Oslo-ordførar Anne Lindboe opna Humaniora-festivalen

–Me må sørgja for at dagens ungdom lærer historia om Holocaust, om det palestinske folkets si historie, om vår eiga historie og om samefolkets historie. Det sa Oslo-ordførar Anne Lindboe, då ho opna Humaniora-festivalen i kveld.  

Portrett av ei kvinne

INKLUDERANDE: – Oslo ynskjer å vera ein inkluderande by der alle føler seg velkomne. Då treng me kunnskap om både vår eiga historie og andre si historie, sa ordførar Anne Lindboe i Oslo, då ho opna Humaniora-festivalen 2024. 

Foto: Martin Toft

Det var festivalsjef Agnete G. Haaland og HF-dekan Frode Helland som klokka 18.00 i kveld kunne ynskja eit fullsett Domus Bibliotheca velkommen til Humaniorai-festivalen 2024. Dei minna om at det første arrangementet ville bli fylgt opp av over 40 møte, samtalar og føredrag over heile Oslo fram til 21. mars med  temaet "Inn i historien". Det er Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo som arrangerer festivalen i samarbeid med Deichman bibliotek i Oslo. 

• Les også: UiO inviterer hele Oslo med inn i historien 

Lyrikaren Priya Bains hadde skrive ein eigen festivalprolog som ho framførte under opninga, medan Oslo-ordførar Anne Lindboe (H) stod for den offisielle opninga.  

– Oslo ynskjer å vera ein inkluderande by der alle føler seg velkomne. Då treng me kunnskap om både vår eiga historie og andre si historie. Slik kan me auka forståinga oss menneske i mellom. Ikkje minst er historie ein viktig måte å markera viktige vegval me står overfor i dag, understreka Anne Lindboe. 

– Og det er grunn til uro i dag

Ho peika på at i 2024 er hekser og trolldom frå 400 år tilbake, erstatta av frykt for falske nyhende. Menneskerettar er under press, og demokratiet i tilbakegang.

– Og det er grunn til uro i dag over at dei unge ikkje kjenner godt nok til historia. Me må sørgja for at dagens ungdom lærer historien om Holocaust, om det palestinske folket si historie, om vår eiga historie og om samefolkets historie. Berre på den måten kan me sikra at dei står på rett side av historia framover, sa Lindboe.

Oslo-ordføraren trekte fram at kunnskapen om historia legg grunnlag for det me er, for identiteten vår og om kva verdiar som er viktige Ikkje minst å finna fram til det me er einige om, la ho vekt på. .

– Med Humaniora-festivalen gjer de nettopp det. De gir oss den kunnskapen og viser kor god og viktig den er. Takk for jobben det gjer, og så erklærer eg festivalen for opna, sa Anne Lindboe, og ho blei møtt av varm applaus. 

– Det å vera historielaus er forvirrande

Prorektor Åse Gornitzka representerte rektoratet og hadde på seg rektorkjeden. Også ho viste til kor viktig det er å kjenna historia.

REPRESENTERTE: Prorektor Åse Gornitzka representerte rektoratet på opninga av Humaniora-festivalen.  (Foto: Martin Toft)

– Det å vera historielaus er forvirrande. Og det kan gjera deg ganske sårbar, også politisk sårbar. Det er derfor historieforskinga  forpliktar. Nokre gonger blir ubehaget forsøkt skrive ut av historia. Autoritære leiarar, me treng ikkje seia kven, presenterer historiske hendingar frå 300 år tilbake, og dei blir gitt som grunnlag for krigføring i dag, peika ho på.

Ho viste også til korleis dei to tidlegare fiendane Frankrike og Tyskland sidan 2006 har produsert felles lærebøker i historie.

– Eigentleg eit ganske godt bilete på europeisk integrasjon, slo ho fast. 

Etterpå held historieprofessor Eirinn Larsen ved UiO hovudføredraget om kva me skal med historie, før det blei ein panelsamtale om korleis det er mogleg å formidla historie på ein best mogleg måte. Der deltok førsteamanuensis i historie Ada Lassen ved UiO, journalist og forfattar Eivind Sæther, og ordstyrar var Ellen Cathrine Lund som til dagleg er leiar for nettstaden Norgeshistorie.no. 

Det var også eit musikalsk innslag med førstelektor Victoria Johnson og Bernt Erik Wærstad frå Institutt for musikkvitskap på UiO. 

• Les meir om Humaniorafestivalen

LYDHØYRT:Det var eit lydhøyrt publikum som kom på opninga av Humaniora-festivalen i Domus Bibliotheca. (Foto: Martin Toft)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Det humanistiske fakultet Av Martin Toft
Publisert 7. mars 2024 22:45 - Sist endra 11. mars 2024 12:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere