Unio og Akademikarane er blitt einige med UiO i lønnsforhandlingane

Minst 5,3 prosent i lønnsauke får alle UiO-tilsette som er organiserte i Unio eller Akademikarane eller er uorganiserte. Det er resultatet av dei lokale lønnsforhandlingar med UiO. 

GLAD: Hovudtillitsvald Belinda Eikås Skjøstad i Forskarforbundet er nøgd med resultatet av dei lokale lønnsforhandlingane med UiO. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Avtalen fører til at det ikkje blir gjennomført individuelle lønnsforhandlingar på denne avtalen i år for dei som er medlemar i Unio og Akademikarane, som er to av  hovudorganisasjonane i staten. 

LO og YS neste organisasjonar ut

– No er det LO og YS som skal i møte med oss om dei lokale lønnsforhandlingane, opplyser organisasjons- og personaldirektør Irene Sandlie ved UiO til Uniforum.  Alle deira medlemar har i dei sentrale forhandlingane fått 31 000 kvar i kronetillegg. Dermed står det igjen å forhandla lokalt  om berre 0,85 prosent av den samla lønnspotten som det blei forhandla om i vår.   

– Eg er veldig tilfreds med resultatet

Organisasjons- og personaldirektør Irene Sandli uttrykkjer glede over å ha landa avtalen med Unio og Akademikarane. 

LANDA AVTALE: Personaldirektør Irene Sandlie ved UiO er glad for at Unio og Akademikarane har landa ein avtale med UiO i dei lokale lønnsforhandlingane. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Eg er veldig tilfreds med resultatet av dei lokale lønnsforhandlingane med Unio og Akademikarane.  Alle medlemane i desse organisasjonane og dei uorganiserte kjem inn under denne avtalen, understrekar ho.

Sandlie tykkjer det er ein god avtale for dei tilsette som er på denne avtalen.

– Heile ramma går til alle. Og alle får den same lønnsauken i prosent, konstaterer ho. 

I morgon er det ein ny runde i dei lokale lønnsforhandlingane på UiO. 

– Ja, då har me eit førebuande møte med LO og YS, varslar ho. 

Minst 5.3 prosent tillegg til alle

Unio viser til at avtalen går ut på at alle får minst 5,3 prosent i lønnstillegg med verknad frå 1. mai i år. Dei som blir pensjonistar, sluttar ved UiO eller er i ein oppseiingsperiode frå UiO mellom 1. mai og 31. august 2023, er ikkje ein del av dette oppgjeret, opplyser det Unio-tilslutta Forskarforbundet ved UiO i ei melding som dei har sendt til alle medlemane sine.

– Har fått innfridd krava våre 

Der gir hovudtillitsvald Belinda Eikås Skjøstad uttrykk for glede over avtalen. 

– Unios krav i årets mellomoppgjer var å sikra at alle våre medlemar får eit så høgt prosentvist tillegg som mogleg. Dette for å kompensera for lønnsetterslep i sektoren og sikra at UiO rekrutterer og held på viktig og høg kompetanse i konkurranse med privat sektor og andre institusjonar innanfor UH-sektoren. Samtidig må me ta høgd for stigande inflasjon og auka lånerenter. Resultatet viser at me har fått innfridd krava våre, uttalar ho i meldinga. 

Ingen individuelle lønnsforhandlingar

Konsekvensen av avtalen er at det dermed ikkje blir gjennomført individuelle lønnsforhandlingar på denne avtalen i år. Dermed skal verken organisasjonane eller arbeidsgjevar fremja krav for dei tilsette som er organiserte i dei fagforeiningane avtalen gjeld for, står det i eposten Forskarforbundet ved UiO har sendt til medlemane sine. 

 

• Les meir om årets lønnsforhandlingar: 

Også Unio har inngått lønnsavtale med staten

LO, YS og Akademikarane er blitt einige med staten

 

Emneord: Lønn/lønnsforhandlinger Av Martin Toft
Publisert 20. juni 2023 16:41 - Sist endra 20. juni 2023 19:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere