Dei har fått UiO:Demokratis første studentstipend

Frå  byrom på Grønland til lokaldemokrati i Drammen og demokratiutdanning i  grunnskulen. Det er spennvidda i masteroppgåvene som er blitt lønna med stipend frå UiO:Demokrati.

FEKK STIPEND: Dei fekk tildelt stipend frå UiO:Demkrati. Frå venstre Madeleine Muldbakken, Charlie Dina Dickhausen, Janne Krogh-Bjørnerud og Elizabeth Beech.

Foto: Martin Toft

Fire masterstudentar fekk torsdag 2. november utdelt tre stipend på 20 000 kroner kvar frå UiO:Demokrati. Formålet med stipenda er å lønna særskilt gode, demokratirelevante prosjekt.

Prisvinnarane Janne Krogh-Bjørnerud frå Det humanistiske fakultetet, Elizabeth Beech frå Det utdanningsvitskaplege fakultetet og Charlie Dickhausen og Madeleine Muldbakken frå Det samfunnsvitskaplege fakultetet blei heidra under ein felles lunsj hos UiO:Demokrati på HF. Oppgåvene dei skal skriva handlar om alt frå byrom på Grønland til lokaldemokrati i Drammen og til demokratiutdanning i grunnskulen i Oslo.

Brukar pengane på informantane

Medan Charlie Dina Dickhausen og Madeleine Muldbakken skriv ei felles masteroppgåve, skal Janne Krogh-Bjørnerud og Elizabeth Beech laga kvar sine masteroppgåver.

Og dei fire studentane veit alle kva dei skal bruka pengane til.

– Me skal nytta dei overfor informantane våre, anten til lunsj eller for å gi dei litt kompensasjon for at dei stiller opp for oss, og tar av tida si, var alle einige om.

– Imponert

Direktør Tore Rem i UiO:Demokrati gav masse skryt til dei fire masterstudentane:  - De er flinke, og me får heilt sikkert høyra mykje meir om og frå dykk i åra som kjem, sa han. 

Rem tykte også at studentane gav eit godt inntrykk  på andre måtar. 

Og eg var imponert over at dei var så interesserte i prosjekta til kvarandre, understreka han overfor Uniforum.  

Alle dei fire masterstudentane skal ha klar masteroppgåvene sine i mai neste år. Til saman var det 17 søkjarar til masterstipenda, opplyser sekretariatet til UiO:Demokrati. 

 

Prosjekta som er tildelte stipend er:

  • Janne Krogh-Bjørnerud (HF) ”Deliberativt lokaldemokrati og retorisk medborgerskap i Drammen kommune”. Retorikkstudenten  ser på ulike kommunedelar i storkommunen Drammen og i kva grad dette legg til rette for demokratisk drøfting av alle sider i ei sak og retorisk medborgarskap.

  • Charlie Dina Dickhausen og Madeleine Muldbakken (SUM/SV) ”Byrom i endring”. Dei to psykologistudentane ser på innbyggjarane si oppleving  av  og meiningsskapinga rundt byutviklinga i delbydelen Grønland i Gamle Oslo. Dei har fokusert særleg på korleis og kor vidt delbydelen vert opplevd inkluderende og om byutviklinga vert forstått som rettferdig.
  • Elizabeth Beech ”Bridging the Gap.” (UV).  I oppgåva ser pedagogikkstudenten på korleis lærarar i Oslo underviser i og om demokrati før og etter at dei har tatt med elevane på besøk til Senteret for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar, og om undervisninga bidrar til å utvikla elevane sin demokratiske kompetanse
  •  
60 000: Dei fire masterstudentane fekk til saman 60 000 kroner i stipend frå UiO:Demokrati. Her står dei saman med direktør Tore Rem i UiO: Demokrati. . Frå venstre:  Madeleine Muldbakken, Charlie Dina Dickhausen, Janne Krogh-Bjørnerud og Elizabeth Beech.

• Les meir om UiO:Demokrati i Uniforum: 

UiO-professor i statsvitskap vil ha lobbyregister

Svein Stølen om UiO:Demokrati: – Dette handlar om å ha ein demokratidugnad

Fire UiO-prosjekt får 22 millionar for å forska på demokrati

Han vil skapa ein kollektiv eigaskap til demokratiforskinga

Universitetsstyret vedtok antatt budsjett for 2023

UiO prioriterer satsingane Demokrati og Energi og miljø på 2023-budsjettet

– Vil ha fokus på  demokrati fordi det er under press

Slik skal humsam unngå å bli "hjelpevitenskap" i Oslo Science City

Ønsker storstilt UiO-satsing på humaniora og samfunnsvitenskap

UiO får tenketank om demokrati

Emneord: Demokrati, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 6. nov. 2023 04:30 - Sist endra 6. nov. 2023 08:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere