Finlands tidlegare president: – Norden har vist at det er mogleg å få til gode velferdssamfunn for alle

– Likestilling og tilgang til gode helsetenester for alle er nøkkelen for å skapa ei betre og meir berekraftig verd. Det seier Finlands tidlegare president Tarja Halonen i dette intervjuet med Uniforum.

Portrett av ei kvinne

FÅ KONFLIKTAR: – Eg har god erfaring i korleis det er mogleg å byggja opp eit samfunn med få konfliktar. For det er ikkje mogleg berre å koma fram til ein fredsavtale og så er problema løyst, seier Finlands tidlegare president Tarja Halonen.  

Foto: Ola Gamst Sæther

Fredag heldt Finlands tidlegare president Tarja Halonen årets Per Fugelli-foredrag i Domus Bibliotheca. Før talen fekk Uniforum eit intervju med den snart åtti år gamle toppolitikaren med mange toppverv i FN og andre internasjonale organisasjonar.

– Eg elskar måten han tar opp dette problemet på

Tarja Halonen ser mange likskapar mellom innsatsen ho har gjort i arbeidet for å få ei meir berekraftig verd og Per Fugellis fokus på jorda som pasient.

– Eg elskar måten han tar opp dette problemet på. Han var lege og såg på planeten jorda med ein leges auge medan eg er jurist. Tanken min er likevel ikkje å ta opp dette forholdet som ei Cold Case-sak, smiler ho.

Tarja Halonen har vore med i The Lancet-kommisjonen som har sett på korleis fredelege samfunn kan utviklast gjennom likestilling mellom kjønna og lik tilgang til gode helsetenester. I tillegg har ho også deltatt i fleire internasjonale komitear som har sett på klimaendringar og kva som kan gjerast for å redda liv på jorda. Dette arbeidet tar ho også opp i Per Fugelli-foredraget sitt.

Tarja Halonen:

- fødd 24. desember 1943

-president i Finland 2000-2012

- utdanna jurist frå Helsingfors universitet i 1968

-medlem av Finlands sosialdemokratiske parti

- medlem av Europarådets parlamentarikarforsamling og av Romaklubben

- styremedlem i Oslosenteret 2006-

- medlem av UNCTADs vismannsgruppe 2005-06

- leiar for ILOs globaliseringskomité 2002-04

- blei tildelt storkrossen av St. Olavs orden i Noreg i 2000. 

Aktuell: Heldt årets Per Fugelli-foredrag 8. desember

(Kjelder: Wikipedia og UiO)

– Det må forskast meir på dette

Men ho meiner at det siste arbeidet ho har deltatt i, truleg er det som vil vera mest interessant å høyra om for studentar og andre på Universitetet i Oslo.

– I arbeidet i The Lancet-kommisjonen kunne me leggja fram funn som viste at for å få ei berekraftig og fredeleg verd er likestilling og tilgang til gode helsetenester for alle nøkkelen. Funna våre gjer at me rår til at det må forskast meir på dette for å sjå endå meir på denne samanhengen, fortel ho.

– Mange fleire sivile er blitt mål

For Tarja Halonen ser heller ikkje utviklinga i verda dei siste åra særleg lys ut. Og ho peikar på korleis dagens pågåande krigar i mindre og mindre grad fylgjer humanitærretten.

– Både når det gjeld krigen i Ukraina og i Midtausten, har mange fleire sivile blitt mål samanlikna med militære mål.

Tarja Halonen kjem også inn på avtalen om biomangfald. Også den er inkludert i berekraftsmåla.

 – I dag må me tenkja heilskapleg for å sjå alle måla i samanheng, understrekar ho.

– Me har gode prov på at det er slik

Hovudpoenget hennar i talen er altså korleis tilgang til gode helsetenester og likestilling kan skapa både ei meir berekraftig og ei meir fredeleg verd.

 – Ja, og me har gode prov på at det er slik, nemleg Noreg og Finland, og dei andre nordiske landa. Både tidlegare generalsekretær i FN Ban ki-Moon og den noverande generalsekretæren António Guterres har sagt det slik: “Om det ikkje er likestilling mellom kjønna, kan du gløyma målet om ei berekraftig verd.”  Kvinner utgjer over 50 prosent av innbyggjarane i verda, og alle dei menneskelege ressursane som kvinner står for, er nødvendige for å få til ei berekraftig utvikling, seier Tarja Halonen.

Per Fugelli:

- fødd 7. desember 1943. Døydde i 2017
- var professor i sosialmedisin ved Universitetet i Oslo. Jobba også ved Universitetet i Bergen
- arbeidde for ei humanistisk tilnærming til helse- og sosialpolitikken der heile mennesket blei sett i sentrum.
- han var kritisk til den naturvitskaplege slagsida som han meinte legeutdanninga hadde fått. Kjent for å ha kritisert røykelova og for å ha skrive bok om sin eigen kreftsjukdom i boka “Per dør (2017)
- var aktiv i den offentleg debatten og fekk ei rekkje prisar, mellom anna Karl Evangs pris og Fritt Ords pris.
Aktuell: Kvart år sidan 2014 har Institutt for helse og samfunn ved UiO skipa til eit eige Per Fugelli Foredrag om jorda som pasient. I år blei det halde av Finlands tidlegare president Tarja Halonen. No har Senter for berekraftig helseutdanning fått ansvaret for foredraget.
(Wikipedia og UiO)

Igjen viser ho til dei nordiske landa som døme på at det er mogleg å få til.

– Dei nordiske landa har vist at det er mogleg å til eit fungerande velferdssystem som når alle i samfunnet, trekkjer ho fram.

 Den største faren for at det skal ramla saman, ser ho i ei anna global politisk rørsle.

– Det er den internasjonale rørsla mot likestilling mellom kjønna. Dette viser at det ikkje er nok at du vil ha ei berekraftig utvikling, men du må også gjera noko for det sjølv, er rådet hennar.

– Der mennene framleis smiler

Og så hugsar ho introduksjonen Lativas tidlegare president Vaira Vīķe-Freiberga kom med av henne.

 – Ho kjem frå Finland - eit samfunn dominert av kvinner, og der mennene framleis smiler, ler ho.

Leiaren for  komiteen for Per Fugelli Foredrag 2023, medisinprofessor Espen Bjertness sit og fylgjer interessert med, før han også gjerne vil ha svar på korleis politiske leiarar frå land der kvinner ikkje er likestilte med menn, reagerer på dei funna dei har gjort om at likestilling mellom kjønna både fremjar berekraft og fred.

– Dei forsvarar det med at det ikkje handlar om at dei ikkje respekterer kvinner, men at dei har ei heilt anna rolle. Eg seier at det er greitt, så lenge alle er einige om det, både kvinner og menn, og at det ikkje fører til konfliktar, svarar ho.

Fødd under krigen mellom Finland og Sovjetunionen

Tarja Halonen blei sjølv fødd midt under ein krig, den 24. desember 1943, då Finland var i krig med Sovjetunionen, medan Noreg var okkupert av Tyskland etter invasjonen 9. april 1940.

– Foreldra mine gifta seg julaftan 1942, og eg blei fødd akkurat eitt år etterpå. Seinare klaga mora mi seg alltid over kor sjeldan dei kunne møta kvarandre. Då sa eg til henne at de i alle må ha møtt kvarandre ni månader før eg blei fødd, fortel ho med eit stort smil.

– Me var fattige

Sjølv hugsar ho ingenting frå Det andre verdskrigen, men ho minnest litt frå dei første åra etterpå.

– Krigen kasta lange skuggar over Finland også mange år etter at den var slutt. I Helsingfors var det ruinar av hus i området me budde i. Det var tregjerde rundt dei, og barna fekk ikkje lov til å gå dit, men dei gjorde det likevel, og av og til kunne barna skada seg. Men etter kvart blei det bygd kafear og andre bygningar og også nye moderne bustader i dette området, fortel ho.

Tarja Halonen legg ikkje skjul på at ho kjem frå ein arbeidarklassefamilie.  

– Me var fattige, spesielt etter dagens standard, men eg brydde meg ikkje mykje om det. For alle naboane var også fattige, Helsingfors var fattig og Finland var fattig, og Vest- Europa var fattig, seier ho.

Fekk ein fadderfamilie i Noreg

Likevel fanst det lys i mørket. Og eit av dei kom gjennom ein familie i Drammen.

PROBLEMET: – Problemet med krigen mellom Russland og Ukraina og med krigen i Gaza er at ingen av partane vil ha fredsforhandlingar akkurat no, konstaterer Tarja Halonen. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Mora mi hadde nettopp skilt seg frå faren min. Og då fekk me ein slags fadderfamilie i Drammen i Noreg. Dei sende pakker til mora mi. Dei hadde også opplevd krigen, men folk i Noreg hadde allereie oppnådd betre levekår enn oss. Sjølv om det var strengt forbode å senda søtsaker i desse pakkene, gjorde dei det likevel. Søtsakene blei gøymde inne i pakkene med  matvarer, som me  mellom anna brukte for å laga graut. Difor rista mora mi alltid pakkene ekstra godt, slik at søtsakene til meg kunne ramla ut, minnest ho.

Og etter at mora hadde gifta seg med ein svenskspråkleg finne, kunne han senda små beskjedar  på svensk til fadderfamilien.

– Eg møtte denne lærarfamilien frå Drammen då eg var vaksen og ferdig utdanna jurist. Og dei sende oss julekort kvart år også lenge etter at eg blei vaksen. På den måten har me eit spesielt forhold til Noreg, legg ho til.

“Om partane ville ha fred, ville det bli fred”

Eit område som Tarja Halonen også har vore opptatt av, er arbeidet med å løysa væpna konfliktar. Og sjølv om me no opplever mange kriser i verda, så trur ho ikkje alle er uløyselege.

– Finlands tidlegare president Martti Ahtisaari, som de gav Nobels fredspris til, han sa alltid at om partane ville ha fred, så ville det bli fred. Problemet med krigen mellom Russland og Ukraina og med krigen i Gaza er at ingen av partane vil ha fredsforhandlingar akkurat no, konstaterer ho.

Så peikar ho på at Noreg har erfaring som fredsmeklar i mange væpna konfliktar både i Midtausten og i andre delar av verda.

– De har ikkje alltid hatt suksess, men i slike tilfelle er det ein stor fordel at de også har masse pengar. Den gongen eg var utanriksminister, spurte eg den norske kollegaren min korleis Noreg klarte seg så godt utanfor EU. Då svarte han: “Me har både pengar og glød.”

Sjølv har og vore med i FNs generalsekretær António Guterres råd for fredsforhandlingar.

– Personleg har eg ikkje mykje erfaring med å delta i fredsforhandlingar. Men eg har god erfaring i korleis det er mogleg å byggja opp eit samfunn med få konfliktar. For det er ikkje mogleg berre å koma fram til ein fredsavtale og så er problema løyst.

– Ikkje alle konfliktar kjem utanfrå

Igjen kjem ho inn på utviklinga i Norden.

– I alle dei nordiske landa har me brukt å seia at me veit korleis me kan byggja samfunn med få konfliktar. No ser me at det dukkar opp fleire konfliktar inne i landa. Nokre av oss er redde for det som skjer utanfor grensene våre, derfor er Finland blitt heilt nytt medlem av NATO. Men ikkje alle konfliktar kjem utanfrå, nokre kjem også innanfrå samfunnet. Uansett er me alle ein del av denne planeten, avsluttar ho.

 

 

Emneord: Finland, Medisin, Internasjonalisering, Likestilling Av Martin Toft
Publisert 12. des. 2023 04:30 - Sist endra 12. des. 2023 11:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere