadde fått ideen frå Sverige, Forslaget fall med ei stemmes overvekt, fortel Høva Rustberggard. 

Ho har også tatt eit lite djupdykk i historia til studentomboda rundt omkring i verda.

– Sverige var først ute, og så kom USA og Canada på 1960-talet. Polen var to år tidlegare ute enn Noreg og etablerte det første studentombodet i 2011. Canada er det landet som liknar mest på Noreg når det gjeld kva klagesaker studentomboda må ta seg av, har ho oppdaga.

Marianne Høva Rustberggard er heilt sikker på at UiO og studentombodet har ei felles interesse.

– Alle jobbar me med det same målet. At studentane sine rettar skal takast vare på og at studentane skal forstå saka si betre. UO har stor grad av autonomi, men er også eit forvaltningsorgan. Derfor må universitetet vera påpasseleg med å sjå til at lokale regelverk er i samsvar med forvaltningslova, understrekar ho.

I 2013 var Marianne Høva Rustberggard Noregs første og einaste studentombod. No er det 18 studentombod i heile landet. Dei har felles nasjonale, nordiske og europeiske møte med andre studentombod.

– Eg vil gi honnør til alle dei andre studentomboda både her og i resten av landet som jobbar for at rettane til studentane skal fylgjast.

 

 

 

Emneord: Studentforhold. Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 20. feb. 2023 04:30 - Sist endra 20. feb. 2023 10:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere