UiO utnemner ei arbeidsgruppe som skal føreslå ny språkpolitikk

Press frå fleire av medlemane i Universitetsstyret har ført fram. Ei eiga arbeidsgruppe skal føreslå ny språkpolitikk for UiO.

Fleire personar rundt eit langbord

FÅR ARBEIDSGRUPPE: Fleire av medlemane i Universitetsstyret bad om det blei ble sett ned ei arbeidsgruppe som skulle føreslå ny språkpolitikk for UiO. No ber universitetsdirektøren Universitetsstyret om å vedta det. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

I februar neste år skal Universitetsstyret vedta ein ny språkpolitikk for UiO. Men før dei kjem så langt, skal Universitetsstyret ta stilling til forslaget om å oppnemna ei arbeidsgruppe som skal koma med framlegg til ny språkpolitikk. Den avgjerda skal takast på møtet i Universitetsstyret førstkomande tysdag. 

UiO får ny språkpolitikk frå februar neste år

Etter den føreslåtte planen, skal ei arbeidsgruppe med representasjon frå tilsette, studentar og eksterne utnemnast i løpet av denne månaden. Frå juni til oktober skal gruppa utvikla framlegg til ny språkpolitikk, og framlegget skal vera på bordet den 31. oktober.

Fram til den datoen skal det skipast til innspelmøte, gjennomførast dialog med mellom andre studentar, internasjonalt tilsette og andre grupper. 

Frå november til desember skal utkastet frå arbeidsgruppa bli sendt ut på høyring til fakulteta og på opa høyring på heile universitetet. Og i møtet i februar skal Universitetsstyret vedta den endelege språkpolitikken, som vil begynna å verka frå same stund. 

Styrerepresentantar ville ha arbeidsgruppe                                               

Dermed har styrerepresentantane som tok til ordet for at det burde opprettast ei arbeidsgruppe, som kan føreslå ein ny språkpolitikk, fått medhald hos UiO-leiinga.

I det førre møtet var representant for dei mellombels vitskaplege tilsette Anniken Hotvedt Sundby heilt klar på at UiO burde fylgja det same opplegget som både Universitetet i Bergen, NTNU og Universitetet i Agder hadde vedtatt for ny språkpolitikk.  "– Der har dei sett ned ei eige arbeidsgruppe  som skal utarbeida språkstrategi," peika ho på.  Ho fekk støtte frå både styrerepresentantane for dei fast vitskaplege tilsette Ingrid Lossius Falkum og Finn-Eirik Johansen.. 

Også ekstern representant Qaisar Farooq Akram gav støtte til innspelet frå Hotvedt Sundby.  "– Det er ein god idé å opprette ei arbeidsgruppe," meinte han. Også dei andre representantane som tok ordet var positiv til dette.

UiO-rektor Svein Stølen noterte seg ønska og forslaga frå representantane når det gjeld utforminga av ein ny språkpolitikk for UiO.  

"– Me skal koma tilbake til dette," lova han. 

• Les meir i Uniforum: UiO-styremedlemar vil at ei arbeidgruppe skal jobba med ny språkpolitikk

Blir bedne om å slå ring om viktige prinsipp

No føreslår universitetsdirektør Arne Benjaminsen at Universitetsstyret vedtar forslaget om både om  å utnemna ei slik arbeidsgruppe og mandatet for gruppa på møtet førstkomande tysdag.  I bakgrunnsnotatet vert fleire av prinsippa som må takast vare på, trekte fram. Det handlar mellom anna om at språkpolitikken ved universitetet skal utformast slik at den tar vare på og utviklar bruk av norsk språk og fagterminologi. Det vert dessutan lagt vekt på at UiOs  rolle som internasjonalt forskingsintensivt universitet må takast vare på. Ein ventar også at studentar skal kunna kjenna til og bruka eit fagspråk både på norsk og engelsk, eller eit anna framandspråk. Av dei tilsette vert det venta at dei har gode kunnskapar om både norsk og engelsk, går det fram av sakspapira.

Går vidare med planar om å slå saman OD og MED

 Som Uniforum melde rett før helga, vil universitetsleiinga gå vidare med planane om å greia ut ei  samanslåing av  Det odontologiske fakultetet og Det medisinske fakultetet. Det skjer trass i stor motstand både frå dekan Tiril Willumsen på OD og frå mange av dei andre tilsette på fakultetet. “- Det er mange ansatte som er urolige”, framhevar dekanen i Uniforum. Universitetsdirektør Arne Benjaminsen forsvarar i ei epost til Uniforum, avgjerda om å gå vidare med prosessen om å sjå på om det er mogleg å slå saman dei to fakulteta. “ – Vi ønsker å gjennomføre et arbeid for å utrede om det er et faglig grunnlag og synergier innenfor forskning, utdanning og innovasjon som kan gi grunnlag for å vurdere om det eventuelt i neste omgang skal settes i gang en organisatorisk prosess,” skriv universitetsdirektøren. Universitetsstyret får informasjon om bakgrunn og  status for arbeidet så langt. 

• Les meir i Uniforum: OD-dekanen: – Med tanke på hvor lite involvert vi har vært, synes vi dette gått veldig fort

 

Skal diskutera rapport om Oslo Science City

 

Innovasjonsdistriktet Oslo Science City kjem også opp som ei diskusjonssak. Der skal Universitetsstyret høyra meir om ei kartlegging  og nokre vurderingar av oppstartsmiljøa i innovasjonsdistriktet. Rapporten er laga av Menon Economics og har tittelen:  “Rapport fra Menon Economics: Oppstartsmiljøene i Oslo Science City – en kartlegging og noen vurderinger (Menon-publikasjon nr. 3/2023).” UiO-styret skal diskutera korleis det vurderer rapporten og korleis rapporten bør fylgjast opp.   

Kan få inn ting som er kutta bort frå nytt vikingtidsmuseum

Universitetsstyret skal også bli informert om korleis det vidare arbeidet med bygginga av Vikingtidsmuseet går.  Her er det mange funksjonar  og tilbod som er tatt ut av prosjektet . Likevel kan dei bli realisert  gjennom eigne eller eksterne midlar. Dei funksjonane som er tatt ut er av ein slk art at dei vil svekkja publikumsopplevinga, forskingsaktiviteten og UiOs høve til inntening.  Å utløysa høvet til likevel å realisera desse funksjonane vil truleg kosta 500 millionar kroner, pengar som må hentast eksternt eller som UiO vil klara å finansiera på eiga hand.

Skal fordela 6,418 milliardar kroner

Den saka som skal handsamast i UiO-styret som har mest å seia for tilsette og studentar på UiO, er likevel fordelinga av den tildelinga UiO reknar med å få frå regjeringa ved Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2024. I forslaget til vedtak står det at Universitetsstyret vedtar samla fordeling av ei sannsynleg statsløyving på  6,418 milliardar kroner.  Det er også lagt inn ein pårekna rammereduksjon på 1,1 prosent.  Rektor får fullmakta til å gjera endringar som fylgje av Kunnskapsdepartementets tildelingsbrev  til UiO for 2024 og og andre mindre justeringar i fordelinga.

Den største satsinga på 2024-budsjettet er 15 millionar kroner som blir sett av til infrastruktur for forsking. Så blir det sett av 10 millionar kroner til digital transformasjon. Den siste potten UiO har til prioriteringar er på 7 millionar kroner og går til satsinga på tverrfakultær utdanning, så sant Universitetsstyret vedtar det sannsynlege budsjettet for 2024.

Slik blir fordelinga for dei ulike einingane på UiO:

BUDSJETTFORDELING: Dette er den sannsynlege budsjettfordelinga for 2024 for alle einingane ved UiO (Foto av saksdokument)

 

 

I førre veke blei også revidert nasjonalbudsjett for 2023 vedtatt av Stortinget.  For UiO fører det til at Universitetsstyret blir bede om å ta stilling til eit forslag til vedtak der det skal avsetjast 60 millionar til prognose for ekstra energikostnader i 2024.  81,5 millionar kroner skal fordelast til einingane på grunnlag av fordelingsmodellen for 2023. Kompensasjonen for lønns- og prisstiginga blir auka frå 3 til 4,4 prosent.  I tillegg vert 141 millionar fordelte til einingane på grunnlag av fordelinga for 2024.

Universitetsstyret skal bak stengde dører bestemma både kven som skal tildelast UiOs menneskerettspris for 2023 og kva ferdige doktorkandidatar som får tildelt H.M. Kongens gullmedalje. Før styret opnar dørene skal det også handsamast ei klage på ein avskjed. 

Andre saker som kjem opp er studietilbodet for studieåret 2024/25,  vurdering av makt til tilsetjingsorganet og UiOs deltaking i Africa-Europe Clusters of Reseach Excellense.  Og også verksemdsrapporten for første tertial 2023 kjem på Universitetsstyrets bord.

Det er heile sakslista for møtet i Universitetsstyret tysdag 20. juni:

Møte nr. 4/2023 i universitetsstyret

Estimert tid for åpent møte er 11.00

Møtet vil bli streamet.

Tid og sted: 20. juni 2023 10:00–17:00, Professorboligen, Karl Johans gate 47

Legg til i kalender

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-sak 21-2023 Godkjenning av dagsorden og habilitet

Forslag til vedtak:

Dagsorden og habilitet ble godkjent.


V-sak 22-2023 Klage i sak om avskjed

Saksnr.: 2021/8932

Saken er unntatt offentlighet offl. § 23, §13 jfr. fvl. § 13


V-sak 23-2023  Tildeling av UiOs menneskerettighetspris – Lisl og Leo Eitingers fond 2023

Saksnr.: 2023/1555

Saken er unntatt offentlighet offl. § 26, 2. ledd


V-sak 24-2023 Tildeling av H.M. Kongens gullmedalje 2023

Saksnr.: 2023/3128

Saken er unntatt offentlighet offl. §  26, 2. ledd


Saker til behandling i åpent møte

Diskusjonssaker


D-sak 4-2023 - Oppstartsmiljøene i Oslo Science City - en kartlegging og noen vurderinger

Saksnr. 

Saksdokumenter:


Ordinære saker


V-sak 25-2023 Virksomhetsrapport per 1. tertial 2023

Saksnr. 

Forslag til vedtak:

1. Styret tar virksomhetsrapporten for 1. tertial 2023 til etterretning.

Saksdokumenter:


I-sak 16-2023 Resultatanalyse per 2022

Saksnr. 

Saksdokumenter:


V-sak 26-2023 Forslag til revidert nasjonalbudsjett - 2023 - konsekvenser for UiO

Saksnr. 

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar at
1.  60 mill. kroner avsettes til prognose for økte energikostnader i 2024.
2.  81,5 mill. kroner fordeles til enhetene til etter fordelingsmodell i 2023 (ved å øke kompensasjon for lønns- og prisstigningen i bevilgningen fra 3% til 4,4%).
3. 141,5 mill. kroner fordeles til enhetene i henhold til fordelingsmodellen i 2024.


V-sak 27-2023 Fordeling 2024 – Fordeling av tentativ KD-bevilgning 

Saksnr. 2023/10571

Forslag til vedtak:

1. Universitetsstyret vedtar samlet fordeling av antatt statsbevilgning på 6,418 mrd. kroner (post 50) for2024 for fakulteter og tilsvarende enheter i tråd med saksfremlegg.
a) Universitetsstyret vedtar nye prioriteringer i 2024 til sammen 32 mill. kroner
b) Universitetsstyrets bevilgning til midlertidige tiltak og varige øremerkinger kan ikke omdisponerestil andre formål.
c) Det er lagt inn en forventet rammereduksjon på 1,1%.
2. Rektor gis fullmakt til å foreta endringer som følge av KDs tildelingsbrev til UiO for 2024 samt andremindre justeringer i fordelingen.


V-sak 28-2023 Universitetet i Oslos studietilbud for studieåret 2024/2025

Saksnr. 2023/10707

Forslag til vedtak:

a) Følgende studietilbud etableres: 

  • Bachelorprogram i arkeologi ved HF
  • Masterprogram i arkeologi ved HF
  • Bachelorprogram i kulturarv- og konserveringsstudier ved HF
  • Masterprogram i konservering ved HF
  • Bachelorprogram i matematikk i forsikring, finans og økonomi ved MN
  • Bachelorprogram i data, modellering og beregninger ved MN
  • Bachelorprogram i matematikk med anvendelser ved MN
  • Årsenhet i matematikk ved MN

b) Følgende studietilbud nedlegges

  • Årsenheten Praktisk-pedagogisk utdanning Teach First Norway ved UV
  • Bachelorprogrammet Arkeologi og konservering ved HF
  • Masterprogrammet Arkeologi og konservering ved HF
  • Det erfaringsbaserte masterprogrammet Konservering – prosjektbasert ved HF
  • Forskerlinjen i informatikk på bachelornivå ved MN
  • Forskerlinjen i informatikk på masternivå ved MN
  • Bachelorprogrammet Matematikk med økonomi ved MN
  • Bachelorprogrammet Matematikk med informatikk ved MN

c) I tråd med innstillingen fra HF legges hindi ned som fag ved UiO. 

d) Alle studieprogram ved UiO er adgangsbegrenset. Universitetsstyret gir rektor fullmakt til å fastsette kapasiteten til hvert studietilbud etter konsultasjon med fakultetene. Dette innebærer å:

  • fastsette konkrete opptaksrammer for studieåret 2024/2025.
  • fastsette kapasiteten til å ta opp internasjonale studenter for studieåret 2024/2025.
  • fordele studieplasser til studietilbud innen nukleære fag.
  • fordele studieplasser til studietilbud for flyktninger.
  • fordele eventuelle nye studieplasser fra Kunnskapsdepartementet.
  • foreta nødvendige reduksjoner i studieplasser fra revidert nasjonalbudsjett 2020.
  • fordele inntil 4 studieplasser til «Students at risk» høsten 2024.

e) Universitetsstyret gir rektor fullmakt til å godkjenne søknader om eksterne midler til utvikling av fellesgrader og til å vedta etablering av slike studieprogram.

f) Universitetsstyret vedtar årlig justering av studieavgiftene til UiOs studieprogram. Dette gir følgende satser for studieåret 2024/2025:

  • Studier i kategori A: 531.000 per år
  • Studier i kategori B: 404.000 per år
  • Studier i kategori C: 276.000 per år
  • Studier i kategori D: 191.000 per år
  • Studier i kategori E: 170.000 per år
  • Studier i kategori F: 138.000 per år

Saksdokumenter:


V-sak 29-2023 Retningslinjer for studentmedvirkning ved Universitetet i Oslo

Saksnr. 2022/38683

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar retningslinjer for studentmedvirkning ved Universitetet i Oslo.

Saksdokumenter:


V-sak 30-2023 Revisjon av UiOs kvalitetssystem for utdanningsvirksomheten

Saksnr. 2008/17259

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar forslag til revidert kvalitetssystem for UiOs utdanningsvirksomhet.

Saksdokumenter:


V-sak 31-2023 Oppnevning av studentrepresentanter til Skikkethetsnemnda

Saksnr. 

Forslag til vedtak:

FORSLAG TIL VEDTAK:
Universitetsdirektøren foreslår at følgende personer oppnevnes som medlemmer av Skikkethetsnemnda, hvilket er i tråd med Studentparlamentets forslag:
Sigve Næss Røtvold (f. 1999) er student på ved lektorprogrammet ved Det utdanningsvitenskapelige fakultet.
Ingebjørg Flyum Bjørlo (f. 2000) har nettopp fullført første året på masterutdanning i Screen Culture ved Det humanistiske fakultet.

Studentrepresentantene oppnevnes for perioden 01. juli 2023 - 30. juni 2024

Saksdokumenter:


V-sak 32-2023 Ny språkpolitikk - prosess

Saksnr. 

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar prosess for arbeidet med ny språkpolitikk og mandat for arbeidsgruppen. 

Saksdokumenter:


V-sak 33-2023 Ansettelsesorganets myndighet - oppfølging av styresak om vitenskapelig rekruttering og kompetanseprofil

Saksnr. 2020/4894

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret gjør ingen endringer i retningslinjene som ble vedtatt 7. februar 2023.

Saksdokumenter:


Informasjonssaker


I-sak 17-2023 UiOs utviklingsavtale med Kunnskapsdepartementet - plan for oppfølging

Saksnr. 

Saksdokumenter:


I-sak 18-2023 UiOs deltakelse i Africa-Europe Clusters of Research Excellence

Saksnr. 

Saksdokumenter:


I-sak 19-2023 Prosess for å utrede om det er faglig grunnlag og synergier innenfor forskning, utdanning og innovasjon for en felles organisering av Det odontologiske- og Det medisinske fakultet 

Saksnr. 


I-sak 20-2023 Vikingtidsmuseet - håndtering av opsjoner i det nedskalerte prosjektet

Saksnr. 


Orienteringssaker


O-sak 9-2023 Universitetsdirektørens orienteringer

Saksnr.: 2008/3197

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Orienteringssaker


O-sak 10-2023 Eventuelt


Ordinære saker


V-sak 35-2023 Godkjenning av protokoll for inneværende møte

Forslag til vedtak:

Protokollen ble godkjent. 


Protokoll

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 19. juni 2023 04:30 - Sist endra 19. juni 2023 17:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere