Streik på UiO: – Kampviljen er stor

– Streikeviljen er stor blant medlemane våre som er tatt ut i streik. Det seier hovudstillitsvald Belinda Eikås Skjøstad i Forskarforbundet. 52 UiO-tilsette starta denne dagen  med å leggja ned arbeidet.

Belinda Eikås Skjøstad står utanfor Georg Sverdrups hus i streikeskjorte

STREIKEVAKTER: Frå klokka 13.00 i dag var det streikevakter på plass både her utanfor Lucy Smiths hus, utanfor Georg Sverdrups hus og utanfor Niels Treschows hus på Øvre Blindern. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Den første streikedagen starta med eit oppstartmøte med streikande i Oslo i Chateau Neuf, i regi av Unio Stat. Der var det appell med blant andre tillitsvald Cecilie W. Lilleheil frå Forskarforbundet ved UiO som no er streikeleiar for Unio stat Oslo. Etterpå plasserte Unio sine organisasjonar ved UiO streikevakter ved strategiske inngangar ved både Lucy Smiths hus, Georg Sverdrups hus og Niels Treschows hus på Øvre Blindern. Det opplyser hovudstillitsvald Belinda Eikås Skjøstad i Forskarforbundet til Uniforum.

Vil ha eigen tariffavtale med staten

Unio og Akademikarane vil gjerne ha ein eigen tariffavtale med staten, medan staten vil ha dei inn i felles fold med LO Stat og YS Stat. Det ynsker ikkje Unio og Akademikarane. Det går klart fram av Unios grunngjeving for at de ikke har gått med på det siste tilbodet Riksmeklaren kom med, og som blei godtatt av LO Stat og YS Stat. Derfor gjekk dei til streik frå fredag formiddag. Først i dag har streiken også ramma Universitetet i Oslo.  

Ein oversikt som Uniforum har fått sendt over frå UiO sentralt, viser at medlemar i Unio har lagt ned arbeidet både på Universitetsbiblioteket, ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet og i byggeleiinga for Livsvitskapsbygget.  

Masterstudentar blir ramma 

Streiken vil i størst grad gå ut over Universitetsbiblioteket der 23 tilsette er tatt ut i streik. Det gjeld dei som arbeider med publikumstenestene, og dei som arbeider med DUO-arkiv. Det vil masterstudentar som skal levera inn oppgåvene sine, merka.

Også Det utdanningsvitskaplege fakultetet vil kjenna  fylgjene av at 13 tilsette ved fakultetet har lagt ned arbeidet frå og med i dag. Det vil føra til at 23 lærarstudentar ikkje får den siste rettleiinga på masteroppgåvene som har leveringsfrist 1. juni. Om streiken varer ei stund, vil også rundt 50 studentar med munnleg eksamen verta råka, heiter det i konsekvensvurderinga UiO sentralt har sendt til Kunnskapsdepartementet. 

Varslar søknader om dispensasjon

Om det blir ein lengre streik, vil UiO også be om dispensasjon frå spesielt sårbare delar av infrastrukturen til universitetet. Det vil koma ein dispensasjonssøknad frå IT-avdelinga knytt til drift og feilretting av samfunnskritisk infrastruktur (NIX.no) og tenester for sensitive data (TSD).  Det er dei einaste områda som er spesielt kjenslevare for den første fasen av streiken på UiO, går det fram av vurderinga UiO sentralt har gjort. 

Også bygginga av Livsvitskapsbygget kan råkast, sidan ein av dei mest sentrale personane i prosjektet er ein av dei som er tatt ut i streik, får Uniforum vita av Belinda Eikås Skjøstad.

– Det blir ei opptrapping av streiken

Men fylgjene av streiken kan merkast endå meir seinare i veka.  

 DEMONSTRERER:  Unio demonstrerer framfor Stortinget tysdag. – Og då oppfordrar me også alle dei som ikkje er i streik til å delta, for dei er også i konflikt, understrekar hovudtillitsvald Belinda Eikås Skjøstad i Forskarforbundet. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Det blir ei opptrapping av streiken også på UiO, opplyser Belinda Eikås Skjøstad til Uniforum. 

– Både stemninga og kampviljen er på topp,seier Skjøstad og siterer slagordet til Unio under årets streik: Utdanning skal lønna seg – også i staten,

– Me ser dette som eit politisert oppgjer

Ho seier seg lei for at staten ynskjer at Unio og Akademikarane skal venda tilbake til å få ein felles tariffavtale med LO Stat og YS Stat, slik som var tilfellet før 2016. 

– Me ser dette som eit politisert oppgjer der partane ikkje får forhandla i fred, seier ho.

I morgon vil streikevaktene på UiO halda på frå klokka 09.00 til 14.30. 

Og i morgon klokka 18.00 oppfordrar Unio alle medlemane sine til å delta i ein demonstrasjon framfor Stortinget mot staten og for Unios krav. 

– Og då ber me også alle dei som ikkje er i streik om å delta, for dei er også i konflikt, understrekar Skjøstad. 

Dei som har høve til å gå tidlegare frå jobben, kan også få med seg ei hending før demonstrasjonen. 

– Ja, me vil ha eit forspel på konsertstaden Rockefeller i Oslo frå klokka 15.00, fortel hovudtillitsvald Belinda Eikås Skjøstad

 

• Les også desse sakene: 

Unio og Akademikerne går til streik - UiO kan rammes mandag

328 UiO tilsatte kan bli tatt ut i streik

Les også på UiO.no

 

 

 

Emneord: Streik, Arbeidforhold, Lønn/lønnsforhandlinger Av Martin Toft
Publisert 27. mai 2024 14:19 - Sist endra 27. mai 2024 14:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere