Trygve Slagsvold Vedum på UiO: – Me må tenkja vidare på dei neste generasjonane

– Det er utruleg viktig at Universitetet i Oslo er eit sterkt universitet, sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum til Uniforum då han besøkte HF i dag. Dit kom også demonstrantar som protesterte mot mogleg norsk våpensal til Israel frå statseigde Kongsberg-gruppa og Nammo. 

 

KOMMA: – I opposisjon må eg spissa opp saka litt for å kunna skapa merksemd rundt til dømes Finnmark. Som finansminister blir eg lytta til, berre eg set eit komma, konstaterte finansminister Trygve Slagsvold Vedum i samtalen med professor i økonomisk historie, Einar Lie i dag. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Finansmininister Trygve Slagsvold Vedum kom til Sophus Bugges hus på Blindern for å bli intervjua om norsk finanspolitikk av professor i økonomisk historie, Einar Lie. Først tok han seg tid til å helsa på alle studentane som sat på første og andre rekkje i auditoriet. For dei var dette også ein del av ei førelesingsrekkje. 

– Møtte kona mi her

Før Einar Lie fekk fyrt laus med dei første spørsmåla sine, avslørte Trygve Slagsvold Vedum korleis han fann kjærleiken på  Blindern.

– Der møtte eg ho som skulle bli kona mi, og som eg framleis er gift med, fortalde han.

Og då Slagsvold Vedum var student på UiO på slutten av 1990-talet, hadde Biblioteket for humanistiske og samfunnsvitskaplege fag nettopp opna i  det nybygde Georg Sverdrups hus. - Det er fantastisk med all kunnskapen som sit i veggane her, og for meg var det heilt utruleg berre å sitja og studera på lesesalen i biblioteket. Eg håpar andre klarer å nyta det på same måten som meg, og ikkje berre tenkjer på at dei skal opp til eksamen, fortalde han. 

– Å sjå på landets samla ressursar

Einar Lie ville gjerne vita korleis det var å vera finansminister i dagens økonomiske situasjon. 

- Eg seier at det å vera finansminister er å sjå på  alle landets samla ressursar. Kor mange skal vera sjukepleiarar, og kor mange skal vera i Forsvaret og kor mange skal vera i ulike roller i samfunnet. Sidan 1989/90 har me brukt mindre og mindre pengar på forsvar, tryggleik og beredskap. Men no må me bruka meir på dei tinga enn før. I budsjettet for 2024 er det sett av 44 milliardar kroner til Ukrainas forsvarskamp og konsekvensane av krigen, medan det er føreslått ei tildeling på over 22,6 milliardar kroner til politiet, slo han fast. Det er ein auke på to milliardar i høve til 2023-budsjettet. 

Frå 600 milliardar til 14 000 milliardar

Han tok også tak i den store auken i inntektene frå olje og gass på norsk sokkel og innstrøyminga av pengar til Oljefondet.

– Då eg var student på byrjinga av 2000-talet var Oljefondet på 600 milliardar kroner. Når me la fram forslaget til statsbudsjett for 2024 fram for to veker sidan var Oljefondet på 14 000 milliardar kroner. Det er eit resultat av store naturressursar, understreka han.   

På spørsmål frå Einar Lie kom han også inn på kva han ville gjera med dei utgiftene den store auken i talet på eldre vil føra med seg.

– Folketrygda kom med Borten-regjeringa i 1967. Det er bra at folk lever lenger, men me må også bruka meir pengar på finansieringa.  Men veit de kva me brukar mindre pengar på no? spurte han publikum.

Det kom nokre spreidde forslag, men ingen trefte spikaren på hovudet.

- Fødselspengane går ned. Me må få fleire barn. Det må de gjera noko med, sa han og vende seg til  studentane på første benk.

 – Meld dykk inn i Senterpartiet slik at de kan gjera noko med det, spøkte han.

Forsvarte innføringa av grunnrenteskatten

Så blei han alvorleg igjen. 

– Oppgåva vår er å få heiltskapen til  å gå opp. Derfor må me tenkja vidare på dei neste generasjonane. Det var grunnen til at me vedtok å innføra grunnrenteskatt, sjølv om det var ubehageleg og me fekk mykje kjeft. Likevel stod me fast på det, understreka han.

 

HELSA PÅ STUDENTANE: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum tok seg god tid til å helsa på  studentane, før samtalen med professor i økonosk historie, Einar Lie. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

Slagsvold Vedum viste også til korleis alle saker frå dei andre departementa til slutt hamnar på bordet til finansministeren. 

– De har sikkert høyrt korleis dei som blir tilsett i Finansdepartementet må læra seg å seia nei, før dei kan seia hei, smilte han.

Finansministeren vedgjekk at det gjorde inntrykk på han å sjå at naboane hans måtte selja husa sine på tvangsauksjon på grunn av den økonomiske krisa på slutten av 1980-talet. Ingen såg Ukraina-krigen eller straumkrisa koma, heller ikkje han. 

– Å gjera feil i finanspolitikken kan få store konsekvensar, åtvara han. 

Demonstrerte mot Kongsberg-gruppen og Nammo

Då tok samtalen mellom finansminister Trygve Slagsvold Vedum og professor i økonomisk historie, Einar Lie ei heilt ny vending. For inn i auditoriet kom det fire demonstrantar med palestinaskjerf rundt hovudet og ansiktet berande på plakatar der det stod "Finansministeren støtter Kongsberg-gruppen og Nammo", "Våpenene deres ender opp i Israel og har drept 1524 barn på 2 uker", "Norge profitterer på okkupasjon og folkemord" og "Vi holder deg ansvarlig, Trygve".

 

ISRAEL/PALESTINA-KONFLIKT: Demonstrantar kom inn i auditoriet under samtalen mellom finansminister Trygve Slagsvold Vedum og professor i økonomisk historie Einar Lie, og protesterte mot at statseigde Kongsberg-gruppen og Nammo skulle ha selt våpen til Israel. (Foto: Martin Toft) 

– Her på Universitetet i Oslo forsvarar me ytringsfridomen, men me bør visa ansikt og ikkje skjula det, meinte Trygve Slagsvold Vedum, før han tok ein snarvisitt til Ramallah på Vestbreidda og mimra om då han møtte PLO-leiaren Yasser Arafat.

 – Han kom ut av bunkeren der han budde, og så viste han oss fleire bilete medan han heile tida sa: "Who can believe it?"  Og rundt der stod det også svære stenger for at ikkje israelske militærhelikopter skulle kunne landa der. Konflikten mellom Israel og Palestina slår inn hos oss i dag også, sa han og vende seg til både Einar Lie og til demonstrantane.  

– I opposisjon må eg spissa opp saka litt

Då ville Einar Lie gjerne vita korleis det er for Trygve Slagsvold Vedum å gå frå å vera ein hardslåande opposisjonsleiar for Senterpartiet i Stortinget til å gå inn i ein ansvarleg posisjon som finansminister. 

– I opposisjon må eg spissa opp saka litt for å kunna skapa merksemd rundt til dømes Finnmark. Som finansminister blir eg lytta til, berre eg set eit komma, konstaterte han.

Det er likevel ein ting han står fast på. 

– Me skal aldri slå nedover. Det er ein tillitsfull tone i Noreg, sjølv om sosiale media øydelegg litt av dette,tykte han.

Dessutan ville han gjerne korrigera eit inntrykk som hadde festa seg etter presentasjonen av forslaget til statsbudsjett for 2024. 

– Me tok ut 300 milliardar kroner frå Oljefondet, ikkje 400 milliardar. Det fylgjer målsetjinga på 3 prosent. Det enorme oljefondet skal koma framtidige generasjonar til nytte, ikkje berre  oss, lova han. 

NEI: – De har sikkert høyrt korleis dei som blir tilsett i Finansdepartementet må læra seg å seia nei, før dei kan seia hei, vitsa finansiminister Trygve Slagsvold Vedum. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Det er kjempeviktig for allmennkunnskapen

Etter at samtalen og ein kort spørjerunde var ferdig, fekk finansiministeren spørsmål om han hadde rekna med å møta demonstrantar inne i auditoriet på HF.

– Eg blei overraska, vedgjekk han, men han ville ikkje gi andre kommentarar om saka demonstrantane hadde tatt opp. 

På veg ut av auditoriet tok finansminister Trygve Slagsvold Vedum seg også tid til å svara på spørsmål frå Uniforum om UiO kunne venta seg fleire løyvingar til vedlikehald og byggjeprosjekt. 

– Det er veldig viktig at landet har eit slikt breiddeuniversitet som Universitetet i Oslo er, og at HF-fakultetet har smale fag. Det er kjempeviktig for allmennkunnskapen i eit land. Når det gjeld dei konkrete budsjettløyvingane, så ligg jo dei der for neste år. Det er utruleg viktig at Universitetet i Oslo er eit sterkt universitet, avslutta han med. 

Av Martin Toft
Publisert 20. okt. 2023 17:38 - Sist endra 20. okt. 2023 20:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere