Framtida til UiO:Livsvitskap og molekylærmedisinsenteret blir tatt opp i Universitetsstyret

Molekylærmedisin, UiO:Livsvitskap og studieavgifter for utanlandsstudentar er mellom sakene som kjem opp i Universitetstyret i morgon.

Fleire personar er samla rundt eit møtebord

I GANG: Rektor Svein Stølen sparkar i gang det første møtet i Universitetsstyret denne hausten onsdag 6. september. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Onsdag 6. september kjem Universitetsstyret saman til det første møtet i haustsemesteret. To nye studentrepresentantar og ein ny representant for dei mellombels vitskaplege tilsette er komne til sidan det førre møtet i juni.   Dei nye medlemane er postdoktor Isabel Viola Kreis, som i vår vann valet mot fem andre kandidatar, og dei to studentrepresentantane Solveig Martha Tynkkynen og Sivert Arntzen. 

Denne gongen er handsaminga av vidareutviklinga og reorienteringa  til Norsk senter for molekylærmedisin truleg den mest interessante saka. Den blir handsama bak stengde dører.  Eit bilete av kva det vil handla om, får me kanskje gjennom senterdirektør Janna Saija Saarelas innlegg om status for senteret i den opne delen av møtet.  

• Les også; Ombygging i Forskningsparken fører til splitting av toppforskningssenter

Molekylærmedisinsk senter får toppkarakter i evaluering

UiO:Livsvitskap legg fram forslag til strategi

Forskingssatsinga UiO:Livsvitskap skal også presentera status for satsinga, før det skal presenterast ein plan for ein framtidig strategi for satsinga. I oppsummeringa av statusen til UiO:Livsvitskap går det fram at satsinga mellom anna har gitt støtte til oppretting av 20 konvergensmiljø. Mellom dei tinga som blir trekte fram er opprettinga av Senter for bioinformatikk, Senter for pandemi og én helse-forsking og arbeidet til The Lancet One Health Commission. Dessutan har satsinga bidratt til opprettinga av Veksthuset for verdiskaping og til lærings- og forskingslaboratoriet LagLivLab. Innovasjonsprogrammet SPARK Norway blir framheva som den viktigaste aktiviteten for satsinga innanfor innovasjon. 

Etter å ha oppsummert dagens situasjon for satsinga, skal UiO:Livsvitskapsdirektør Carl Henrik Gørbitz presentera ein strategi for ein mogleg ny satsingsperiode for perioden 2025-2030.  Universitetsstyret skal diskutera innhaldet i strategien, og på eit seinare tidspunkt ta standpunkt til om satsinga skal vidareførast.

Skal diskutera studieavgifter

I helga kom forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim med ei felles kunngjering om at regjjeringa ville innføra ei stipendordning for utanlandsstudentar frå dei fattigaste landa som frå denne hausten må betala studieavgift på  lik linje med andre studentar frå land utanfor EØS, EU og Sveits. 

• Les også: Regjeringa innfører stipendordning for noen av utanlandsstudentene

Også i Universitetsstyret blir studieavgifter tema for ei diskusjonssak. I saksdokumenta blir det vist til at innføringa av studieavgifter har store konsekvensar for rekrutteringa av internasjonale studentar. Derfor peikar universitetsdirektøren på behovet for å vurdera kva strategiar UiO skal ha for å sørgja for internasjonalt mangfald og internasjonale perspektiv på utdanningane dei komande åra. Eit slikt arbeid ynskjer universitetsdirektør Arne Benjaminsen å setja i gang i løpet av denne hausten. Universitetsstyret får lagt fram saka til diskusjon. 

Klimagassrekneskap og Circle U.

Klimagassrekneskapen til UiO for 2021 til 2022 blir også lagt fram på møtet som ei informasjonssak. Det same gjeld status for den europeiske utdanningssatsinga Circle U. 

Det andre store byggjeprosjektet på UiO i tillegg til Livsvitskapsbygget er nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy. Universitetsstyret får denne gongen presentert kva som er tatt ut av prosjektet, men som framleis kan bli tatt inn igjen som opsjonar. Det vil seia service-einingar som i dag ikkje er med i det nedskalerte museumsprosjektet. Det kan gjerast med anten eksterne eller eigne midlar, går det fram av saksdokumenta frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen. 

• Les meir: Vikingtidsmuseet kan få auka ramma til over 3,7 milliardar kroner

 

Dette er heile sakslista til møtet i Universitetsstyret:

Møte nr. 5/2023 i universitetsstyret

Møtet vil bli streamet.

Tid og sted:  – , Professorboligen, Karl Johans gate 47

Legg til i kalender

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-sak 35-2023 Godkjenning av dagsorden og habilitet

Forslag til vedtak:

Dagsorden og habilitet ble godkjent.


Saker til behandling i åpent møte

Informasjonssaker


I-sak 21-2023 UiO:Livsvitenskap – status for satsingen

Saksnr. 2015/2807

Saksdokumenter:


Diskusjonssaker


D-sak 5-2023 - Strategi for UiO:Livsvitenskap for perioden 2025-2030

Saksnr. 2015/2807 

Saksdokumenter:


Informasjonssaker


I-sak 22-2023 Status - Norsk Senter for Molekylærmedisin

Saken legges frem i møtet av senterdirektør Janna Saija Saarela


Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-sak 36-2023 Videreutvikling/reorientering av Norsk Senter for Molekylærmedsin

Saksnr. 

Saken er unntatt offentlighet i henhold til off § 14.


Saker til behandling i åpent møte

Ordinære saker


V-sak 37-2023 Overføring av eierskapet til Det norske institutts eiendom i Athen fra Universitetet i Oslo til Universitetet i Bergen

Saksnr. 2088/3869

Forslag til vedtak:

Styret godkjenner overføring av Det norske institutts i Athens eiendommer fra Universitetet i Oslo til Universitetet i Bergen.

Saksdokumenter:


Diskusjonssaker


D-sak 6- 2023 Studieavgifter for studenter fra utenfor EU, EØS og Sveits for studieåret 2023/24 og fremtidig rekruttering av internasjonale studenter

Saksnr. 2023/4850

Saksdokumenter:


Informasjonssaker


I-sak 23-2023 Vikingtidsmuseet – håndtering av opsjoner i det nedskalerte prosjektet

Saksnr. 


I-sak 24-2023 Klimagassregnskap 2021-2022

Saksnr. 

Saksdokumenter: 


I-sak 25-2023 Circle U - status og ny periode

Saken presenteres i møtet av viserektor Bjørn Stensaker


I-sak 26-2023 Rekruttering og studiestart 2023

Saksnr. 

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-sak 11-2023 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saksnr.: 2008/3197

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Orienteringssaker


O-sak 12-2023 Eventuelt


Ordinære saker


V-sak 38-2023 Godkjenning av protokoll for inneværende møte

Forslag til vedtak:

Protokollen ble godkjent. 


Protokoll

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. sep. 2023 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere