– Forskarar følte seg trakasserte av oppdrettsnæringa

– Kritikk frå oppdrettsnæringa fekk lakselusforskarar til å be om å få andre oppgåver. Det fortalde Kikki Kleiven, direktør for Bjerknessenteret for klimaforsking i ein debatt om vilkåra for akademisk fridom i Noreg.

Portrett av ei kvinne

MÅ STÅ STERKARE OPP: – Me som institusjonar må stå sterkare opp for den akademiske fridomen, sa Kikki Kleiven, direktør for Bjerknessenteret for klimaforsking. 

Foto: Martin Toft

Det var i april i år pedagogikkprofessor Peter Maassen og dei fire forskarfellane hans frå UiO; Marie Elken, Jens Jungbluth, Dennis Martinsen og Elisabeth Lackner la fram ein rapport om tilstanden for den akademisk fridomen i EU-landa.

I 26 av 27 EU-land fann dei tilfelle av brot på den akademiske fridomen. Men det var berre i eitt land, Ungarn, at forskarane hadde funne strukturelle brot. Også i land som Noreg gjerne likar å samanlikna seg med, som Danmark og Nederland, blei det påvist svekkingar i den akademiske fridomen.

Men kva kan Noreg læra a vdette? Finst det også trugsmål mot denne fridomen her i landet. Det var utgangspunktet for ein debatt om akademisk fridom i Domus Bibliotheca i førre veke.

Arrangøren, Institutt for pedagogikk ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet på UiO ,hadde invitert statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel (Sp)i Kunnskapsdepartementet, rektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen, prorektor Åse Gornitzka ved Universitetet i Oslo, stortingsrepresentant Grete Wold (SV) og direktør Kikki Kleiven ved Bjerknessenteret for klimaforsking til å delta i ein panelsamtale leia av journalist og politisk analytikar Aslak Bonde.

– Me treng frie domstolar, ei fri presse og eit fritt akademia

For UiB-rektor Margareth Hagen var det viktig å skilja mellom den individuelle akademiske fridomen og den institusjonelle autonomien. Ho trekte fram at dei er tett tilknytte, og heng saman med kvarandre, men det er ikkje alltid at dei underbyggjer kvarandre.

DISKUTERTE AKADEMISK FRIDOM I NOREG:  Prorektor Åse Gornitzka ved UiO, statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel  (Sp) i Kunnskapspsdepartementet og rektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen deltok i panelet som diskuterte stoda for den akademiske fridomen i Noreg.  (Foto: Martin Toft) 

 –  Universiteta og akademia er ein samfunnsinstitusjon som er heilt nødvendig for eit liberalt demokrati, på same måte som domstolane. Me treng frie domstolar, ei fri presse og eit fritt akademia, slo ho fast.

Ho peika på at autonomien til eit universitet ikkje er fullstendig fri.

– Men det bør vera fritt nok til at det kan  ivareta ansvaret for det samfunnsoppdraget det har. Altså fridom under ansvar, understreka ho, før ho lista opp mangel på ressursar, lovverk, sosiale media og den interne kulturen som døme på trugsmål mot akademisk fridom i Noreg.

– Også i den strukturelle avgrensinga som skjer i politikken, sa ho og kika bort på statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel (Sp).

– Ein lakmustest på akademisk fridom

UiO-prorektor Åse Gornitzka blei utfordra av ordstyrar Aslak Bonde til å koma inn på korleis tilstanden er for den akademiske fridomen i Noreg. For henne var det essensielt å plassera akademisk fridom inn i det norske demokratiet. 

– Ein lakmustest på akademisk fridom er å kunna velja forskingsområde utan behovsstyring, men også korleis den akademiske fridomen er under press på grunn av polariseringa av samfunnsdebatten, altså i den andre enden av forskingsprosessen.

Så viste ho til både Danmark og Sverige som døme på land der den akademiske fridomen er under press. Ordstyrar Aslak Bonde ville gjerne vita kva konkret sak som gjorde at Sverige også hadde prøvd å innskrenka den akademiske fridomen. Han fekk svar frå Margareth Hagen. Ho forklarte det med at den svenske regjeringa vil  korta ned på verketida til styra for institusjonane fordi den vil få inn folk i universitetsstyra som har kompetanse i sikkerheit.

– Dei er ikkje vande til at dei kan gå opp og snakka

Kikki Kleiven, direktør for Bjerknessenteret for klimaforsking i Bergen har også opplevd at det er nødvendig å læra både studentar og forskarar opp i kva akademisk fridom handlar om.

– Me som institusjonar må stå sterkare opp for den akademiske fridomen. For me får inn unge menneske som ikkje forstår at dei sjølve kan velja kva dei kan forska på. Det er viktig å få dei til å forstå bodskapen om at me står fritt til å forska på det me vil, og på den måten skaffa samfunnet ny kunnskap.

– Har desse menneska desse haldningane fordi dei er unge eller fordi dei kjem frå andre land?

– Lat oss vera ærlege då. Ja, japanske og kinesiske studentar kjem frå eit hierarki. Dei er ikkje vande til at dei kan gå opp og snakka. Det kan kollidera med det som me meiner er akademisk fridom. Det er ein læringsprosess, trekte ho fram.

– Alle forskarar vil at forsking skal takast i bruk

Magnus Gulbrandsen er professor ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur på UiO. Han blei beden om å svara på om samarbeid mellom næringsliv og universitet er eit trugsmål eller ein fordel for den akademiske fridomen til forskarane.

 

KAN IKKJE BRUKAST: – Og dersom det akademiske sjølvstendet er borte, kan ikkje forskinga brukast, minna  professor Magnus Gulbrandsen ved TIK-senteret på UiO, om. Til venstre sit UiB-rektor Margareth Hagen og til høgre stortingsrepresentant Grete Wold frå SV. (Foto: Martin Toft)

– Både forskarar og studentar ser på det som positivt. Alle forskarar vil at forsking skal takast i bruk. Universitetet i Oslo og bedriftene har klart å skapa innovasjon saman. Og alle forskarane som deltar bestemmer sjølve kven dei vil samarbeida med. Og dersom det akademiske sjølvstendet er borte, kan ikkje forskinga brukast, minna  han om.

Gulbrandsen la likevel ikkje skjul på at det av og til kunne skjera seg.

– Då handlar det om personkonfliktar og om konfliktar om patent, la han til.

– Om me skal ha tillit til forskinga, må den vera fri

Av dei to politikarane i panelet, var det statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel som fekk sleppa til først.

– Eg er ingen utprega motstandar av akademisk fridom, spøkte han.

– Regjeringa seier at akademisk fridom er ein grunnleggjande verdi i samfunnet som må forsvarast. Så lenge forskarar ikkje søkjer sanning, er ikkje det bra for samfunnet. Forskarar må vera nyttige og ha tillit i samfunnet. Om me skal ha tillit til forskinga, må den vera fri, var bodskapen hans.

Løkensgard Hoel skrytte også over tidlegare forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H), som  sette ned Kierulf-utvalet for at det skulle greia ut den akademiske ytringsfridomen i Noreg.

– Forslag frå utvalet blir fylgde opp i forslaget til ny universitets- og høgskulelov, varsla han.

Statssekretæren peika på at det på kontroversielle område kunne vera tøft å vera forskar.

– Me må vera parate til å forsvare den frie forskinga, sa han.

Hoel såg at det kunne vera ulike definisjonar av akademisk sjølvstende mellom akademia og politikarar.

– Kvar går grensa mellom institusjonelt sjølvstyre eller autonomi og generell styring?

– Oppdrettsnæringa følte seg krenka

Stortingsrepresentant Grete Wold frå SV, åtvara mot å lena oss tilbake og tru at alt står bra til berre fordi stoda for den akademiske fridomen i Noreg er god.

– Den vaklar i Europa, og derfor må me vera på vakt. Kven er fienden vår som me ikkje bør sleppa til?, meinte ho var eit spørsmål me må stilla oss i Noreg.

– Politikarar som seier at det forskingsfunnet trur eg ikkje på, kan også skapa dårleg klima for forsking. Det er viktig å leggja gode rammer for forsking. For me vil gjerne vita meir om grøn energi og om flyktningar frå Ukraina. Politikken spelar inn, og me er heilt avhengige av dette, konstaterte ho.

Kikki Kleiven kom med eit konkret døme på korleis forskarar på Bjerknessenteret opplevde reaksjonane etter at dei hadde presentert funna frå lakselusforsking i norske fjordar.

– Dei opplevde at dei blei trakasserte av laksenæringa, og dei kom og sa at dei ikkje ville forska på lakselus lenger. Laksenæringa gjekk til sak og tapte så det song. Likevel gjekk oppdrettsnæringa til Forskarforbundet og sa at dei følte seg krenka, fortalde ho.

Heile denne historia står i nettavisa E24 den 24. november i fjor. Der står ein av forskarane Mari Myksvoll fram og fortel om erfaringa si. Samtidig avviser representanten for oppdrettarane, Even Søfteland at det kan kallast for trakassering. 

– Problemet er om me går inn på universiteta og legg ned fag

I panelsamtalen viste Oddmund Løkensgard Hoel viste til at EU hadde kritisert organiseringa av universitets- og høgskulesektoren i Noreg for to ting. Den første var at institusjonane ikkje eigde sine eigne bygningar. Den andre var at Noreg ikkje hadde studieavgifter.

– Det siste punktet har me i alle fall gjort noko med, sa han retorisk. Hoel trekte også fram ein diskusjon i Sverige, der nokre meinte at kutt i utviklingsforsking skulle vera døme på eit åtak på akademisk fridom.

– Problemet er om me går inn på universiteta og legg ned fag. Det er brot på akademisk fridom, slo han fast.

– Det er inga krise for den akademiske fridomen i Noreg

Prorektor Åse Gornitzka kom med fylgjande oppfordring.

– Det er viktig at fagmiljøa våre tar ansvar for å sikra den akademiske fridomen.

VIL HA ANSVARET:  – Institusjonane sjølve vil ha ansvaret for akademisk fridom, sa pedagogikkprofessor Peter Maassen og viste til Noreg. (Foto: Martin Toft) 

Det siste ordet i debatten fekk professor Peter Maassen som leia arbeidet med rapporten om situasjonen for den akademiske fridomen i EU-landa.

– Det er inga krise for den akademiske fridomen i Noreg. Institusjonane sjølve vil ha ansvaret for akademisk fridom. Og Noreg har heller ikkje eksternt fleirtal i styra slik som i Danmark, peika han på.

Maassen viste til at det hadde vore enkelttilfelle der næringslivet har vore ute etter kritiske stemmer.

– Me er alle einige om grunnprinsippa for akademisk fridom, konkluderte han med.

• Les meir om akademisk fridom i Uniforum: 

Ola Borten Moe: – Me tar grep for å styrkja vernet om akademisk fridom

Israelsk professor: – Den akademiske fridomen vår er truga

UiO-forskere i rapport: Står overraskende dårleg til med den akademiske friheten i 26 av 27 EU-land

Tyrkia: Sjølvstyret til universiteta og pressefridomen er under sterkare press

Polske myndigheter øker presset mot akademia

Polens president nekter Michal Bilewicz å bli professor – Situasjonen er absurd

Universitetet i Ungarn som måtte dra i eksil til Wien

Overlever som uavhengige forskarar utanfor den ungarske statens grep

– Krigen understreker behovet for et uavhengig hviterussisk universitet

 

Emneord: Akademisk fridom, Interasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 2. okt. 2023 19:22 - Sist endra 2. okt. 2023 19:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere