Ho fekk gjennomslag for å innskjerpa etiske retningslinjer ved innkjøp

– Tillegget ditt har gjort forslaget til vedtak endå betre. Det sa universitetsdirektør Arne Benjaminsen til studentrepresentant Solveig Martha Tynkkynen etter at ho  på møtet i UiO-styret føreslo ei setning som innskjerpar dei etiske retningslinjene ved innkjøp.  

FULL STØTTE: Studentrepresentant Solveig Martha Tynkkynen fekk full støtte frå heile Universitetsstyret, då forslaget hennar om å skjerpa dei etiske retningslinjene for innkjøp blei samrøystes vedtatt.. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var studentrepresentant Solveig Marha Tynkkynen som hadde sendt inn forslaget til Universitetsstyret om å oppdatera både strategien for innkjøp og dei etiske retningslinjene for innkjøp.  Sjølv sa ho seg svært nøgd med korleis forslaget hennar var blitt handsama og kom ut som eit eorslag i fem punkt frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen og staben hans. Ho meinte likevel det siste punktet av forslaget mangla eit viktig tillegg. Derfor føreslo ho å leggja til ei ekstra setning i punkt e: 

"e) Redegjørelse for hvordan aktsomhetsvurderinger for anskaffelser følges opp ved UiO, spesielt når det gjelder risiko for at leverandører begår, medvirker til, eller er direkte knyttet til brudd på grunnleggende menneskerettigheter og internasjonal humanitærrett".

Fekk honnør av styrekollegaene

Alle styrerepresentantane som tok ordet gav Solveig Martha Tynkkynen honnør for å ha tatt initiativet til dette. Også universitetsdirektør Arne Benjaminsen meinte at forslaget til tillegg i forslaget han la på bordet til Universitetsstyret, gjorde det endå  betre. 

Sjølv var Solveig Martha Tynkkinen også godt nøgd med arbeidet som universitetsdirektøren og staben hans hadde gjort med å utarbeida eit forslag til vedtak av det innspelet ho hadde sendt inn i førre veke.

– Eg vil takka dykk for dette arbeidet. Dette er også viktig for at at UiO skal kunna oppfylla juridiske vurderingar både nasjonalt og internasjonalt, meinte ho. Ho sa seg tilfreds med alle punkta, men ville altså gjerne koma med eit tillegg til punkt e, noko som ho altså  fekk gjennomslag for.  Det går ut på å vera spesielt aktsam når det gjeld risikoen for at leverandørar  begår,  medverkar til eller er direkte iknytte til   brot på dei  grunnleggjande  menneskerettane, eller brot på den internasjonale humanitærretten. 

Eit samrøystes styre vedtok deretter forslaget om å  oppdatera dei etiske retningslinjene  for ansaffelsar/innkjøp med tillegget  frå studentrepresentant Solveig Martha Tynkkanen som ein del av det siste punktet. 

Skal gjennomføra årlege reviderte tiltaksplanar

Inkludert i forslaget til vedtak er det tatt med at UiO også skal ha ein oppdatert strategi for anskaffelsar/innkjøp. Rutinane skal også skjerpast når det gjeld  tilnærminga til aktsemdsvurderingar for anskaffelsar/innkjøp. Strategien for anskaffelsar skal setjast i verk gjennom årlege reviderte tiltaksplanar og rapportering. 

Bakgrunnen for denne saka er diskusjonen om UiO skal lata vera å investera i selskap som direkte eller indirektte medverkar til israelsk okkupasjon av den palestinske vestbreidda eller er involverte i krigen mellom Israel og Hamas i Gaza.  Samtidig skal desse etiske retningslinjene også nyttast når det gjeld å gå gjennom avtalar med selskap som er frå andre land som bryt internasjonale lover eller som medverkar til det. 

PALESTINACAMPEN PÅ PLASS: Det var fleire representantar frå Palestinacampen på plass i Professorboligen under universitetsstyrets behandling av forslaget om å revidere dei etiske retningslinjene for innkjøp/anskaffelsar ved UiO. (Foto: Ola Gamst Sæther)

I  vedtaket blir universitetsdirektør Arne Benjaminsen beden om å koma tilbake til styremøtet 17. september med både oppdatert anskaffelssesstrategi, reviderte etiske retningslinjer for anskaffelsar ved UiO og forslag til iverksetning av anskaffelsesstrategi gjennom årleg reviderte tiltaksplanar og rapportering. Det er også med eit punkt om prinsipp som sikrar ein systematisk tilnærming til aktsemdsvurderingar for anskaffelsar/innkjøp,

Glad for vedtaket

Også representantar for Palestinacampen på UiO var til stades under møtet. Det var også støttespelarane,   professor i medisinsk etikk Jan Helge Solbakk og universitetsbibliotekar Federico Aurora på Universitetsbiblioteket. 

Talsperson for Palestinacampen på UiO Emma Lengle uttrykte stor glede over vedtaket. 

– Det er me glade for, sa ho til Uniforum rett etter at vedtaket var i boks. 

Slik blei det endelege vedtaket etter at studentrepresentant Solveig Martha Tynkkynen hadde fått gjennomslag for eit tillegg på punkt e i forslaget:


"Universitetsstyret ber universitetsdirektør komme tilbake til styremøtet 17. september med:

a. Oppdatert anskaffelsesstrategi (2024-2028).
b. Reviderte etiske retningslinjer for anskaffelser ved UiO.
c. Forslag til iverksetting av anskaffelsesstrategi gjennom årlig revidert tiltaksplaner og rapportering.
d. Prinsipper som sikrer en systematisk tilnærming til aktsomhetsvurderinger for anskaffelser.
e. Redegjørelse for hvordan aktsomhetsvurderinger for anskaffelser følges opp ved UiO, spesielt når det gjelder risiko for at leverandører begår, medvirker til, eller er direkte knyttet til brudd på grunnleggende menneskerettigheter og internasjonal humanitærrett"

 

Les meir om akademisk boikott og leverandørar:

UiO-styret delte seg, men sa nei til akademisk boikott av Israel

Akademisk boikott av Israel blir diskusjonssak i UiO-styret i mai

Professor advarer mot å gjøre UiO til politisk aktør

 Kristin Clemet opplevde seg overrumplet og satt i forlegenhet i UiO-styret

UiO-partner knyttes til Gaza-bombingen

UiO-styret ville ikkje ha akademisk boikott, men vil vurdera boikott av leverandørar

Uniforum 2014: Verdens største vaktselskap vant klagesak mot UiO

Emneord: Innkjøp, Etikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. juni 2024 16:39 - Sist endra 19. juni 2024 10:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere