18 universitet frå ni land vil delta i ein akademisk dugnad for flyktningar

UiO tok i fjor eit initiativ for å gi flyktningar i konfliktområde høgare utdanning. No har dei utvikla grunnideen vidare saman med Flyktninghjelpa, FNs flyktningkontor, SAIH og eit elitelag av universitet.

I UGANDA: UiOs delegasjon på besøk hos RENU som er Ugandas svar på SIKT. Frå venstre: Hellen Nakawungu (in charge of Systems and Software), Svein Stølen, Nicholas Mbonimpa (CEO) HIlde Spjelkavik Kveseth, Marianne Knarud og Patience Nagaba (in charge of Network Operations).

Foto: UiO

Tidlegare i år var rektor Svein Stølen saman med ein delegasjon frå UiO på besøk hos Flyktninghjelpa i Uganda. Då besøkte dei fleire flyktningeleirar og læringssenter. Formålet var å læra meir om moglegheiter og utfordringar ved å tilby akademisk utdanning til nokre av dei 1,5 millionar flyktningane som bur i landet.

Planen var å sjå om Uganda kunne gjerast til ein pilot for eit  større initiativ som har arbeidstittelen Global University College (GUC).  Dette større  initiativet svarar på  FNs høgkommisær for flyktningars oppfordring om at universiteta i verda må gjera meir for flyktningar og fordrivne menneske.

– Målet er at modellen som skal utviklast, skal kunna skalerast og dermed over tid nå mange personar i mange land. Eit tilbod som blir skapt ein stad, kan tilpassast og brukast ein annan stad.  Modellen må også vera fleksibel og kunna aktiverast raskt, slik at tilbodet kan setjast i verk også i akutte situasjonar når nye flyktningkriser oppstår, fortel rektor Svein Stølen til Uniforum. Besøket i Uganda kom i stand etter eit lengre arbeid med GUC-initiativet.

– No har me sådd ein idé

UiO inviterte etterpå andre representantar og organisasjonar til å delta på ein arbeidsverkstad i Oslo der hovudideen om eit Global University College kunne utviklast vidare. I førre veke kom representantar frå 18 universitet i ni land til Universitetet i Oslo. Ut av møtet kom det ein detaljert plan for vidare utvikling av initiativet.

Både Flyktninghjelpa i Noreg og Uganda og SAIH (Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond) deltar. Det er UiO-rektor Svein Stølen svært glad for.

Dette er universiteta som var til stades i Oslo: 

Arizona State University, USA

Southern New Hampshire University, USA

EFPL, Lausanne, Sveits

Humboldt, Berlin, Tyskland

King's College, London, Storbritannia

KU Leuven, Belgia

NMBU, Noreg

PSL, Paris, Frankrike

SOAS, (School of Oriental and African Studies), University of London, Storbritannia

Stellenbosch, Sør-Afrika

Cape Town, Sør-Afrika

UCLouvain, Belgia

University of Geneva, Sveits

Glasgow University, Storbritannia

Hamburg University, Tyskland

Oxford University, Storbritannia

Edinburgh University, Storbritannia

UiO, Noreg

I tillegg:

FNs høgkommisær for flyktningar/UNHCR

Flykntinghjelpa/NRC, Noreg

Flyktninghjelpa/NRC, Uganda

SAIH

(Kjelde: UiO)

– No har me sådd ein idé. I dag er det 110 millionar flyktningar i verda. No får sju prosent av dei tilbod om høgare utdanning, medan FNs mål er at 15 prosent av dei skal få tilbod om høgare utdanning innan 2030. Nettopp derfor er det viktig å gjera noko frå universiteta si side, og derfor arbeider me for å etablera ein global universitetsallianse som kan bidra med tilbod til flyktningar, opplyser Svein Stølen til Uniforum.

Det er to ting som må vera på plass i ein slik pakke, ifølge UiOs rektor. For det første må flyktningane få tilbod om å kvalifisera seg til høgare utdanning ved å læra seg engelsk og å ta førebuande prøvar.(Internasjonaltkjent som «foundation year)  For det andre skal kvart universitet kunne tilby nokre fagområde der dei kan bidra med emne som kan setjast saman slik at flyktningane får relevant utdanning tilpassa lokal kontekst, lokale behov og lokale arbeidsmoglegheiter.  

– Ein hovudidé er at universitet utan erfaring fra arbeid med flyktningar skal sleppa å finna opp hjulet på nytt, og at kvart universitet kan leggja inn sine eigenutvikla emne i eit slags felles studiebibliotek, fortel Svein Stølen.

– Kan begynna i 2026

Sjølv om 18 universitet frå tre ulike kontinent i førre veke utarbeidde ein felles plan for det nærmaste året,  er det likevel langt fram før det kan bli realisert.

– Uganda blir vurdert for eit pilotprosjekt, men heller ikkje der vil dei første studentane kunne begynna før tidlegast i 2026, seier han til Uniforum.

Stølen fortel at målet for sjølve Global University College er ein generisk modell som vil kunna sikra skalerbarheit og rask respons. Det eit universitet gjer ein stad, bør kunne brukast ein annan stad av universitetet sjølv eller av andre universitet. Dei universiteta som no har møttest, er også i dag på plass mange stader inkludert i Libanon og andre stader i Midtausten og Afrika. 

– I denne alliansen skal me læra av kvarandre og byggja på kvarandre sin kunnskap og eksisterande tilbod. UiO har lita erfaring med å gi denne typen studietilbod, men også me må bidra. Som universitet har me ei etisk og moralsk forplikting til å bidra, og me har valt å initiera arbeidet med ei generisk/systemisk tilnærming, understrekar Svein Stølen.

– Vil utvikla ein UiO-leia fireårig pilot

Det første året skal det utviklast ein modell for samarbeidet.

– I tillegg forsøker me å utvikla ein UiO-leia fireårig pilot i samarbeid med Flyktninghjelpa der andre universitet blir inviterte med inn. Det generelle målet er å gi kompetanse til flyktningar som bidrar til at dei kan koma seg vidare og i beste fall vender tilbake og deltar i oppbygginga av landet dei har flykta frå, håpar Stølen. 

Han fortel at ein av grunnane til at Ugande blir vurdert som pilotprosjekt, er at landet har hatt opne dørar for flyktningar, ikkje berre frå nabolanda, men også frå land så langt borte som Bangladesh.

– UiO og Flyktninghjelpa har skrive under ein samarbeidsavtale, og så er det meininga at me i fellesskap skal finna ut korleis me tar dette vidare.

Også Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås var med på arbeidsverkstaden.

– Dei har massiv kompetanse innanfor landbruk og relaterte fagfelt, fortel Stølen, og han trur derfor at NMBU kan bli ein nøkkelpartnar.

– Men me er framleis tidleg i arbeidet, legg han til.

– Dette er eit prosjekt me må skapa saman

No kan Svein Stølen sjå tilbake på to intense dagar med drøftingar og diskusjonar om korleis heile dette prosjektet skal kunna realiserast. Og saman har desse universiteta altså kome fram til ein felles veg vidare som skal vurderast av kvart enkelt universitet.

– Dette er eit prosjekt me må skapa saman og me håpar mange er villige til å bidra i arbeidet vidare mot eit fullt konsept. Me har bede om at dei bind seg til å vera med i eitt år førebels, seier han.

Stølen peikar på at mange av universiteta har god erfaring med å driva prosjekt i land som har mange flyktningar.

– Men grunnen til at dei deltok var sjølve ideen om ein organisasjon som kan bidra til erfaringsdeling, samskaping og skalerbarheit, fortel han. 

Inspirert av norsk-afghansk flyktning

Frøet som gav han ideen om å få til noko slikt, blei sådd då han fekk besøk av den norsk-afghanske flyktningen og journalisten Zahir Athari frå Universitetet i Oslo. Etter at Taliban hadde kome tilbake til makta i Afghanistan, var Zahir Athari opptatt av å kunna tilby eit virtuelt universitet til kvinner.

• Les også:

– Katastrofalt for mange millionar jenter i Afghanistan

Stølen viser til at han i I eit innlegg i VG i januar 2023 fortalde at UiO hadde tatt eit initiativ til eit digitalt universitet. Innlegget kom som ein kommentar til eit innslag i Dagsnytt 18 der Hanne Skartveit, politisk redaktør i VG, og samfunnsdebattant og helsearbeidar Ayesha Wolasmal tok til orde for å lata afghanske kvinner koma til Noreg for å ta høgare utdanning.

Stølen gjorde det klart at han støtta ideen, men samtidig peika han på det store talet på flyktningar i verda som ikkje ville kunna få eit slikt tilbod. Bodskapen hans var at om det skal vera mogleg å hjelpa dei også, så vil det vera nødvendig med ein skalerbar modell.

• Les også:

Stølen på tur sør for Sahara

– Me treng hybrid undervisning

Ideen om eit digitalt universitet er lagt død.  

– All forsking viser at det ikkje fungerer spesielt godt. Me treng hybrid undervisning der me på ulike måtar bidrar til fysisk undervisning i flyktningleirane, seier Sven Stølen.

Den konklusjonen blei forsterka  av besøket i flyktningleirar i Uganda tidlegare i år. Leirane ligg i grenseområdet til Sør-Sudan og tar imot flyktningar som er ramma av borgarkrigen i nabolandet.

No startar arbeidet med å finansiera prosjektet.

– Me har allereie i samarbeid med SAIH mottatt støtte frå Grieg Foundation. Det er me takknemlege for. Men her trengst det større eksterne midlar, og me ser også mot andre kjelder nasjonalt og internasjonalt.

Vil jobba meir med prosjektet

Stølen skryt over heile teamet frå UiO som har jobba med dette prosjektet.

– Det har me gjort i fellesskap, og teamet blir ikkje mindre viktig i tida som kjem.  

Til hausten vil Svein Stølen og ein delegasjon frå UiO dra tilbake til Uganda for å jobba vidare med Flyktninghjelpa Uganda og lokale universitet.  Og så ser han vidare inn i framtida. For neste år går han av som rektor.

– Eg håpar at eg kan bruka sabbatsåra mine til å jobba med dette prosjektet. Det vil vera svært meiningsfullt, seier han oppglødd.

 

Emneord: Afrika, Flyktninger, Internasjonalisering, FN Av Martin Toft
Publisert 11. juni 2024 07:32 - Sist endra 11. juni 2024 07:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere