Støre forsvarte oppryddinga: – Forskingsrådet var i ferd med å renna på eit isfjell

– Eg meiner at me redda Forskingsrådet då det var i  ferd med å renna på eit isfjell eller kjøra i grøfta. Det sa statsminister Jonas Gahr Støre då nobelprisvinnarane i medisin May-Britt Moser og Edvard Moser bad om at politikarane ikkje måtte gløyma Forskingsrådet.

Portrett av statsminister Jonas Gahr Støre på ein talarstol

REDNINGSAKSJON: – Me hadde ein redningsaksjon for Forskingsrådet i 2022 der me måtte gå inn med pengar for å rydda opp, sa statsminister Jonas Gahr Støre i Vitskapsakademiet denne veka. 

Foto: Martin Toft

Meiningsutvekslinga mellom statsminister Jonas Gahr Støre og nobelprisvinnarane May-Britt og Edvard Moser fann stad i ein forskingspolitisk debatt på Vitskapsakademiet på onsdag. Det skjedde under opninga av det nye pestforskingsprosjektet Synergy-Plague biologiprofessor Nils Chr. Stenseth leier ved Universitetet i Oslo.

– Moro å vera med på dette

Det var den 26. oktober i fjor det blei kjent at biologiprofessor Nils Chr. Stenseth ved UiO og fagfellar frå Storbritannia og Frankrike ville få 118 millionar kroner frå det europeiske forskingsrådets (ERC) Synergy Grant for å finna ut meir om korleis pesten oppstod og spreidde seg frå Sentral-Asia og vidare til Europa frå 1300 til og med 1900. Målet er å finna ut endå meir om korleis pestutbrota i denne perioden oppstod og sjå på kva grad lopper og rotter har vore smittespreiarar. 

TOPPTUNGT: Prosjektleiar Nils Chr. Stenseth hadde klart å samla eiit topptungt lag med politikarar og forskarar,då opninga av det nye pestforskingsprosjektet han leier, blei markert i Vitskapsakademiet denne veka. 

– Derfor er også forskarar som er ekspertar på desse dyra, med i dette prosjektet. Og det er veldig  moro å vera med på dette, og at me har fått positivt svar på søknaden vår, sa Nils Chr. Stenseth til Uniforum då tildelinga blei kjent.

Regjeringstung opning

Denne veka blei prosjektet sparka i gang i Akademiets hus med både statsminister Jonas Gahr Støre og forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel til stades. I tillegg hadde prosjektleiar Nils Chr. Stenseth invitert nobelprisvinnarane i medisin frå 2014, May-Britt Moser og Edvard Moser frå NTNU til å utfordra regjeringa på forskingspolitikken og kva den vil gjera for å styrkja toppforskingsmiljøa i Noreg.

Dei begynte med å lovprisa etableringa av sentra for framifrå  forsking.

 – Det var veldig få andre land som hadde ein periode på ti år for slike toppforskingssenter. Det har hatt ekstremt mykje å bety for det me har fått til, at me kan tenkja i tiårsperspektiv, sa Edvard Moser.

– Galskap sett i system

Og May-Britt Moser fylgde opp.

– Det var faktisk veldig gøy å reisa rundt i andre land og kunne fortelja at me hadde fått støtte for ti år. Det var fantastisk, tykte ho og gav honnør til politikarane samtidig som ho kom med ein ny definisjon på forsking.  

– Det er flott at de politikarar har kome hit for å høyra på oss. For det blir sagt at forsking er ein lidenskap, men eigentleg er det galskap sett i system, drive av folk som kan det, sa ho.  Men innføringa av eksportkontroll av forskarar frå Iran, Kina og India var ho ikkje begeistra for.

– Det  øydelegg for oppbygginga av gode forskingsmiljø, slo ho fast. 

– Alle går saman for å løysa eit felles problem

Edvard Moser viste korleis internasjonaliseringa hadde verka inn på forskinga på senteret dei leier.

– Der jobbar det 150 personar frå 30 forskjellige land. Me prøver alltid å rekruttera dei beste talenta som kan utføra oppgåvene for oss. Då rekrutterer me frå heile verda for Noreg er eit bitte lite land. Mange kjem frå land som er geopolitisk utfordrande, men det fine med forsking er at alle går saman for å løysa eit felles problem. Sjølv om me har 30 land representerte, er det ei lita idyllisk verd der me jobbar saman. Utfordringane våre er problemet rundt eksportkontroll, og det faktisk i andre samanhengar gode forslaget om å læra seg norsk. For våre postdoktorar og stipendiatar er det ingen god idé, syntest han.

 

LYTTA: Statsminister Jonas Gahr Støre og forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel sit saman med prosjektleiar Nils Chr. Stenseth og lyttar til innspela frå nobelprisvinnarane i medisin frå 2014, May-Britt Moser og Edvard Moser. 

– No må me få Haaland-forskarar i Noreg

May-Britt Moser kom også med ei oppfordring til regjeringa om å satsa på eliteforsking, Ho samanlikna forskinga med fotballspelaren Erling Braut Haaland.

– Haaland er norsk. Supert. Me klarte å laga ein Haaland. No må me få Haaland-forskarar i Noreg, og då må me prøva å trena, oppfordra ho.

Så kom ho med ei politisk avsløring. 

– Eg er fødd sosialist, men når det kjem til forsking, så er me nøydde til å tenkja at det er ein familie med eit miljø som trenar opp eliteforskarar.  Når det gjeld undervisning, kan me spreia det ut over landet, men me kan ikkje det når det handlar om eliteforsking, understreka ho.

– De må ikkje gløyma Forskingsrådet

Edvard Moser kom med ein siste appell til politikarane. 

– De må ikkje gløyma Forskingsrådet. I Noreg har me berre eitt, medan dei andre nordiske landa har langt fleire private forskingsråd. Me må støtta dei, for dei kan gjera jobben med å vurdera kvalitet og velja ut dei beste når me har avgrensa ressursar, understreka Moser.

Etterpå fekk forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel ordet, og han svarte på nokre av utfordringane han fekk frå May-Brit og Edvard Moser. 

– Problemet med eksportkontrollen er me klare over. At me skal ha eliteforsking over heile landet er ikkje noko me står for. Men det som har vore viktig for denne regjeringa, har vore ei tydeleg arbeidsdeling og differensiering i kunnskapspolitikken, peika han på.

 GOD KVALITET:— Uansett skal me ha god kvalitet på all forsking. Det er me tydelege på i Langtidsplanen, sa forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.

Hoel viste til presentasjonen av stortingsmelding om opptak til høgare utdanning og stortingsmeldinga om profesjonsutdanninga som blir lagt fram seinare i dag.

– Me må dyrka fram talenta og få fram dei gode forskarane som kan gjera seg gjeldande internasjonalt. Uansett skal me ha god kvalitet på all forsking. Det er me tydelege på i Langtidsplanen, trekte han fram. 

– Eg er ikkje fødd sosialist, men eg blir sosialdemokrat

Statsminister Jonas Gahr Støre fylgde opp den politiske avsløringa frå May-Britt Moser.

– Eg er ikkje fødd sosialist, men eg blir sosialdemokrat. Det seier eg fordi eg sluttar meg til min gode statsråd når han seier at me trur på eliteforsking og at me skal satsa på dei beste, det beste og den beste måten, sa Støre. 

Støre understreka at regjeringa hans satsar på kunnskap og forsking.

– Og ser me på budsjettet, så  ligg me an til ein realvekst. Me kjempar for å halda det, lova han.

– Me hadde ein redningsaksjon for Forskingsrådet

Støre kom også inn på oppfordringa om at regjeringa ikkje måtte gløyma Forskingsrådet.  

– Eg meiner at me redda Forskingsrådet då det var i ferd med å renna på eit isfjell eller kjøra i grøfta. Me hadde ein redningsaksjon for Forskingsrådet i 2022 der me måtte gå inn med pengar for å rydda opp. Derfor kunne me lansera ein milliard til kunstig intelligens over fem år, pengar som skal fordelast av Forskingsrådet, slo han fast. 

– Det blir me klokare av

I eit intervju med Uniforum like etterpå var det tydeleg at statsminister Jonas Gahr Støre var svært nøgd med både innføringa i forskinga på pesten og med den forskingspolitiske debatten.

– Det er ei blanding av to ting; ein utruleg fascinasjon for prosjektet og å gjera det tilgjengeleg og utruleg spennande med dei internasjonale partnarane som viser kva det tverrfaglege er, også når me går i djupna. Og så likar eg veldig godt metoden dei inviterer til at me møtast for å snakka saman og lytta til kvarandre. Det blir me klokare av. 

– Er det nokre idear herifrå som du kan ta med deg til regjeringa?

– Ja, no har forskingsministeren og eg sete og høyrt på korleis me kan kombinera forskinga og få fram gode talent ved å satsa på dei dyktigaste og beste miljøa og organisera oss for det. Me skal leggja fram ei stortingsmelding for korleis me organiserer oss. Då er innspela frå desse viktige. Vektlegginga av internasjonalt samarbeid er noko alle forskarar vil nemna. Men det er spennande å høyra om det. Så er det meir komplisert i den verda me lever i no enn det kanskje var før, men då får me finna ein veg.

–Er du stolt over det norske forskarar får til?

–Ja, det er eg.  Dei seier at på nokre område er dei veldig sterke. På andre område har me ikkje så sterke posisjonar. Men det handlar om å kvalifisera for gjennomslag i internasjonale samanhengar.  Erfaringa på ulike nivå, viser at det er me ganske gode til i Noreg, avsluttar Jonas Gahr Støre.

Held på fram til og med 2030

Det nye pestforskingsprosjektet Synergy-Plague får hovudsete på Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES) på Institutt for biovitskap ved UiO.  Det vil også vera nært knytt til Forskingssenteret for pandemi og éi helse ved Det medisinske fakultetet på UiO.

Prosjektleiar Nils Chr. Stenseth har med seg blant andre dei kjente forskarane Phil Slavin, University of Stirling og Ulf Büntgen, University of Cambridge frå Storbritannia. Men også Florent Sebbane, Institute National de la Santé et de la Recherche Medicale frå Frankrike er med. Dei deltok også med kvar sine videoinnspelte innlegg under opninga. Også partnarane, Einar Wigen, professor i tyrkisk ved UiO og Sacha Mooney frå University of Nottingham heldt innlegg på opninga av prosjektet. Det hadde også Eystein Jansen, visepresident i Det europeiske forskingsrådet (ERC).

Planen er at forskingsprosjektet skal halda på fram til og med 2030. 

• Les meir om pestforskingsprosjektet: 

Får over 118 millionar kroner til å forska på pestutbreiing

 

Emneord: ERC, Internasjonalisering, Forskingspolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. apr. 2024 04:30 - Sist endra 5. apr. 2024 16:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere