Romanen "De kaller meg ulven" skal lokka nye grupper til HF

Alle førsteårsstudentar på HF får utdelt Zeshan Shakars roman «Det kaller meg ulven» når dei begynner i august. – Den viser korleis det er å veksa opp i eit fleirkulturelt samfunn, seier studiedekan Gunn Enli.

VIL NÅ NYE: HF tilbyr mikroemne i romanen "De kaller meg ulven" av Zeshan Shakar. Målet er å nå nye studentgrupper, fortel studiedekan Gunn Enli. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Denne veka blei det kjent  gjennom NRK at det er unge med innvandrarbakgrunn som les mest bøker i aldersgruppa frå 9 til 15 år.  Om nokre år kan det vera dei studiedekan Gunn Enli og Det humanistiske fakultetet ved UiO kan ta imot som studentar.

– Den viser det nye Noreg

For denne hausten lanserer fakultetet romanen «De kaller meg ulven» av Zeshan Shakar som både ei velkomstgåve til alle nye studentar og som  utgangspunkt for seks mikroemne over to semester. Kvart mikroemne gir 2,5 studiepoeng. 

– Me valde denne boka fordi den viser det nye Noreg og korleis Oslo er blitt ein heilt ny by. Og så viser den korleis det er å veksa opp i Noreg og forholdet til islam som er familiereligionen medan samfunnet utanfor er sekulært, men påverka av kristendommen, fortel ho. 

– Humaniora har kompetanse

Gunn Enli viser til at eit viktig kriterium for å velja denne romanen er at den er frå samtida, er skriven på norsk, og at det er mogleg å treffa forfattaren. 

– Me håpar også at me vil få auka rekruttering av studentar med foreldre med innvandrarbakgrunn.  Og humaniora har kompetanse både på fleirspråklegheit, religion og kultur, peikar ho på.

Derfor trekkjer ho fram at forholdet mellom far og son, korleis det er å vera mann og å vera kvinne, religion og det sekulære Noreg er ting som dei kan ta opp i dette mikroemnet med romanen som bakgrunn. 

– I boka er det også ein del som tar opp situasjonen for franskmenn med minoritetsbakgrunn. Derfor vil franskprofessor Kerstin Aukrust og professor i religionshistorie Ragnhild Johnsrud Zorgati også ha førelesingar i desse mikroemna saman med professor i ltteraturvitskap Tonje Vold, fortel ho.  

Kan også takast som vidareutdanning

Det er ikkje berre vanlege studentar som kan ta  mikroemna.

– Nei, dei kan også takast som vidareutdanning for lærarar, bibliotekarar, kulturarbeidarar eller andre interesserte. Samtidig er det mogleg å leggja det inn som ein del av ein bachelorgrad,  seier ho. 

Eit mikroemne blir undervist gjennom tre samlingar, og ikkje over eit heilt semester som andre studietilbod.

– Trur denne boka vil vera midt i blinken

Gunn Enli har også bite seg merke i korleis både bøker, og til tider også TV, har kome i skuggen av digitale media som PC-ar og mobiltelefonar.

– Boka til Zeshan Shakar er på 240 sider,  er lett å lesa, og skildrar samtida. Mange lærarar seier at dagens studentar ikkje orkar å lesa lange tekstar.  Me trur denne boka vil vera midt i blinken, seier studiedekanen.

I fjor var romanen «Hvis jeg faller» av Jan Grue velkomstboka for alle førsteårsstudentar på HF. Men den gongen blei ikkje boka tema for eit mikroemne i tillegg.

Nok med generell studiekompetanse

– Humaniora treng fornying, og me startar i det små, med mikroemne, understrekar Gunn Enli. Og krava til studentane er ikkje beinharde.

– Det einaste formelle kravet er at søkjarane har generell studiekompetanse. Dei einaste praktiske føresetnadane er at dei  har høve  til å lesa eit par hundre siders pensum, delta på samlingar og levera ei kort oppgåve, opplyser studiedekanen. Gunn Enli peikar på at HF gjerne vil stimulera til lesing.

– Men det er heilt nytt at me gjer ein roman til eit tverrfagleg studium. Om det blir vellykka, vil me gjenta det med andre romanar, seier ho.  

– Det er eit paradoks

Dei første mikroemna om "De kaller meg ulven" vil  HF tilby til hausten. 

– Me tilbyr altså tre emne i haust, i faga nordisk litteratur, religionsvitskap og tverrfaglege kjønnsstudium. Til våren blir det tre nye, blant anna eit emne i medievitskap om bok som medium og romanlesing i eit historisk perspektiv, med vekt på at det var motstand mot lesing av visse typer romanar og teikneseriar, medan me i dag ynskjer at barn og unge skal lesa meir. Det er jo eit paradoks, synest Enli. 

Sjølv har ho som studiedekan merka seg diskusjonen om nytten og relevansen til humanistiske fag. 

– Dette tilbodet er også eit svar på  det, fortel Gunn Enli til Uniforum.

Les meir om innføringa av mikreoemne på nettsidene til Det humanistiske fakultetet. 

Emneord: Undervisning. Litteraturvitenskap, Det humanistiske fakultet Av Martin Toft
Publisert 29. juni 2023 04:30 - Sist endra 30. juni 2023 12:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere