Indias opposisjonsleiar Rahul Gandhi på UiO: – Eg vil redda Indias demokrati

Alle ville ha ein bit av Indias opposisjonsleiar då han besøkte UiO i går. Han lova auka satsing på helse og utdanning om alliansen hans får overta makta i verdas største demokrati. 

Portrett av ein mann

IKKJE AKSEPTABELT: – Me vil ikkje tolerera Modi-versjonen av demokrati. For dagens nivå på ulikskap i India er ikkje akseptabelt, sa Rahul Gandhi under besøket på UiO.

Foto: Martin Toft

Det var nesten fullsett i auditorium 1 i Helga Engs hus då Indias opposisjonsleiar, Rahul Gandhi (53), sonen til Rajiv og Sonia Gandhi, barnebarnet til Indira Gandhi og oldebarnet til Jawaharlal Nehru, besøkte Universitetet i Oslo måndag ettermiddag. 

I India er han med i ein  allianse som er sett saman av Kongresspartiet, som han tidlegare har vore leiar for, og 16 andre parti.

Møteleiar og India-ekspert Arild Engelsen Ruud frå Det humanistiske fakultetet bad han om å koma inn på kva politikk han ville føra om alliansen han leier, får ta over regjeringsmakta etter statsminister Narendra Modi og partiet hans, det hindunasjonalistiske BJP. 

– Eit levande demokrati fram til 2014

Men først viste Rahul Gandhi til den politiske utviklinga i India etter at Modi danna regjering i 2014. 

– Fram til då var det eit levande demokrati i India der partia kjempa om makta på demokratisk vis gjennom val. Alle partia hadde også fri tilgang til aviser, radio, TV og andre media. I dag er spelereglane endra. Alle statsinstitusjonane er blitt inntatt av regjeringspartiet BJP. Derfor er me heile tida i gang med å redda demokratiet i India, slo han fast. 

Det var grunnen til at han hadde dratt rundt på universitet i USA og i Storbritannia og halde innlegg. 

– På Indias universitet får eg ikkje lov til det, fortalde han. 

Rahul Gandhi kom også inn på korleis han og partifellene hans starta ein 3500 kilometer lang marsj frå Tamil Nadu sør i India og heilt opp til Kashmir i nord. 

– Me hadde ikkje noko anna val. Det var den einaste måten me kunne koma i direkte kontakt med vanlege innbyggjarar i India, forklarte han.

Samtidig vedgjekk han at om nokon i 2012 hadde spurt han om han ville dra på ein slik marsj, ville han ha svart nei. 

– Det var ingen andre moglege løysingar igjen, la han til. 

– Me vil ikkje tolerera Modi-versjonen 

Arild Engelsen Ruud ville også vita kvifor han som godt utdanna akademikar frå Harvard University i USA, ikkje heller kunne vald å bli forretningsmann i staden for å driva med politikk. 

UTSPØRJING: India-ekspert og professor Arild Engelsen Ruud hadde fått oppgåva med å driva utspørjing av Indias opposisjonsleiar, Rahul Gandhi under besøket på Universitetet i Oslo måndag 11. september. (Foto: Martin Toft)

 

– Eg likar ikkje urettferd, og eg likar ikkje at folk driv og heng ut andre og gjer narr av dei, svara Gandhi.

Han lovpriste ideologien til landsfaderen Mahatma Gandhi.

– Me klarte å få britane til å forlata landet vårt utan å ta livet av dei, peika han på.

Men dagens India ville han endra. 

– Me vil ikkje tolerera Modi-versjonen av demokrati. For dagens nivå på ulikskap i India er ikkje akseptabelt. 200 milllionar personar har hamna i fattigdom i løpet av dei siste åra, sa han.

Men han gav Modi-regjeringa skryt for å ha bygd ut ein god infrastruktur i landet. 

– Me skal satsa mykje meir på helse og utdanning enn det Modis regjering har gjort, var lovnaden han kom med til tilhøyrarane i auditorium 1 i Helga Engs hus på Blindern. 

India vil ha både økonomisk og demokratisk fridom

No er India gått forbi Kina som verdas folkerikaste land, og har 1,4 milliardar innbyggjarar. 

Rahul Gandhi gav honnør til Kina for at landet hadde klart å byggja opp ein av verdas sterkaste økonomiar gjennom å bli verdas fabrikk. 

– Dei har klart det, men utan demokratiske rettar til innbyggjarane sine. India vil også klara det, men innanfor eit demokratisk system, lova han.

  Og det var han sikker på at dei ville få til. 

– Saman med USA og dei europeiske landa vil India klara å produsera like effektivt som Kina har gjort det, men med både demokratisk fridom og økonomisk fridom på plass, slo han fast.  

– Me vil ha alle i India med oss

Når det gjaldt kva han og alliansen hans ville endra i India, om dei kjem til makta etter det neste valet på ny nasjonalforsamling, talte han varmt for å inkludera alle.

– Det me kan lova, er at me vil ha alle i India med oss, både minoritetar og dei som tilhøyrer lågkastane. I dag tar dei ikkje del i den økonomiske veksten. Utan å utjamna desse ulikskapane, vil India aldri lykjast, trudde han. 

– No bør krigen stoppast

Gandhi la også vekt på å slå ring rundt maktfordelingsprinsippet som har vore under press i India. 

– Og så vil me ha uavhengige statlege institusjonar som skal ta avgjerder som regjeringa ikkje skal legga seg bort i, understreka han. 

Ukraina og kva forhold India skal ha til den konflikten kom også opp som eit spørsmål frå publikum under samtalen på Blindern. Der tok han ikkje parti for nokre av partane i konflikten. 

– Me er imot valden både mot folket i Ukraina og alle russarar som døyr i Ukraina. No bør krigen stoppast, meinte han og fekk applaus. 

Hadde pressemøte på Grand hotell

TRENGSEL: Mange ville ha ein selfie saman med Indias mest kjente politikar utanom dagens statsminister Narendra Modi (Foto: Martin Toft) 

Rahul Gandi forlet Helga Engs hus med ei stor tilhengjarskare som ville ha bilete av seg sjølve saman med Indias berømte opposisjonsleiar .Til slutt klarte han å koma seg inn i maxitaxien som frakta han vidare til Grand hotell i Oslo sentrum. 

Der tok han seinare på ettermiddagen imot Uniforum, andre mediefolk og UiO-professor Dan Banik ved Senter for utvikling og miljø til eit eige pressemøte.

– Dette kan vera ein strategisk moglegheit for India

Me ville gjerne vita korleis India ville klara å løysa klimaendringane og tapet av naturmangfald, når det største problemet i India er at veldig mange folk lever i fattigdom.

Han meinte at det var to måtar du kunne sjå dette på med eit så stort land som India. 

–  Du kan tenkja korleis skal me klara å setja i verk tiltak når folk er fattige og svoltne. Me treng betre sjukehus, trekte han fram, men han viste til at det finst også ein annan måte å sjå det på. 

– Dette kan vera ein strategisk moglegheit for India, både på grunn av vår dugleik og på grunn av vår storleik. India ser på solenergi som eit område der det er mogleg å setja globale standardar, både når det gjeld plasseringa av solceller og infrastrukturen rundt solenergi. På den måten kan det bli ein langsiktig moglegheit for India, Og det er ein betre idé å senda denne bodskapen til folket vårt, syntest han.

Rahul Gandhi meinte det var viktig å sjå dette  frå eit land med 1,4 milliardar innbyggjarar som prøver å spela ei viktig rolle på denne planeten. 

– Utan tvil vil me gå inn i ein overgang frå petrokjemisk energi til rein energi. Det vil kosta, men me vil hausta fordelar av det 15 til 20 år etterpå, var han sikker på. 

Vil endra utdanningssystemet

Rahul Gandhi måtte også svara på korleis dei høgare utdanningsinstitusjonane i India skal kunna heva nivået på faga, utanom IT, ingeniørutdanniing og medisin som har eit høgt nivå. Han svarte ved å visa til skulebesøka han hadde vore på, og alle barna og ungdommane han hadde møtt frå 3 til 23 år. 

PRESSEMØTE:  Rahul Gandhi hadde pressemøte på Grand hotell måndag kveld. Då svara han på spørsmål om klima og utdanningssystemet i India. (Foto: Martin Toft)

–  Då spurte eg dei kva dei ville bli. Dei svarte dataingeniør, ingeniør, advokat, lege og soldat. Eg var svært overraska over at skulesystemet vårt berre motiverte dei til å ta desse fem yrkesvegane. Derfor utførte eg eit lite eksperiment, avslørte han. 

Gandhi spurte elevane om kva dei ville bli, og alle svarte dei fem tradisjonelle yrkesvegane.

– Ei sa at ho ville bli kirurg. Så spurte eg om dei ville bli pilot. Ingen av dei ville det. Men så bad eg helikopterpiloten om å ta dei med på ein tur. Då dei kom tilbake og eg stilte dei det same spørsmålet, sa alle at dei ville bli pilot. 

Det me har lært av dette er at utdanningssystemet må vekk frå ideen om at det berre er fire-fem ting du kan bli, tykte han og lova at om alliansen hans vinn det neste valet til ny nasjonalforsamling, så skal valmoglegheitene i skulen bli mykje større. 

– På grunn av press frå foreldre og skuleverk, får me ingeniørar som ikkje vil bli ingeniørar og legar som ikkje vil bli legar. Me må begynna med å endra skulevesenet og byggja opp respekt for andre yrke og andre evner. Det er ikkje respektlaust å vera ein skreddar som lagar veldig gode klede. Utdanningsvesenet må oppmuntra elevane til å tenkja slik også, var oppfordringa hans.

Besøket til Rahul Gandhi på UiO blei organisert av Institutt for kulturstudiar og orientalske språk i samarbeid med Indian Overseas Congress, Norway, og InNor Consultancy.

(Kjelder: Rahul Gandhi, Wikipedia, Nettavisen og Al Jazeera)

 

Emneord: India, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 12. sep. 2023 04:30 - Sist endra 16. sep. 2023 13:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere