– Jordskjelvet i Tyrkia kan få fylgjer for presidentvalet

– Uansett kor mykje du har sett det på fjernsynsskjermen, så viser det berre ein bitte liten del av storleiken på desperasjonen, øydeleggingane, tapa og sorga. Det finst ikkje ord som kan skildra det, seier den tyrkiske TV-produsenten Güldenay Sonumut. Både ho og kollegaen Nida Kara trur jordskjelvet kan få fylgjer for presidentvalet i mai.

ETTER JORDSKJELVET: Over 50 000 personar mista livet i jordskjelvet i Hatay-provinsen i Tyrkia den 6. februar.

Foto: Güldenay Sonumut

Istanbul i Tyrkia:

Over 50 000  menneske er så langt rapporterte døde i det store jordskjelvet i Tyrkia og Syria den 6.  februar. Journalistar frå både Tyrkia og utlandet strøymde til jordskjelvområdet for å fortelja heile verda om tragedien.

Uniforum møtte to tyrkiske journalistar etter at dei hadde kome tilbake til heimbyen Istanbul, TV-kjendisen Güldenay Sonumut frå Sky News og den litt ynge frilansjournalisten Nida Kara frå Turkey Recap.

Ti dagar etter jordskjelvet i byane i dei søraustlege delane av Tyrkia kunne Güldenay Sonumut  endeleg venda tilbake til husværet sitt i Istanbul.  Då hadde ho jobba intenst som TV-produsent for Sky News. Uniforum møter henne på eit handlesenter med verdas dyraste luksusvarer.

PLIKT: – Folket i dette området er no blitt overlatne til seg sjølve. Plikta mi er å dra tilbake og fortelja kva som skjer, lovar Güldenay Sonumut.(Foto: Ola Gamst Sæther)

– Teamet mitt hadde lett tilgang til byen Antakya i den jordskjelvramma regionen Hatay.  Eg trur det var unntaket. For eg veit om andre som  hadde andre opplevingar til dømes i to av nabobyane. Der er folk meir konservative, og vaktene utanfor teltleirane gav ikkje utanlandske journalistar løyve til å snakka med personane som hadde mista familiemedlemar og hus på  grunn av jordskjelvet. Dei måtte gå til guvernørkontoret for å få eit formelt løyve til det, fortel ho.

– Vaktene øydela kameraturstyret

Både Güldenay Sonumut  og teamet hennar hadde tyrkiske pressekort i jordskjelvområdet, og derfor gjekk det mykje lettare for dei.

– Sidan me hadde nasjonale pressekort, kunne me gjera det me ville.  Me fekk meldingar om kvar me kunne intervjua folk og kvar me kunne stå for å senda rapportar på direkten. I Urfa der me var, hadde me gode arbeidsvilkår. I nokre byar opplevde journalistar og fotografar at vaktene øydela kamerautstyret deira. Dei fleste av dei er frilansarar, så om dei mistar ein dag med jobb, taper dei ei daglønn på det. Nokre spør om lov til å filma på gravplassane, og får nei. Andre går rett dit utan løyve, Og så lenge dei ikkje snakkar tyrkisk, har dei også problem med å gjera seg forstått.

Det har vore så mange tilfelle, fortel ho, at presseorganisasjonen Reporterar utan grenser har laga ein eigen rapport om dette. Som døme peikar Sonumut på at nokre stader kravde dei eit eige dokument frå regjeringa med løyve til å dekkja katastrofen, medan andre stader var det fritt fram for å dekkja det du ville.  

MISTA ALT:  Mange tusen mista både familiemedlemar og hus i jordskjelvkatastrofen i Tyrkia for ein månad sidan. Desse kvinnene ser på korleis redningsmannskap brukar gravemaskiner på leiting etter døde og overlevande. Biletet er tatt i Hatay-provinsen.  (Foto: Güldenay Sonumut) 

– Finst eit svært sinne

Journalistane opplevde stor skepsis  og mistillit frå dei lokale innbyggjarane.

– Dei spurte oss om kvifor me dreiv på med å filma det som hadde skjedd. Kvifor er ein amerikanar eller brite her for å filma dette? spurte dei. Det viser at det tyrkiske samfunnet har lukka døra heilt til verda utanfor Tyrkia.

Opphaldet i jordskjelvhelvetet gjorde også at ho oppdaga korleis det hadde virka inn på folk i andre delar av Tyrkia.

– Det kom inn utruleg mykje hjelp frå frivillige. Både teknikarar, ingeniørar, gruvearbeidarar, og mange andre kom i flokkevis til desse byane for å hjelpa folk som var i ekstrem naud. Samtidig finst det også eit svært sinne. 

– Mot regjeringa?

– Ja, mot statsadministrasjonen og regjeringa. Kvar er staten? Den skulle eigentleg ta vare på oss. Dei følte at dei hadde blitt overlatne til seg sjølve. Ingen kom, følte dei. Det var ingen varme, ingen elektrisitet og ikkje mat, ikkje helse og ingen redningsmannskap.  Alt som kom inn var altfor lite i høve til behovet. Folk var også sinte fordi det ikkje kom nokon for å redda dei som dei elska. Dei fekk ikkje tilgang til døde familiemedlemar, mange var sakna. Til slutt nådde sinnet eit kokepunkt. 

– Kva konsekvensar trur du jordskjelvet vil ha på presidentvalet i mai?

– Dei blir ikkje positive for regjeringa og Erdogan. Og mange av dei jordskjelvramma områda tilhøyrer kjerneområdet til Erdogans parti AKP. Dei ti byane som blei ramma har til saman ti millionar innbyggjarar.

– Frykteleg sliten både mentalt og fysisk

Güldenay Sonumut vedgår at alle lidingane ho såg i desse byane, også påverka henne psykisk. Og for å unngå posttraumatisk stress-syndrom (PTSD) var ho klar over at det var viktig å bearbeida dette.

EIT SJOKK: – Ein venn sa til meg at eg måtte vera svært forsiktig når eg var heime igjen. Det vil bli eit sjokk  for deg, fortalde han.  Men eg forstod det ikkje heilt til å begynna med, fortel den tyrkiske TV-produsenten Güldenay Sonumut, som dekte jordskjeltragedien i Tyrkia for Sky News. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Då eg kom tilbake var eg frykteleg sliten, både mentalt og fysisk. Medan eg var der, var eg sterk, for eg visste at den beste måten eg kunne hjelpa folket der på var å få ut historiene mine, fortel ho.

– For å takla det som eg hadde sett i katastrofeområdet, var det kollegane mine som var til størst hjelp. Og me klemte kvarandre og omfamna kvarandre, og den menneskelege  berøringa var utruleg viktig for at me klarte å halda ut og jobba vidare, understrekar ho og  fortel at ho også fekk eit godt råd.

Jordskjelvet i Tyrkia og Syria:

6. februar 2023 mista over 50 000 menneske livet i jordskjelv i Tyrkia og Syria

Det målte 7,8 på Richters skala.

Den tyrkiske regjeringa har innført unntakstilstand i 10 jordskjelvramma provinsar  fram til 7. mai.

Tyrkia:

Republikk med 84,78 millionar innbyggjarar (2021)

Hovudstad: Ankara

President: Recep Tayyip Erdogan, AKP

Aktuelt: Presidentval 14. mai. 

Presidentkandidat frå opposisjonen: Kemal Kiliçdaroglu, leiar for Det republikanske folkepartiet. Blir kandidat for seks ulike parti frå venstre til og med sentrum-liberale i Nasjonsalliansen.

Erdogan vIl ha ny periode som kandidat for Folkealliansen med Nasjonalrørslepartiet og AKP.

Alle tyrkarar over 18 år har stemmeplikt

(Kjelder: Wikipedia , NRK )

– Ein venn sa til meg at eg måtte vera svært forsiktig når eg var heime igjen. Det vil bli eit sjokk  for deg, fortalde han.  Men eg forstod det ikkje heilt til å begynna med. For eg var svært glad for å kunna møta barna mine igjen, tanta mi og hunden min. Etterpå var det første eg gjorde å ta ein varm dusj og gå rett til sengs. Dette er den første dagen eg er ute av husværet mitt sidan eg kom tilbake.

No har ho merka at ho reagerer annleis enn før.

– Derfor tok eg kontakt med terapeuten min, og det gjorde meg godt. Eg vil halda fram med å ha liknande terapitimar med journalistkollegaer.

Eg har ikkje tolmod med folk som berre seier «Det må ha vore heilt forferdeleg». Hald kjeft! får eg lyst til å seia til dei. Du har ingen idé. For uansett kor mykje du har sett det på fjernsynsskjermen, så viser det berre ein bitte liten del av storleiken på desperasjonen, øydeleggingane, tapa og sorga. Det er frykteleg, og det finst ikkje ord som kan skildra det, utbryt ho.

– Kvar er dei sakna?

No sit ho igjen med mange spørsmål.  

– Brått stansa det på 40 000 drepne i Tyrkia. Men kvar er dei sakna? No er det ikkje lenger mogleg å  få tak i oppdaterte tal på det samla omfanget av katastrofen. Så lenge regjeringa ikkje vil gjera noko med det, må frivillige hjelpeorganisasjonar gjera den jobben. Og då begynner også den tøffe jobben for oss. No må me samla inn det endelege talet over omkomne og kor mange av barna som overlevde som ikkje lenger har ein familie.

– Og vil du venda tilbake til det jordskjelvramma området?

– Ja. Folket i dette området er no bitt overlatne til seg sjølve. Plikta mi er å dra tilbake og fortelja kva som skjer, lovar Güldenay Sonumut.

– Situasjonen blei verre, dag for dag

I ein annan del av Istanbul, ikkje langt frå Taksim-plassen møter Uniforum frilansjournalisten Nida Kara. Ho har også dekka dei jordskjelvramma områda på oppdrag for nettstaden Turkey Recap. For henne var det største problemet måten styresmaktene behandla journalistane på. 

 

DEKTE JORDSKJELVET MED SMARTTELEFON: – Politiet og vaktene var sikre på at eg berre var ein privatperson eller ein av dei frivillige hjelparane, fortel journalisten Nida Kara. Den låge profilen gjorde det lettare for henne å dekka Tyrkias største naturkatastrofe . (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Vanskane starta like etter at president Erdogan hadde erklært unntakstilstand i heile området rett etter jordskjelvet. Både dei som jobba for frivillige organisasjonar og journalistar merka det. Mange journalistar blei fråtekne både kamera og anna utstyr. Samtidig kravde Kommunikasjonsdepartementet at utanlandske mediefolk måtte ha spesialløyve for å kunna arbeida i byane som var ramma av jordskjelvet. Situasjonen blei verre, dag for dag, synest ho.

Som tyrkisk journalist opplevde ho ikkje noko slikt sjølv. 

– Me hadde ikkje noko stort kamera, masse lys og mange mikrofonar. Det var lett for vaktene å oppdaga kven som var journalistar. Derfor hadde me med oss utstyr som var så lite at det var mogleg for oss å gøyma det godt, fortel ho.  

Nida Kara laga reportasjane sine med ein smarttelefon med opptakar og filmkamera.

– Politiet og vaktene var sikre på at eg berre var ein privatperson eller ein av dei frivillige hjelparane. Det var lett for meg.

Då ho var i området, var ho både reporter for nettstaden Turkey recap og observatør for den frivillige organisasjonen som ho også arbeider for. 

– Så eg gjorde to ting på ein gong. I tillegg publiserte eg artiklar i to andre publikasjonar.

Når det gjeld pressefridomen i Tyrkia i dag, så viser ho til korleis situasjonen var på 1990-talet.

– Den gongen var det vanskeleg å få tak i informasjon og opplysningar, men sakene blei publiserte. I dag er det lettare å samla saman informasjon og opplysningar med alt slags elektronisk utstyr, men det er frykteleg vanskeleg å få publisert sakene.

Sjølvsensuren er det største trugsmålet 

Men sjølv om pressefridomen i Tyrkia har sine grenser, er det ein ting Nida Kara synest er farlegare. 

– Det er ikkje sensuren som er det største trugsmålet, men sjølvsensuren som du heile tida driv med. Det er ei stor bør å heile tida leggja dette bandet på deg sjølv, vedgår ho.

Frilansjournalisten kjem også med døme på kva du ikkje bør ha med i ein artikkel, dersom du vil unngå problem.

– Du må aldri ta med direkte kritikk av regjeringa, du kan aldri kritisera presidenten, og du kan heller ikkje kritisera noko som kan bli rekna som ei handling eller gjerning presidenten har utført i den rolla han har. Då kan du til og med hamna i fengsel på grunn av ei twittermelding. Og det risikerer ikkje berre journalistar, men alle innbyggjarane i Tyrkia akkurat no,  peikar ho på. 

– Gjeld det berre kritikk av presidenten og regjeringa hans?

– Nei, det gjeld kritikk av alle som tilhøyrer partiet hans AKP. 

– Men opposisjonspartia er det greitt å kritisera?

– Ja, og det gjer me.Og dei kritiserer også kvarandre. 

– Ei sterk polarisering av pressa

Nida Kara tykkjer det er eit dilemma å vera journalist i Tyrkia, for som journalist meiner ho det er eit kall å vera objektiv og ikkje ta parti.

– I Tyrkia er problemet at pressa blir kategorisert i anten regjeringsvennleg media eller  opposisjonsvennleg media.  Derfor er det ei sterk polarisering av pressa, akkurat som i resten av det tyrkiske samfunnet. I Tyrkia seier me at dersom du ikkje tar parti, så blir du eliminert.

UKLART ETTER JORDSKJELVET: – I Tyrkia kan du aldri spå noko om kva som vil skje dei neste fem eller seks åra. Det er mange ting som kan skje i samband med valet, seier Nida Kara som arbeider som frilansjournalist for Turkey Recap. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Sjølv hamna ho i journalistikken heilt tilfeldig då ho møtte ei venninne som stakk innom bokhandelen der ho jobba.

– Dette var i 2016 rett etter kuppforsøket, og venninna mi jobba som fiksar for utanlandske journalistar. Og ho lurte på om ikkje eg også kunne gjera det. For i Tyrkia er det få som snakkar eit utanlandsk språk. På den tida studerte eg ikkje berre litteratur, men også media og kommunikasjon, så eg følte eg kunne gjera det. Slik begynte det, seier ho.

Det førte til at ho som journalist også måtte dekkja ein del av Tyrkia sine militære operasjonar og både nasjonale og lokale val. Det siste ho har gjort er å dekkja jordskjelvkatastrofen i dei sentrale delane av Tyrkia. 

No er det eit nytt presidentval på gang i mai. 

– Dei siste seks åra har alle sagt at det komande valet er det viktigaste i Tyrkias historie. Det seier dei no også.  Og derfor er spenninga høg i heile samfunnet. Dersom du skal fylgja politikarar frå  det største regjeringspartiet, og du fortel at du arbeider for utanlandsk media, kallar dei deg for ein utanlandsk agent som jobbar for Mossad. Det er berre tull, men det viser kor usikre dei føler seg.

Derfor tar Nida Kara forholdsreglar før ho skal dra ut i felten for å dekkja eit val.

– Eg har alltid klart nummeret til ein person me kan ringja, dersom me blir halda tilbake på ein stad mot vår vilje.

– Du var nyleg i områda som blei nærast utraderte av jordskjelvet. Korleis har det verka inn på deg?

– Eg heldt ein veldig låg profil. Nokre av vaktene der viste stor mistillit til journalistar, men dei forstod ikkje at journalistane berre gjorde jobben sin. Sjølv trur eg Kommunikasjons-departementet må ta ansvaret for det. Og Erdogan truga heile tida med at desse folka skal me ta oss av etterpå. Me ventar framleis, seier ho med eit trist smil.

Personleg har ho ikkje merka fylgjene av at ho har dekt Tyrkias største naturkatastrofe med over 50 000 tapte menneskeliv. 

– Eg har ikkje fått tid til å tenkja på det ein gong, ærleg talt. 

– Alt er så uklart no etter jordskjelvet

No lurer Nida Kara på kva fylgjer jordskjelvkatastrofen vil få for presidentvalet den 14. mai. 

– Det er innført unntakstilstand fram til 7. mai. Og så skal det etter planen haldast presidentval. For meg høyrest det nesten umogleg ut. I Tyrkia kan du aldri spå noko om kva som vil skje dei neste fem eller seks åra. Det er mange ting som kan skje i samband med valet. Alt er så uklart no etter jordskjelvet.

Uniforum har også prøvd å få intervjua representantar for presidentkontoret i Tyrkia. Så langt har dei ikkje svart på førespurnaden vår.

(Denne saka er laga med økonomisk støtte frå Stiftelsen Fritt Ord i artikkelserien "Akademisk ytringsfridom under press i Europa"

• Les meir om presset mot akademisk ytringsfridom  i Europa: 

Polske myndigheter øker presset mot akademia

Polens president nekter Michal Bilewicz å bli professor – Situasjonen er absurd

Universitetet i Ungarn som måtte dra i eksil til Wien

Overlever som uavhengige forskarar utanfor den ungarske statens grep

Ungarn: Kjønnsstudium blir nedlagde medan studentar kjempar for tankefridom

– Krigen understreker behovet for et uavhengig hviterussisk universitet

– Det hviterussiske folket står på Ukrainas side

Emneord: Tyrkia, Akademisk fridom, Media, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 10. mars 2023 04:30 - Sist endra 13. mars 2023 12:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere