Ein mann i 20-åra er sikta for drapsforsøk etter knivstikkinga i lokala UiO leiger

Det var to kvinnelege universitetslærarar som blei skadde under knivstikkinga i går  i lokala Farmasøytisk institutt ved UiO leiger på Majorstua. 

20-ÅRING: Ein mann i 20-åra er sikta for for forsøk på drap og kroppsskade etter knivstillinga i går i lokalet som UiO leiger hos Statens arbeidsmiljøinstitutt på Majorstua. To kvinnelege universitetslærarar blei alvorleg og lettare skadde under hendinga. 

Foto: Eirik Linder Aspelund/Stami

Ei av dei to kvinnene er ute av Legevakta etter at ho fekk mindre skader, medan ei ligg framleis på Ullevål universitetssykehus med litt meir skader, opplyser politiadvokat Lisbeth Ravlo Backe til  Dagbladet.

Hendinga skjedde i lokala til Statens arbeidsmiljøinstitutt i Gydas vei på Majorstua i går ettermiddag. Der leiger Farmasøytisk institutt ved UiO ein del av lokala.

Ein mann i 20-åra er sikta for forsøk på drap og kroppsskade. Han er pågripen og vert framstilt for varetektsfengsling i morgon, skriv politiet i ei pressemelding. Politiet har gjennomført eit innleiande  avhøyr av  den sikta, og vil halda fram på dette i dag. Det er gjennomført fleire vitneavhøyr.

Når det gjeld kva som har skjedd før hendinga, skriv politiet at det er for tidleg å seia noko om det no. Den sikta er ikkje tidlegare kjent for politiet. Han har fått oppnemnt  advokat Petar Sekulic som forsvarar, går det fram av pressemeldinga. Fleire media skriv at den sikta er student.

I dag har UiO eigne informasjonsmøte med både berørte studentar og tilsette ved Farmasøytisk institutt.  

 

 

Emneord: Politi, Farmasi Av Martin Toft
Publisert 25. aug. 2023 11:43 - Sist endra 25. aug. 2023 11:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere