UiO-professor i statsvitskap vil ha lobbyregister

– Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.

HØGARE TERSKEL: – Dei med låg inntekt, har ein høgare terskel for å kunna delta, sa professor i statsvitskap, Sirianne Dahlum under frukostmøtet til UiO:Demokrati. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var på historias første frukostdebatt i regi av UiO: Demokrati i dag, Sirianne Dahlum kom med dette innspelet.

I Domus Bibliotheca deltok ho i ein panelsamtale med valforskaren Bernt Aardal,  statssekretær Narum i Kommunal- og distriktsdepartementet og politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen.  

Ordstyrar var Jette Christensen som leier Riksvalstyret.  Sjølv om temaet var kven som tok valet, handla debatten i stor grad om valdeltaking og kva grupper som deltar og ikkje deltar i val.  

Utgangspunktet var rapporten Tilstandsanalyse av det norske demokratiet, som blei lagt fram under Arendalsuka i sommar. Sirianne Dahlum var ein av forskarane som forfatta rapporten.

Der var hovudresultatet at demokratiet i Noreg hadde jamt høg kvalitet, ulike dimensjonar og nivå. I tillegg blei det registrert svært høg grad av stabilitet. Det var gode grunnar til å rekna med same bilete i åra som kjem. Likevel var demokratiet langt frå perfekt, og det var mange område der det kunne bli betre, var konklusjonen.

I PANELET: F.v. Sirianne Dahlum, Tone Sofie Aglen, Ole Gustav Narud og Bernt Aardal. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Me kan ikkje forby nokon å påverka

Jette Christensen viste til den gamle nestoren i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, Stein  Rokkan: – Stemmer tel, men resssursar avgjer. 

Det var det problemet som fekk Sirianne Dahlum til å koma med ei løysing.

– Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg i riktig retning, sa ho.

Alle paneldeltaktane var urolege for at det var så store skilje mellom kven som deltar ved val. – Unge gutar stemmer ikkje. Det er ei utfordring for både lokalpolitikken og ikkje minst ved val til  fylkestinga. Samtidig er det stemmelokale overalt, slo Tone Lise Aglen fast.  

Og tal som valforskar og professor emeritus i statsvitskap Bernt Aardal viste til, stadfesta også at det er stor skilnad i valdeltakinga blant ulike grupper.

– Den er lågare blant unge menn enn blant unge kvinner. Ja, det er først blant dei aller eldste det er færre kvinner enn menn som stemmer, trekte han fram.  

Dessutan er det andre faktorar som slår inn.

 – Dei med lågare utdanning, dei som er arbeidarar, og dei som har annan bakgrunn enn etnisk norsk, deltar sjeldnare i val enn andre, understreka han.

– 400 000 fleire kan stemma ved kommune- og fylkestingsval

For Bernt Aardal var det likevel ikkje så veldig oppsiktsvekkjande å sjå at valdeltakinga har gått ned med 15 prosentpoeng ved kommunevalet og 20 prosentpoeng i fylkestingsvalet samanlikna med Stortingsvalet i 2019.  

– Me må hugsa på at det er 400 000 fleire som kan stemma ved kommune- og fylkestingsvalet. Det gjeld utanlandske statsborgarar som kan stemma i Noreg. Dermed blir det berre mellom tre og seks prosentpoeng fleire heimesitjarar enn ved Stortingsvalet, konstaterte han i innlegget sitt. 

Til saman har det vore 9,8 prosent heimesitjarar under vala i Noreg mellom 2011 og 2017.

Når det gjaldt mangel på interesse for valet på regionalt nivå, var han eining med kritikarane. 

– Eg oppdaga ikkje noko fylkestingsval eg, spøkte han. 

– Ein nasjonal trend

I panelsamtalen ville ordstyrar Jette Christensen gjerne vita om dei var einige i at den store framgangen til Høgre og Framstegspartia skuldast den utstrekte bruken av TikTok for å nå dei unge.

– I min alder er det ei for enkel forklaring. Ei ein-faktorforklaring. Det er viktig å møta ungdommen der dei er, meinte Bernt Aardal.

Han minna om at dette ikkje berre var ein ungdommeleg mote.  

– Framstegspartiets og Høgres framgang var ein del av ein nasjonal trend. Og skulevala varierer også mykje over tid, hadde han notert seg. 

Dahlum var einig i at det var fleire sosiale skilnader som hadde noko å seia når det gjeld graden av valdeltaking.

– Dei med låg inntekt, har ein høgare terskel for å delta.

– Viktig at valdeltakinga er høg

Den einaste aktive politikaren i panelet var statssekretær i Kommunal- og distriktsdepartementet Ole Gustad Narud (Sp). Han har tidlegare vore ordførar i Åmot i Østerdalen.

 – Det er ikkje bra om valdeltakinga nærmar seg 25 prosent.  For politikken er det viktig at valdeltakinga er høg, understreka han.

Narud hadde ein eigen teori om kvifor mange ikkje stemmer.

– Dei som ikkje deltar, kan ha manglande sjølvtillit. Dei har ikkje tru på at deira stemme tel, sa statssekretæren. 

– Der går det mest på kven du likar

Jette Christensen lurte på om grunnen til låg valdeltaking kunne vera at debattane ikkje har fått fram dei store skilnadene mellom partia.

IKKJE STOR: – Den politiske skilnaden er ikkje stor på kommunenivå, og der går det mest på kven du likar,  konstaterte politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Det er veldig få konfliktsaker, bortsett frå dei nasjonale habilitetssakene, trudde Aglen.

Ho peika på at det var mangel på tydelege og engasjerande saker.

– Høgre har gått meir i retning mot sentrum. Den politiske skilnaden er ikkje stor på kommunenivå, og der går det mest på kven du likar,  konstaterte Aglen.

Ho blei likevel overraska over valresultatet i Oslo.

– I Aftenposten ung las me stadig vekk om at unge var opptatt av å ha kjøtfrie måndagar. Likevel får høgresida med Framstegspartiet, Høgre og Venstre fleirtal.

Eit anna tema som gjekk igjen i panelsamtalen, var oppfatninga blant folk om at det finst korrupsjon blant norske politikarar.  

Dahlum viste til at det ikkje finst mål for korrupsjon i Noreg.

– Men dei som seier at det er korrupsjon klarer ikkje å definera kva det er, men dei oppfattar at det skjer i kommunane. Sjølv viste ho til eit døme frå ein kommune frå fylket der ho hadde vakse opp. 

– Der sette ordføraren til side heile kommunestyret, og klarte å få bygt ei vass-sklie til 30 millionar kroner, fortalde ho. 

– Dei ordnar ting

Bernt Aardal trudde folk flest hadde ei eiga tolking av dette. 

HÅP FOR DEMOKRATIET: – Det viktigaste kriteriet er å vera opne og å leggja alle kort på bordet, sa valforskar, og professor emeritus Bernt Aardal. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Det er ei oppfatning om at kommunane ikkje er korrupte, men at dei ordnar ting, smilte han.  Aardal kom også inn på dei aktuelle aksjesakene frå nasjonal norsk politikk om inhabilitet i høve til korrupsjon.

– Det går litt over i kvarandre. Kva er det empiriske belegget her? spurte han. Og så viste han til ein ordførar som nyleg blei frikjent for korrupsjon.

Tidlegare ordførar Ole Gustad Narud var overtydd om at dei fleste veljarane ikkje trudde at kommunestyret deira er korrupt.

– Det er ikkje noko gjennomgåande oppfatning blant folk. Det var ein ordførar som hadde sete i vervet mellom 30 og 40 år. Då alle dei andre partia slo seg saman for å få skifta han ut, førte det til at partiet til ordføraren auka oppslutnaden, tok han fram som eit døme på kommunedemokrati.

– Ein god skule i demokrati

For han var det likevel ein annan ting som er den viktigaste grunnen til at demokratiet lever og styrkjer seg.

– Over 30 000 personar var kandidatar til kommunestyre og fylkesting. Å sitja fire år i eit kommunestyre er ein god skule i demokrati, understreka han.  

Aglen peika derimot på Oslo.

 –  Det er klart det spelar inn på politikken når valdeltakinga er høgare på Frogner enn i Groruddalen.

Aardal avslutta med å uttrykkja eit håp for demokratiet, trass i dei siste sakene som har kome opp i norsk politikk.

– Det viktigaste kriteriet er å vera opne og å leggja alle kort på bordet. Politikarar må visa vilje til å retta opp og å endra seg, var rådet frå Aardal. 

Neste utgåve av  demokratifrukosten  vert arrangert 1. november klokka 08.00. Då er temaet: Kunstig intelligens - trussel eller redning for demokratiet? 

Den siste frukosten før juleferien går av stabelen den 29. november. Då handlar det om Når rettsstaten sviktar. Dei brennaktuelle temaene  er Fosen-dommen og Sannings- og forsoningskommisjonens rapport. 

• Les meir om UiO:Demokrati i Uniforum: 

Svein Stølen om UiO:Demokrati: – Dette handlar om å ha ein demokratidugnad

Fire UiO-prosjekt får 22 millionar for å forska på demokrati

Han vil skapa ein kollektiv eigaskap til demokratiforskinga

Universitetsstyret vedtok antatt budsjett for 2023

UiO prioriterer satsingane Demokrati og Energi og miljø på 2023-budsjettet

– Vil ha fokus på  demokrati fordi det er under press

Slik skal humsam unngå å bli "hjelpevitenskap" i Oslo Science City

Ønsker storstilt UiO-satsing på humaniora og samfunnsvitenskap

UiO får tenketank om demokrati

 

 

 

.

 

 

 

 

Emneord: Demokrati, Statsvitenskap, Det humanistiske fakultet Av Martin Toft
Publisert 27. sep. 2023 16:00 - Sist endra 28. sep. 2023 11:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere