Ho saknar folk med lingvistisk bakgrunn i språkkomiteen til UiO

Ingen av medlemane i komiteen som skal føreslå nye språklege retningslinjer for UiO, har lingvistikk eller nordisk språkvitskap som fagområde.  – Eg synest det er underleg, seier Unn Røyneland, leiar for Senter for fleirspråklegheit.

ETTERLYSER FAGPERSONAR: Leiar Unn Røyneland ved Senter for fleirspråklegheit  etterlyser fagpersonar med  lingvistikk og nordisk språkvitskap i språkkomiteen til UiO.

Foto: Senter for fleirspråklegheit/UiO

Det var i førre månad det blei kjent kven som skulle bli med i komiteen som UiO har sett ned for å koma med forslag til nye språklege retningslinjer. Komitéleiaren Helge Jordheim er filolog og ekspert på tysk språk, litteratur og historie, medan dei andre medlemane representerer fagområde og erfaringar som spenner frå medisin til pedagogikk og museumsleiing. I tillegg kjem ei frå ein fakultetsadministrasjon, ei frå fagforeiningane og ein studentrepresentant. Den 15. april skal gruppa levera frå seg eit  forslag, før folk på heile universitetet får seia sitt. 

• Les i  Uniforum: Dei skal setja opp rammeverket for UiOs språkpolitikk

– Eg stussa litt

Unn Røyneland er leiar for Senter for fleirspråklegheit/MultiLing på UiO, og ho synest det er veldig bra at Universitetet i Oslo har oppnemnt ein komité som skal gå gjennom dagens språkpolitikk på UiO og leggja fram forslag til nye språklege retningslinjer.  Det er likevel noko ho reagerer på.

– Eg stussa litt då eg såg at det var ingen med fagleg bakgrunn frå lingvistikk eller nordisk språkvitskap med i komiteen. Det er mykje kompetanse på dette området både på MultiLing og på Institutt for lingvistikk og nordiske studium på Det humanistiske fakultetet. Eg synest det er underleg at ingen av dei er med, seier Unn Røyneland til Uniforum. 

Ho har forståing for at medlemar i komitear må vera forskjellige.

– I slike komitear er det viktig med representasjon frå ulike delar av UiO og med brei fagleg bakgrunn. Men det hadde også vore bra om dei hadde hatt med ein med ein  tydelegare språkfagleg bakgrunn, seier ho.

– Kunne ha vore ein god og viktig ressurs

Unn Røyneland viser til det førre utvalet som kom med språklege retningslinjer og som var leia av professor i statsvitskap Helge Hveem.

– Den gongen hadde utvalet med Hanne Gram Simonsen, professor i lingvistikk frå HF. Det kunne ha vore ein god og viktig ressurs for gruppa om dei hadde hatt med ein person frå dette fagområdet, sjølv om det er utmerka folk som no sit der. Språkpolitikk og språkplanlegging er også eit fagfelt, understrekar ho. 

Så viser ho til Senter for fleirspråklegheit/MultiLing.

– Me forskar nettopp på språkpolitikk og språkideologi, ein tradisjon me fører vidare frå ein av pionerane innanfor forskinga på fleirspråklegheit, språkpolitikk og språkplanlegging, den norsk-amerikanske Harvard-professoren Einar Haugen, seier ho. 

– Eit ferskt døme er den tidlegare stipendiaten på MultiLing Jorunn Simonsen Thingnes som studerte  innføringa av nynorsk som hovudmål på Høgskulen på Vestlandet og bruk av nordsamisk som hovudmål på Samisk høgskole i Kautokeino. Thingnes såg blant anna på korleis dei språkpolitiske retningslinjene blei debatterte og seinare vedtekne, fortel ho.

– Me har ikkje høyrt noko frå dei enno

No håpar ho at komiteen vil prøva å skaffa seg meir kompetanse innanfor fagområdet språkplanlegging og språkpolitikk. 

– Me har ikkje høyrt noko frå dei enno. Det kan henda at dei har tenkt det, seier ho. 

Unn Røyneland leia sjølv eit utval sett ned av Språkrådet som hadde tittelen Språk i Noreg - kultur og infrastruktur. Det skulle sjå på norsk språk på ulike arenaer og hadde med folk frå ulike delar av samfunnslivet.

– Dåverande kulturminister Trine Skei Grande tykte det var ein viktig rapport, og den blei også viktig som bakgrunn for den nye språklova som blei innført i 2022.

– Det er veldig bra at UiO har sett ned ei slik gruppe, og det vil vera viktig mellom anna for å sikra at studentane skal få oppfylt retten sin til å få eksamenar og oppgåver på eiga målform, og ikkje få til svar “er det nødvendig da”, om nokre til dømes ber om å få tekstane på nynorsk,  seier ho.

– Det krev litt ekstra for å få det til, men det er mogleg

Dessutan håpar ho at komiteen kjem med forslag til språklege retningslinjer som tar omsyn til at Universitetet i Oslo er eit internasjonalt universitet.

– Me må leggja forholda til rette for at internasjonale tilsette også får moglegheiter til å delta i universitetsdemokratiet. Derfor må me visa at dei er viktige å ha med i dei avgjerdene som me tar på UiO. Den nyleg disputerte stipendiaten frå MultiLing Elisabet García Gonzalez som sat i Universitetsstyret, er eit godt døme. Gjennom simultantolking mellom norsk og engelsk blei forholda lagt godt til rette for deltakinga hennar.  Det krev litt ekstra for å få det til, men det er mogleg, er ho overtydd om.

– Eg synest at det er overraskande

Fagreferent for lingvistikk på Universitetsbiblioteket ved UiO Federico Aurora er einig med senterdirektør Unn Røyneland i kritikken av at språkkomiteen ikkje har medlemar med fagleg bakgrunn frå lingvistikk eller nordisk språkvitskap.

– Eg synest at det er overraskande og rett og slett vitskapelig dårleg, seier han til Uniforum. Han spør seg om det ikkje er openbert at om ein skal koma med språkpolitiske forslag, så bør ein ha med folk som forskar på akkurat dette, slik at forslaga og avgjerdene dei blir grunnlag for, er forskingsbaserte. 

– Det er sjølvsagt bra at arbeidsgruppa representerer forskjellige interesser, men ein må representera den sentrale faglege ekspertisen òg. Det kan vera mange synspunkt å ta med når ein skal byggja ei bru, men minst éin ingeniør bør ein ha med? spør han retorisk,   

Federico Aurora er som fagreferent i lingvistikk, fullstendig klar over at det finst lingvistar på fleire einingar på UiO.

– Når det er sagt, er MultiLing ei eining der språkpolitikk har vore spesielt i fokus som forskingstema, trekkjer han fram.

Bør ha inn personar med språkpolitikk som forskingsfelt

– Kva tykkjer du UiO bør gjera med det?

– Eg synest at UiO, altså rektoratet, som har utpeika medlemane i gruppa, bør be ein eller fleire personar med språkpolitikk som forskingsfelt om å vera med i gruppa.

Federico Aurora har nokre teoriar om kva som kan vera grunnen til at rektoratet ikkje tok ein person som forskar på språkpolitikk med i gruppa.

– Eg veit sjølvsagt ikkje, men det kan sjå ut som manglande forståing av sakas natur og kompleksitet. Det er mykje i språk som fenomen som ikkje er lett å vita eller vera merksam på om ein  ikkje har forska på det, men som ein må ha med seg og vera bevisst på, når ein utviklar ein språkpolitikk, alt frå språkstruktur til spørsmål knytte til makt og maktforhold, trur han.

Dessutan peikar han på at komitéleiaren Helge Jordheim sjølv seier til Uniforum at han gjerne skulle hatt nokon med frå land utanfor den germanske språkfamilien. For det kan vera vanskelegare for dei å ta i bruk norsk på universitetet enn andre.

– Dette er eit døme på noko som fagekspertisen i språkpolitikk vitskapleg kan hjelpa til med  å ta omsyn til, understrekar han.

Federico Aurora kjem gjerne med eit godt råd til kva komiteen no bør gjera.  

– Eg rår til at dei seier frå til rektoratet at dei også behøver språkpolitisk fagekspertise for å levera gode, vitskaplege grunngitte forslag som tar omsyn til saka i sin heilskap og utset å levera forslaga sine til dei har fått den ekspertisen med i gruppa, seier han.

– Blir glad for alle innspel

Uniforum har presentert synspunkta frå Unn Røyneland og Federico Aurora for Helge Jordheim.

 TAKKSAME: – Me er veldig takksame overfor alle som deler erfaringane og uroa si med oss, frå alle delar av institusjonen, seier komitéleiar Helge Jordheim. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Som komitéleiar blir eg glad for alle innspel. Jo meir  merksemd me får rundt arbeidet med språkpolitikken, jo betre. Me står jo overfor ei heil rekkje med heilt reelle dilemma som vert ytterlegare forsterka av den nye UH-lova, med tilhøyande føreskrifter som no er på høyring, svarar han. 

Jordheim viser til korleis han tolkar oppdraget som komiteen har fått.  

– Oppgåva til komiteen som eg forstår den, er ikkje å hamra noko i stein, men å føreslå eit rammeverk for korleis institusjonen skal navigera i desse spørsmåla framover. Dette er berre byrjinga, peikar han på.

– Trur du at det ville ha letta arbeidet dykkar om de hadde hatt nokon med som har den kompetansen Unn Røyneland etterlyser? 

– Det kan henda. Men komitéen er nedsett av UiOs leiing, og eg synest me jobbar veldig godt saman, og stolar på at alle gode krefter på UiO bidrar med innspel.

– Kjem de til å ta kontakt med fagfolka på MultiLing eller ILN for å få påfyll av språkleg kompetanse? 

– Komitéen har lagt opp til to primære innspelskanaler. Me arrangerer to opne innspelsmøte, det andre finn stad den 20. mars, og har oppretta ei nettside der alle som vil, kan koma med skriftiege innspel. Og det gjer dei! konstaterer han.

– Eg skal absolutt skriva ein ekstra mail til Unn Røyneland

Men han tar gjerne kontakt med Unn Røyneland også.

– Me er veldig takksame overfor alle som deler erfaringane og uroa si med oss, frå alle delar av institusjonen. Men eg skal absolutt skriva ein ekstra mail til Unn Røyneland og forsikra meg om at dei ikkje brenn inne med noko. Viss dei har lyst til å spela inn til komitéen på ein annan måte, får me til det også, trur han.

– Ville de ha vore ein fordel for komiteen å ha hatt nokon med bakgrunn frå lingvistikk eller nordiske språk ? 

– Ja, det er eg sikker på. Men det ville også vore ein fordel om me hadde hatt med fast vitskapleg tilsette med ikkje-europeisk språkbakgrunn, mellombels vitskaplege tilsette i utprega engelskspråklege forskingsmiljø, profesjonsstudentar, studiekonsulentar i fagmiljø som brukar både engelsk og norsk, hyppige bidragsytarar til SNL (Store norske leksikson/red.merknad) og ihuga samfunnsdebattantar, for berre å nemna nokon, svarar han.

 – Eg takkar for rådet

No peikar han på at dei som faktisk sit i komiteen, berre kan håpa på at alle desse og mange fleire tar seg tid til å møta opp på innspelsmøte og koma med innspel.

– Språkpolitikken er heile UiOs felles anliggende – og me må eiga den saman. Sånn sett er sjølve komitéen mest ein postkasse, med oppgåve å samanfatta alle erfaringar og avgjerder som når oss, på best mogleg måte. Deretter skal forslaga våre ut på høyring i institusjonen, understrekar han.

– Kva kommentar har du til rådet frå Federico Aurora? 

 – Eg takkar for rådet og tar det med til gruppa. I mellomtida håpar me å høyra frå Federico Aurora og andre lokale fagekspertar i språkpolitikk på innspelssidene våre.

• Les meir om språkpoltikk ved UiO: 

Dei skal setja opp rammeverket for UiOs språkpolitikk

No set regjeringa i gang ein redningsaksjon for norsk fagspråk

UiO-styremedlemar vil at ei arbeidsgruppe skal jobba med ny språkpolitikk

Mener språkdebatten ved UiO bygger på feiloppfatninger

Glad for språklege retningslinjer

Fagspråkutvalets innstilling: Ja takk til både norsk og engelsk

 

Emneord: Språkpolitikk Av :Martin Toft
Publisert 5. mars 2024 13:42 - Sist endra 5. mars 2024 14:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere