Jus på UiO gjer kjempebyks på ny internasjonal rangering

Rettsvitskap på Det juridiske fakultetet på UiO går opp 20 plassar til 43. plass på den internasjonale fagrangeringa til Times Higher Education. – Det er hyggelege nyhende, synest jussdekan Ragnhild Hennum.

STORNØGD: Jussdekan Ragnhild Hennum synest det er hyggeleg at rettsvitskap ved Det juridiske fakultetet plasserer seg som nummer 43 i verda på ei ny universitetsrangering. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var klokka 7.00 i dag Times Higher Education offisielt kunngjorde resultata av dei internasjonale fagrangeringane sine for 2024. Som vanleg dominerer amerikanske og britiske universitet alle dei ulike kategoriane, med nokre innslag frå universitet i Kina, Sveits, Singapore og Canada. 

Men innanfor faget rettsvitskap gjer Universitetet i Oslo det veldig bra. På eitt år har faget gått opp frå 64.-plass til ein sterk 43.-plass.  Det er Harvard University som denne gongen inntar tetplassen  i denne fagkategorien etter at det kom på sjetteplass i fjor. På dei neste pallplassane kjem Stanford University i California og University of Cambridge i Storbritannia. University of Melbourne i Australia er på åttandeplass.

"Alltid hyggelig å gjøre det bra"

Jussdekan Ragnhild Hennum er overraska, men svært nøgd med plasseringa til rettsvitskap på denne rangeringa:

"Det er hyggelige nyheter for juridisk fakultet. Det er svært mange dyktige ansatte ved fakultetet som arbeider hardt. Vårt felles mål er å drive forskning og undervisning av høy kvalitet., skriv Ragnhild Hennum i ein epost til Uniforum.

Ho understrekar likevel at dei også er kritiske til denne universitetsrangeringa.

“Universitetsrangeringene har metodiske svakheter som gjør at vi er forsiktige med å legge stor vekt på dem. Det sagt, så er det alltid hyggelig å gjøre det bra," synest Hennum.

Rettsvitskap på Universitetet i Bergen plasserer seg ein stad mellom nummer 201 og 250, viser rangeringa

Godt resultat i utdanningsvitskap

Også i utdanningsvitskap gjer Universitetet i Oslo det bra. Der kjem det på 49. plass på verdsrangeringa. Berkeley-universitetet i California tar  førsteplassen.  På det området kjem Stanford og University of Oxford på sølv- og bronseplass Her plasserer Tsinghua University i Kina seg på ein sjuandeplass.

Universitetet i Oslo gjer det også rimeleg bra innanfor rangeringa av dei samfunnsvitskaplege faga. Der hamnar UiO på 61.–plass, som er ein plass dårlegare enn den førre rangeringa.

Men heller ikkje innanfor dei samfunnsvitskaplege faga er det stor variasjon i kva internasjonale universitet som skårar høgast.  Massachusetts Institute of Technology tar førsteplassen, medan Stanford og University of Oxford tar andre- og tredjeplassen.  Mellom dei ti beste er det berre universitet frå Storbritannia og USA. Kanskje ikkje heilt uventa kjem London School of Economics and Political Science mellom dei ti beste, og tar ein  respektabel åttandeplass.

Nummer 65 av universiteta med dei beste humanistiske faga

Når det gjeld dei humanistiske faga gjer også Universitetet i Oslo det godt. Der plasserer det seg som nummer 65 etter at det har gått opp tolv plassar samanlikna med fjorårets rangering.  Også her er Universitetet i Bergen nest best i Noreg, og kjem på  ei plassering mellom 201 og 250.

Stanford University toppar rangeringa over dei humanistiske faga, fylgd av Massachusetts Institute of Technology (MiT) og University of Cambridge og nabouniversitetet University of Oxford. Her kjem Harvard University på fjerdeplass.

Amerikansk triangel toppar samfunns- og bedriftsøkonomi

På området siviløkonomi/bedriftsøkonomi (business) er det derimot Massachusetts Institute of Technology (MiT) som tar førsteplassen. Også her fylgjer Stanford og Harvard på  dei neste plassane.  Men dei kinesiske universiteta Tsinghua University og Peking University klarer å smetta seg innimellom ei liste dominert av britiske og amerikanske universitet, og plasserer seg som høvesvis nummer 8 og 10.

Det er altså innanfor humaniora og samfunnsvitskaplege fag, Universitetet i Oslo gjer det aller best. Innanfor naturvitskapen kjem UiO på ei plassering mellom nummer 126 og 150.  Det gjeld både medisin og helsefag, harde realfag og livsvitskap.  Men innanfor sivilingeniørfaget når ikkje UiO opp. Der er det NTNU i Trondheim som toppar og plasserer seg ein stad mellom nummer 101 og 125. På dei neste plassane i Noreg kjem NMBU, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Tromsø.  Heller ikkje innanfor økonomi- og bedriftsøkonomifaget gjer UiO det bra. Der er det NTNU som toppar med ei plassering mellom 251 og 300.

UiO på topp i Noreg, bortsett frå i to fag

I Noreg er Universitetet i Oslo på topp i alle fag, bortsett frå i sivilingeniørfaget og i siviløkonomi- og bedriftsøkonomifaget.

Innanfor helse- og medisin er det University of Oxford som er best. Her kjem Harvard på andreplass, medan University of Cambridge tar bronseplassen. University of Toronto i Canada, på niandeplass, er det einaste universitetet utanfor Storbritannia og USA som er mellom dei  ti beste.  Her kjem UiO  på ein stad mellom 126 og 150.

University of Oxford er også best i informatikk og datavitskap. Stanford og Massachusetts Institute of Technology er nummer to og tre. Her klarer ETH Zürich i Sveits å kila seg inn på femteplass på ei liste totalt dominert av britiske og amerikanske universitet.  Også her hamnar UiO på ein plass mellom 126 og 150.

NTNU best i sivilingeniørfaget

Sivilingeniørfaget har Harvard på topp, medan Stanford og Massachusetts Institute of Technology kjem på dei to andre topp-plassane.  National University of Singapore tar niandeplassen.  NTNU tar ein solid førsteplass i Noreg, og hamnar mellom plass 101 og 125 på verdsrangeringa.

Harvard best i livsvitskap

Livsvitskap er det Harvard som er best på i verda. Så fylgjer dei to britiske toppuniversiteta Cambridge og Oxford. På dei ti øvste plassane er det ingen universitetet utanfor Storbritannia og USA.  På dette store satsingsområdet kjem UiO på ein plass mellom 126 og 150 i verda.  Universitetet i Bergen, NTNU, NMBU og Universitetet i Tromsø fylgjer etter med plassar frå 151 og opptil 500.

ETH Zürich gjer det best utanfor den engelskspråklege verda

Innanfor dei harde realfaga som fysikk, kjemi, astronomi, farmasi, er det California Institute of Technology som sit i førarsetet, ifylgje denne rangeringa.  Som nummer to og tre fylgjer Harvard og Stanford.  ETH Zürich tar niandeplassen, og er det einaste universitetet utanfor USA og Storbritannia mellom dei ti beste. UiO gjer det best i Noreg, og får ei plassering mellom 126 og 150, også i dette faget. Universitetet i Bergen og NTNU fylgjer rundt 100 plassar lenger bak, medan det er endå lengre avstand ned til Universitetet i  Tromsø.

UiO skårar høgast i psykologi

Innanfor psykologifaget klarer eit anna amerikansk universitet, Princeton University, å koma opp på pallen. Dei tar ein andreplass, rett etter Stanford. Bronseplassen går til Europa og University of Cambridge. University of Toronto tar tiandeplassen, og er det einaste universitetet utanfor Storbritannia og USA mellom dei ti beste.  På dette området gjer UiO det også ganske bra, og smyg seg inn på ein plass mellom 126 og 150. Også her fylgjer Universitet i Bergen 100 plassar lenger bak, medan NTNU og Universitetet i Tromsø ligg 200 plassar lenger ned, viser rangeringa frå Times Higher Education.

 

Emneord: Rangeringer. Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 26. okt. 2023 07:00 - Sist endra 26. okt. 2023 07:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere